Såra palestinar bunde på militærjeep – var ikkje ein trugsel

4 months ago 56


Dette bildet er tatt av dashbordkameraet til en ambulanse, viser Mujahid Abadi, som blør fra skuddskader på toppen av en israelsk militærjeep i byen Jenin på Vestbredden.

Abadi enda opp på panseret til ein israelsk militærjeep i byen Jenin på Vestbredden. Bildet tatt av dashbordkameraet til ein palestinsk ambulanse.

Foto: Ibn Sina Emergency Center / AP

Videoen av ein blodig mann som er festa til panseret på ein jeep har gått verda rundt.

Den såra mannen er 24 år gamle Mujahid Abadi.

Han er frå Jenin på Vestbreidda.

No fortel han korleis han laurdag 22. juni, enda opp på panseret til det israelske militæret (IDF).

– Eg gjekk ut for å sjå kva som skjedde, og såg mot huset til naboen, der så eg hæren, fortel Abadi til nyheitsbyrået AP.

Dette bildet er tatt av dashbordkameraet til en ambulanse, viser Mujahid Abadi, som blør fra skuddskader på toppen av en israelsk militærjeep i byen Jenin på Vestbredden.

Abadi enda opp på panseret til ein israelsk militærjeep i byen Jenin på Vestbredden. Bildet tatt av dashbordkameraet til ein palestinsk ambulanse.

Foto: Ibn Sina Emergency Center / AP

Då han prøvde å gå tilbake til huset, skot soldatane mot han, fortel han vidare.

Abadi vart skote i armen og foten. Han gøymde seg bak bilen til familien.

Nokre timar seinare fann soldatane han. Abadi seier han vart slått i hovudet, ansiktet og områda han hadde blitt skoten.

Deretter drog soldatane han etter beina og kasta han på panseret, før dei batt han.

– Eg skreik på grunn av heten.

Soldatane kjefta og bad meg om å vere stille.

Utgjorde ikkje ein trugsel

IDF har sagt at dei batt han til panseret for å frakte han til ambulansepersonell.

Det avviser Raude Halvmåne.

Nebal Farsakh, ein talsperson for redningstenesta, seier at IDF hadde sperra av område og hindra at ambulansepersonell til å ta seg av såra i minst ein time.

Nyheitsbyrået AP har videoopptak som viser at jeepen Abadi var bunde til, køyrde forbi minst to ambulansar utan at IDF stoppa.

IDF sa at Abadi var ein mistenkt militant. Seinare har dei gått tilbake på denne påstanden.

Abadi forteller om hendelsen der han ble slått blodig, skutt og senere befant han seg fastspent til det brennende varme panseret til en israelsk militærjeep.

Abadi vart fyrst sagt å vere ein militant, men no seier IDF at han ikkje utgjorde ein trugsel.

Foto: Maya Alleruzzo / AP

Dei seier at han ikkje hadde utgjort nokon trugsel mot israelske styrkar, og vart fanga i krysseld mellom dei og militante.

Dei israelske styrkane skal no etterforske hendinga, og seier at ho ikkje speglar deira verdiar.

Palestinarar ser på det som enda ei brutal handling på den okkuperte Vestbreidda, der valden har auka sidan Hamas' terroråtak 7. oktober utløyste krigen i Gaza.

Overlevde angrepet

No ligg Abadi på sjukehus med skot- og brannskadar.

Faren Raed Abadi, var bekymra for at sonen skulle døy.

Sonen hadde ringd han etter at han vart skoten og fortald at han ikkje kunne bevege seg.

– Eg sa at han skulle prøve å ikkje miste bevisstheita og fortsette å snakke til meg, seier faren.

Raed Abadi, til venstre, pleier sønnen sin, Mujahid Abadi, 24, mens han kommer seg etter skuddskader og brannskader ved Ibn Sina Specialized Hospital på Vestbredden.

Faren Raed er med sonen på sjukehuset. Der vert han behandla for brann- og skotskadar.

Foto: Maya Alleruzzo / AP

Samtalen vart etter kvart broten.

Då faren las på sosiale medium at ein palestinar vart skoten og drepen etter ein aksjon, vart han fortvila.

– Eg braut saman, for eg var 90 prosent sikker på at det var min son, seier han.

Meldingane om sonens død viste seg å vere falske.

Bruk av menneske som skjold

FN har fordømt behandlinga av Abadi, og kalla det for openberre brot på internasjonal menneskerettslov.

USA har kalla videoen for sjokkerande.

– Sivile bør aldri brukast som menneskelege skjold. IDF bør raskt undersøke kva som skjedde og halde folk ansvarlege, sa han med tilvising til det israelske militæret, uttala Matthew Miller, ein talsperson for utanriksdepartementet til AP.

Å bruke sivile som menneskelege skjold er eit argument som ofte vert brukt av Israel, som skuldar Hamas for å bruke sivile palestinarar på tettbygde Gaza som menneskelege skjold.

Ifølgje den israelske menneskerettsorganisasjonen B'tselem, har Israel sjølv ein lang praksis med å bruke palestinarar som menneskelege skjold.

I 2005 beordra Høgsterett i Israel militæret til å slutte å bruke palestinarar som menneskelege skjold.

Likevel vert «praksisen» heldt fram av IDF, ifølgje menneskerettsgrupper.

Situasjonen på den okkuperte Vestbreidda er kritisk, ifølgje FN som seier at 500 palestinarar vorte drepne sidan terroråtaket 7. oktober.

Interessert i meir innhald frå NRKs utanriksredaksjon? Lytt til denne:

Publisert 27.06.2024, kl. 12.16

Read Entire Article