Servalen Niño blir plassert i Tangen dyrepark i Innlandet

3 weeks ago 12


– Det er i orden, og han kjem til oss etter kvart, seier Erik Nielsen som er eigar av Tangen dyrepark i Innlandet til NRK.

Dette skjer etter at Tangen dyrepark i Innlandet søkte om å få omplassert dyret til deira park.

Har de fått dette stadfesta av Miljødirektoratet?

– Me har fått overføringstillating. Han er framleis i Kristiansand og kjem til oss etter kvart, seier Nielsen.

Søkte om tillating

Tangen dyrepark har over 200 dyr og rundt 30 artar.

NRK har tidlegare fått innsyn i eit dokument der veterinæren i Tangen dyrepark skriv at dei har søkt om å få ha servalen.

Der står det at dei er villige til å lage eit trygt habitat for servalen, som kan stå som eit eksempel dei kan bruke til å lære vekk at eksotiske dyr ikkje skal vere ei handelsvare. Dei skriv også at dei er ueinige i at servalen skal bli avliva.

Sjølve søknaden har NRK også fått tilgang til. Der står det at Tangen dyrepark jobbar med ein masterplan.

Målet deira er å utvikle parken «med vekt på utdanning, bevaring og å tilby ein fristad for redda dyr.» Dei har tilsett ein assisterande driftsdirektør og har begynt å samarbeide med Stichting AAP (Nederland).

– Det er i denne samanhengen me ønsker å gi eit trygt habitat for den ulovleg importerte servalen kjent som Niño, der hans behov vil bli møtt, står det i søknaden.

– Fantastisk gledeleg

Stortingsrepresentant Tor André Johnsen (Frp) og sit i justiskomiteen. Han seier han kan kallast dyrepolitisk talsperson i Frp.

Han har tatt opp serval-saka på Stortinget to gonger i haust til klima og miljøministeren, men også tidlegare. At servalen no får ein permanent heim er han glad for.

– Fornufta sigra. Det er fantastisk gledeleg. Eg har stilt spørsmål dei siste vekene på Stortinget, og har fått greie svar, seier Johnsen.

Han seier Noah har vore viktige i saka, og at dei helst ville ha servalen til Sør-Afrika. Han har alltid vore opptatt av dyrevelferd, og seier at det viktigaste for han i denne saka, er at servalen ikkje blir avliva.

– Ho som eig han kan jo besøke han no, seier Johnsen.

Det hadde vore meiningslaust å ta livet av han. Det er mange som hadde ville tatt vare på den.

– Er det viktig for det at servalen no blir plassar i Innlandet?

Det er ein ekstra morosam siger, for eg er frå Stange, og kjem til å bli ein flittig gjest der.

Var i Kristiansand

Servalen Niño blei først observert på Os i Bjørnafjorden juni 2023.

Kort tid etter blei eigaren meldt til politiet. Ho erkjente straffskuld for medverknad til innføring av servalen i strid med naturmangfaldlova.

Det har vore snakk om avliving av det ulovleg importerte afrikanske kattedyret, men dyrevernsorganisasjonen Noah har meint at det er riktig å omplassere dyret.

Serval-eigaren ville gå til sak mot staten, men har heva denne. Saka blei heva fordi serval-eigaren har avtale med Mattilsynet om at dei skal få eit varsel dersom det eksotiske kattedyret skal avlivast.

Dette dyret blei observert av ein turgåar.

Video: Steffen Ljosheim

Dyreparken i Kristiansand har til no hatt servalen Niño hos seg. Dei ville ikkje ha han permanent.

Rolf-Arne Ølberg er veterinær og dyrefagleg ansvarleg i Dyreparken i Kristiansand. Han fortalde at dei ikkje ønsker å prioritere dyr som er del av eit bevaringsprogram, og meinte servalen ikkje var eigna til dette.

– Dette er ein kastrert, tam serval, den er ikkje trua i Afrika. Viss me skulle hatt servalar, ville me hatt servalar som er vakse opp med servalar, og som kunne fått ungar.

Vil få det bra

Seksjonssjef Kjerstin Helene Kolvik Iversen i Mattilsynet har tidlegare opplyst om at dei går inn for omplassering av kattedyret.

Servaleigaren sin advokat, Roy André Håkonsen Arteid, sa då at omplassering var det einaste rette.

kattedyr i OS

Her er servalen i det fri. No skal han omplasserast.

Foto: Steffen Ljosheim

Ølberg har sagt at det ikkje er feil å omplassere servalen til ein annan dyrepark.

– For eit dyr som dette er det veldig feil å bu i ei leilegheit, sa Ølberg.

Han sa dyret vil få det fint dersom ein lagar ei innhegning som er tilpassa servalar, som er stimulerande og gir moglegheit for naturleg åtferd.

Publisert 01.11.2024, kl. 08.53 Oppdatert 01.11.2024, kl. 08.57

Read Entire Article