– Det blir for dumt å dra til eit OL og utøve ein heilt annan idrett enn det du kom for, seier triatlet Lotte Miller.
«Alarmerande bakteriemengder».
Slik konkluderte miljøorganisasjonen Surfers Fundation etter å ha gjort jamlege målingar i elva Seinen.
Det utløyste skandaleoverskrifter over heile verda.
Snart skal hundrevis av utøvarar forsøke å svømme der under OL i Paris.
Sjefen for OL i Paris, Tony Estanguet, kan ikkje utelukke at triatlon må avlyse svømminga dersom bakterienivået er for høgt under OL. Spesielt ved store nedbørsmengder kan vasskvaliteten bli eit problem.
Det betyr i så fall at triatlon berre vil bestå av sykling og løping for første gang i OL-historia.
– Det hadde vore ein skandale, seier triatlet Solveig Løvseth.
Samtidig påpeikar Estanguet at triatlon er plassert tidleg i OL. Dei individuelle øvingane blir arrangert 30. (menn) og 31. (kvinner) juli, mens blanda stafett står på programmet 5. august. OL varer fram til 11. august.
– Vi kan utsette viss det blir regn. Sidan det er lagt til begynninga av OL, så kan vi vente til forholda blir betre. Så vi er trygge på at det vil bli mogleg å bruke Seinen, seier Estanguet til The Guardian.
Kritisk til endring
Over 15 milliardar kroner er brukt på å gjere Seinen rein nok til ulike svømmekonkurransar i OL.
I fjor blei enkelte prøvekonkurransar avlyst fordi elva var for skitten.
Problemet har vore store mengder av dei sjukdomsframkallande bakteriane E.coli og enterokokkar.
Bakteriane kan gje diaré, feber og svekka allmenntilstand.
Store mengder regn gir store mengder avfall ut i Seinen, som aukar bakteriemengda.
Triatleten Lotte Miller meiner det ikkje er eit alternativ å avlysa svømmedelen av triatlonkonkurransen dersom elva er for skitten.
– Om vasskvaliteten er så dårleg at dei ikkje kan ha det i Paris sentrum, håpar eg dei flyttar oss utanfor byen, seier Miller.
Ho forstår ikkje at arrangøren i det heile tatt opnar for ei redusert konkurranseform.
– Det gir ingen meining, seier Miller.
Førebudd på det verste
Også sportssjef Arild Tveiten meiner at eit OL-gull i triatlon med berre sykling og løping, er eit mindre verdifullt OL-gull.
– Eit OL-gull er eit OL-gull, men det er kulare med gull i triatlon enn duatlon.
Sportssjef Arild Tveiten seier landslaget må førebu seg på alt.
– Vi er førebudd på det beste, men også på det verste. Blir det duatlon veit vi korleis vi skal angripe det sjølv om det blir annleis, seier han.
Noreg har den regjerande olympiske meisteren på herresida i triatlon. I Tokyo-OL tok Kristian Blummenfelt gull. Om to månader skal han forsvare det.
Å gjere elva rein til slike konkurransar har vore eit prestisjeprosjekt i Frankrike.
Både statsminister Emmanuel Macron og Paris-borgarmeister Anne Hidalgo har sagt dei sjølv skal svømme i Seinen før OL.
Hidalgo meiner at situasjonen ikkje er bekmørk.
– I meir enn ti år har vi sett ei markant forbetring i vasskvaliteten i Seinen. Fisk og dyreliv er tilbake, seier borgarmeister Hidalgo, ifølgje AFP.
Publisert 29.05.2024, kl. 17.17