Servalen er i Dyre­parken i Kristian­sand: – Ikkje eit dyr me ønsker å ha på permanent basis

3 hours ago 3


– Den har det heilt fint, får godt stell og har grei plass, så alt står bra til med den, seier Rolf-Arne Ølberg som er veterinær og dyrefagleg ansvarleg i Kristiansand dyrepark.

I går vart det kjent at Mattilsynet prøver å få omplassert servalen Niño, men at det endå er usikkert om dyret blir avliva.

Dyreparken i Kristiansand har tidlegare vurdert å ta imot servalen som ei midlertidig løysing. Ølberg stadfestar at servalen er hos dei no.

– Me har vore behjelpelege med å halde servalen for Mattilsynet, slik at dei kan få ro i saka og gjere sine vurderingar. Me har sagt ja til å hjelpe til, for å sørge for at servalen skal ha det bra, medan saka held på.

Stort kattedyr av typen serval

Servalen Niño gjekk gatelangs på Os i Bjørnafjorden. Sidan då har det vore usikkert kva som skal skje med han.

Foto: STEFFEN LJOSHEIM / STEFFEN LJOSHEIM

Vil ikkje ha han permanent

Servalen Niño blei først observert på Os i Bjørnafjorden juni 2023. Dette utløyste politijakt etter dyret, og kort tid etter blei eigaren meldt til politiet.

Ho erkjente straffskuld for medverknad til innføring av servalen i strid med naturmangfaldlova. I avhøyr har ho sagt at ho fekk Niño i desember 2021, og at den er født i Russland.

Video frå då servalen først blei funnen.

Video: Steffen Ljosheim

Det har vore snakk om avliving av det ulovleg importerte afrikanske kattedyret, men dyrevernsorganisasjonen Noah har meint at det er riktig å omplassere dyret.

Etter at eigaren blei sikta og tiltalt, måtte ho i retten. Ho har lenge levd i skjul med servalen, men denne blei funnen då eigaren blei pågripen i september i år.

– Dette er ikkje eit dyr me ønsker å ha på permanent basis. Men, me har sagt oss villige til å sjå etter servalen, til ein eventuelt finn ei løysing, seier Ølberg.

Kristiansand dyrepark ønsker å prioritere dyr som er del av et bevaringsprogram, og meiner servalen ikkje er eigna til dette.

– Dette er ein kastrert, tam serval, den er ikkje trua i Afrika. Viss me skulle hatt servalar, ville me hatt servalar som er vakse opp med servalar, og som kunne fått ungar.

Har søkt om å ha servalen

I går skreiv seksjonssjef Kjerstin Helene Kolvik Iversen til NRK at Mattilsynet går inn for omplassering av kattedyret. Servaleigaren sin advokat, Roy André Håkonsen Arteid, sa då at omplassering var det einaste rette.

NRK har fått innsyn i eit dokument der veterinæren i Tangen dyrepark i Innlandet skriv at dei har søkt om å få ha servalen.

I dokumentet står det at dei er villige til å lage eit trygt habitat for servalen, som kan stå som eit eksempel dei kan bruke til å lære vekk at eksotiske dyr ikkje skal vere ei handelsvare. Dei skriv også at dei er ueinige i at servalen skal bli avliva.

Erik Nielsen, som er eigar av dyreparken, stadfestar at dei har søkt.

– Veterinæren vår har vore i kontakt med Mattilsynet. Det må sendast inn ein søknad, og det er gjort. Mattilsynet har sendt førespurnad til fleire dyreparkar, og me har svart på det.

Tangen dyrepark har over 200 dyr og rundt 30 artar. Nielsen fortel at dei er i dialog med Mattilsynet på korleis servalen skal kunne bli tatt hand om, og at veterinæren deira jobbar med dette.

– Eg har berre sagt at me er interesserte.

Han opplyser at dei gjerne ville hjelpe servalen.

– Det var snakk om at han skulle avlivast. Så det var for å sleppe å kunne avlive, om ein ikkje får til noko løysing. Men, det var også snakk om at han skulle sendast til utlandet.

Illegal handel er eit problem

Servalen er per no i karantene i Kristiansand dyrepark, og er ikkje mogleg å sjå for publikum. På sikt meiner Ølberg at det ikkje er feil å omplassere servalen til ein annan dyrepark.

– For eit dyr som dette er det veldig feil å bu i ei leilegheit. No er han nok prega av menneske og er veldig tam, men ein får ikkje lagt til rette for behova ein slik katt har i ei leilegheit. Dette er ikkje eit dyr som er eigna som kjæledyr.

Han meiner dyret vil få det fint dersom ein lagar ei innhegning som er tilpassa servalar, som er stimulerande og gir moglegheit for naturleg åtferd.

Rolf-Arne Ølberg

Rolf-Arne Ølberg er veterinær og dyrefagleg ansvarleg i Kristiansand dyrepark. Han seier at å tru at eit slikt dyr som servalen skal kunne ha det godt i ei leilegheit, ikkje er greitt, og at eigaren til servalen har gjort noko veldig gale.

Foto: Tom Nicolai Kolstad / NRK

– Det er ikkje bra det som den tidlegare eigaren har gjort. Det er uheldigvis ein del som ønsker å ha ville dyr som kjæledyr, som ikkje eignar seg som kjæledyr.

– Illegal handel med dyr er eit stort problem rundt i verda, og bidrar til at mange artar i dag er trua. Det er i tillegg eit stort problem for dei enkelte dyra som oftast får dårleg dyrevelferd.

Mattilsynet har ikkje svart NRK sin e-post onsdag, på kva som skjer med servalen.

Publisert 16.10.2024, kl. 15.19

Read Entire Article