– Personar nær livets slutt er ofte ikkje i stand til å forklare kva smerter eller plager dei har. Dette fører til feilbehandling, feil bruk av ressursar og ekstra påkjenningar for menneske som snart skal døy.
Bettina Husebø er professor og leiar for senter for alders- og sjukeheimsmedisin på Universitetet i Bergen.
Leitar etter starten på slutten
Ho leier og eit forskarteam som no er i gang med eit stort prosjekt no.
Personar med demens vert overvaka med ulike sensorar for å finne ut når døden startar.
– Eg har alltid undra, når begynner eigentleg livets slutt. Når er «the point of no return»?, seier Husebø.
– Det er vanskeleg å fastslå. Men kanskje kan me no få objektive kriterium.
Mot slutten av livet
– I dag har du 66 år bryllaupsdag!
Lisbeth Folkestad Hjortland er på besøk hjå mor si på Metodisthjemmet i Bergen.
– Har eg? Kvar er mannen min då?
– Han er død no. Han ventar på deg.
Somme gonger har mora til Lisbeth lyst til å ta på seg vengjer og fly dit mannen er, seier ho.
Men dei fleste får ein langt tyngre veg til den andre sida.
Difor var familien ikkje i tvil om at ho skulle delta på forskingsprosjektet.
– Eg kjenner jo at eg er uroa for at eg skal få demens sjølv. At eg ikkje skal kunne gje beskjed om kva eg treng når den tida kjem for meg, seier Lisbeth.
– Dette prosjektet trur eg kan vere til hjelp for meg, og for mange andre.
Klokker og radar
Mor til Lisbeth har ei klokke rundt handleddet.
Sjølv forstår ho ikkje heilt kva den gjer, men det gjer Kamilla Haugland-Pruitt. Ho er forskar, postdoktor og ansvarleg for datainnsamlinga.
Klokka måler mellom anna puls og oksygenmetting. Den gjer at forskarane kan prøve å finne ut når brukarane har smerter.
På rommet har mor til Lisbeth og ein radarinstallasjon. Den måler puls og søvnmønster.
Ho er ein av 450 menneske med demens som skal monitorerast. Forskarane prøver no å rekruttere sjukeheimar og pasientar som er villige til å delta.
Til slutt voner forskarane at dei vil kunne lese av på grafer når kroppen er i ferd med å stenge ned.
– Håpet er at dette vil kunne gjere det tryggare for alle eldre, seier Haugland-Pruitt.
– Eg har sjølv opplevd slutten av livet for ein med demens i min familie. Eg veit kor vanskeleg det var å vite kva hjelp han hadde behov for.
Midler frå EU
Å vite når nokon er i ferd med å døy, er vanskeleg for dei som jobbar der dei fleste dødsfall i Noreg skjer; på sjukeheimane.
Styrar på Metodisthjemmet, Karianne Magnussen, seier dei har blitt gode til å tolke teikna hjå bebuarane.
– Men det vert jo berre tolkingar. Det hadde vore eit viktig hjelpemiddel å ha objektive målingar.
Forskingsprosjektet styrt av UiB er det første av sitt slag. Det meste av det er finansiert av EU-middel. Og Universitetet i Bergen og Helse Vest er bidragsytarar.
Professor Bettina Husebø meiner det dei finn ut den komande tida vil kunne vere viktig for menneske verda over.
– Får vi dette til vil det ha store overføringsverdi for andre pasientgrupper, som til dømes kreftpasientar.
Husebø seier forskinga kan vekke oppsikt over fagmiljø verda over.
Kanskje vil klokka på armen til Lisbeth si mor gje eit svar på når eit menneske møter slutten, og kva som skjer då.
Publisert 25.11.2024, kl. 22.38