Regjeringa vil døypa «helseføretak» om til «sjukehus»: – Latterleg og forferdeleg dyrt

4 months ago 39


Smak litt på dette namnet: «Helse Fonna helseføretak Haugesund sjukehus».

Før 2002 heitte det berre Haugesund sjukehus.

Men det året vart ansvaret for alle sjukehusa flytta frå fylkeskommunane til staten. Spesialisthelsetenestene vart organiserte som helseføretak.

I same slengen vart tradisjonelle sjukehusnamn formelt endra – eller rettare sagt utvida til ganske byråkratiske namn.

Men tysdag vart regjeringa og Sosialistisk Venstreparti (SV) einige om eit namneskifte for helseføretak og sjukehus i Noreg.

Målet med namneskiftet er at namna skal bli meir forståelege for folk flest.

Dette er ein del av regjeringa sitt forslag til nasjonal helse- og samhandlingsplan, skriv BT.

Ser ikkje poenget

Regjeringen foreslår at helseføretak som driv pasientbehandling frå no av skal heite sjukehus. Og dei regionale helseføretaka blir døypte om til «helseregionar».

Trond Blindheim ved Institutt for markedsføring ser rett og slett ikkje poenget eller nytteverdien.

– Ja, dette har vel heile det norske folket gått og venta på, seier han sarkastisk.

Eksperten på merkevarebygging og omdømme meiner at ei omdøyping i helsevesenet er å kaste pengar ut vindauget.

– Ei slik namneendring er latterleg og forferdeleg dyrt. Særlig når det er staten, vil folk tenke at dette er å tulle med skattepengane deira, seier han.

Sjølv om reklameguruen meiner «rebranding» av helsevesenet er meiningslaus ressursbruk, støttar han at dei tar dei gamle, innarbeidde sjukehusnamna tilbake.

– Dei har vel erkjent at folk etter 22 år framleis ikkje brukar dei papirknitrande byråkratiske namna.

Trond Blindheim

Trond Blindheim har lite sans for at staten skal bruke pengar på å endre namna på helseføretaka.

Foto: Markedshøyskolen

Kva kostar det?

Helse- og sosialdepartementet kan ikkje svare på kva namneendringane vil koste for helseføretaka samla sett.

– Vi har ikkje gjort konkrete berekningar av dette. Både priskalkylar og den praktiske gjennomføringa må gjerast av regionane og sjukehusa deira, svarer statssekretær Karl Kristian Bekeng (Ap).

Men departementet vil legge til rette for at kostnadane blir lågast mogleg, «utan omfattande økonomiske og administrative konsekvensar».

– Og i mange samanhengar blir allereie ordet «sjukehus» brukt i skilt og liknande, legg Bekeng til.

Departementet har heller ikkje opplysningar om kva namneendringane kosta då staten overtok sjukehusa i 2002.

Andre namneendringar i statleg regi har derimot blitt talfesta. Til dømes kosta det 37,5 millionar kroner då Jernbaneverket vart omdøypt til BaneNor, og 246 millionar kroner då NSB vart til Vy.

Prioritere skilt framfor pasientar?

Direktør Arve Varden i Helse Førde er kritisk til at det skal brukast pengar på å skifte namn.

– Det vil vere krevjande å bruke pengar på skiltendringar rundt omkring, dersom vi må prioritere ned meir presserande ting knytte til pasientbehandlinga, seier han.

I Høyanger la Helse Førde i vinter ned den psykiatriske klinikken i Tronvik. Ordførar Petter Sortland (Ap) meiner det er ein dårleg idé med namneendring i ei tid der sjukehusa slit med økonomien.

– Det er veldig spesielt viss det skal brukast penger på dette i staden for på pasientbehandling. Eg høyrer svært få som klagar på føretaksnamna. Du skal nå vere rimeleg «nedsnødd» hvis du ikke skjønar kva sjukehus du skal på.

Tronvik-markering utanfor sjukehuset

Folk kjempa tidlegare i år mot nedlegging av klinikken i Høyanger, utan å nå fram med kravet.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK

– Viss dette blir tredd ned over hovudet på helseføretaka frå sentralt hald, så får jammen dei som finn på slikt betale det kostar, meiner ordføraren.

Direktøren i Helse Førde seier utgifter til namneendring må bli prioritert på lik linje med andre tiltak.

– Dersom dette blir ei bestilling, må vi sjølvsagt gjere det. Når det er sagt, så har vi gjennomført kutt og står overfor omstillingar framover, seier han.

Vil bli «sjukehusdirektør» igjen

Direktøren i Helse Bergen, Eivind Hansen, er derimot godt nøgd med å heller få tittelen direktør ved Haukeland universitetssjukehus.

– Dette er fint. For vi kjenner oss best igjen som «sjukehus», ikkje som «føretak».

– Kvifor er det viktig?

– Vi blir styrkte på identiteten vår, sjølvforståinga og omdømmet vårt i befolkninga.

Eivind Hansen

Eivind Hansen vil heller ha tittelen «sjukehusdirektør» enn «føretaksdirektør». Han meiner det kostar lite å døypa Helse Bergen om til Haukeland universitetssjukehus.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Han understrekar at det viktigaste er å behandle pasientar og utdanne helsepersonell.

– Men det er også fint at vi tar inn igjen det namnet vi er mest kjende for på Vestlandet, i Noreg og ute i verda. Vi er faktisk sjukehus.

Dei andre delane av Helse Bergen skal behalde namna sine, til dømes Sandviken sjukehus og Voss sjukehus.

– Men til dømes «Haukeland universitetssjukehus, avdeling Voss sjukehus» er heller ikkje eit veldig catchy namn?

– Det tenker eg går heilt fint. Alle desse sjukehusa og sentra har tilhøyrd Helse Bergen og undertittelen Haukeland universitetssjukehus gjennom alle desse åra.

– Ein billig penge

Hansen avviser at namneendringa blir dyr.

– Dette skal vi gjere for ein billig penge. Vi skal sakte, men sikkert ta vekk skilt som eventuelt måtte forvirre, slik at kostnadane ikkje blir for høge.

Heller ikkje han vil ikkje gi nokon priskalkyle:

– Det er ingen grunn til å prøve å sette kroneverdi på denne endringa. Men kostnaden blir svært låg, forsikrar han.

Voss sjukehus

På Voss heiter sjukehuset det det alltid har blitt kalla, trass i helseføretak-reforma for 22 år sidan. Så her vil regjeringa sitt forslag ikkje krevje pengar til nytt skilt.

Foto: Mariann Reikerås / NRK

Publisert 03.06.2024, kl. 18.46

Read Entire Article