Den britiske TV-profilen Michael Mosley er funnen død på den greske ferieøya Symi, skriv nyheitsbyrået Reuters.
Det er varaordføraren på øya som stadfestar at den døde er Mosley.
Kroppen skal ha blitt funne inne i ei grotte, ifølge gresk politi.
Mosley har vore sakna i fleire dagar, etter at han ikkje kom tilbake frå ein tur. Mosley er ein kjent lege og TV-personlegdom i Storbritannia.