Norske butikkar opplevde eit kraftig hopp i omsetning i mai. Det viser ferske tal frå SSB.
Omsetningsvolumet i detaljhandelen gjekk opp 3,2 prosent frå april til mai 2024, viser sesongjusterte tal. For perioden mars 2024 til mai 2024 var det ein auke på 1,8 prosent frå førre tremånadersperiode.
Detaljhandelen har for det meste vore stabil det siste året og trenden har vore flat. Den store auken nå i mai bidrar til eit solid oppsving, og vi må tilbake til koronapandemien for å sjå like store endringstal, skriv SSB.