Ein redningsaksjon er i gang på fjellet Store Skagastølstind i Luster, der to klatrarar har kome ut av stien.
Dei er på om lag 2200 meter høgd. Det skal vere to utanlandske turistar, ein mann og ei kvinne.
Politiet fekk melding frå turgåarane ved midnatt og dei skal ha hatt dialog med dei gjennom natta.
Alpin redningsgruppe er på veg til staden til fots, då det ikkje er mogleg å flyge dei ut på grunn av verforholda.
Redningshelikopter har frakta tre medlemmar av redningsgruppa nærmare området.
– Dei har meldt at dei har med seg tilstrekkeleg utstyr og klede. Dei er uskadde, men våte og kalde, seier operasjonsleiar Tore-Andre Brakstad.
For berre to veker sidan vart ein liknande redningsaksjon gjennomført på same fjell, der to turgåarar vart redda ned etter ein omfattande redningsaksjon som varte i over 12 timar.