PST: Større sikkerheitstrussel mot massiv energimesse

3 months ago 33


Over 60.000 menneske og 94 land.

Måndag startar ONS 2024 i Stavanger.

Her samlast dei største aktørane innan olje, gass og annan energi i verda. ONS blir arrangert annakvart år.

Men i år er det noko som er annleis.

Droppar utstilling av undervassdrone

– Vi har valt å ikkje stille ut den autonome undervassdronen vår i år.

Elin Melberg er leiar i Offshore Project Group i Oceaneering.

Av sikkerheitsmessige grunnar ønsker dei ikkje å vise fram undervassdronen som dei viste fram på same messe i 2022.

– Vi ønsker ikkje å ha den her fysisk, seier Melberg.

ONS etterretning

Elin Melberg i Oceaneering seier dei ikkje ønsker å stille ut undervassdronen deira.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Meir kritisk nå

Ifølge leiar for PST i Sør-Vest politidistrikt, Stig Ledaal, så kan det vere menneske som er knytt til utanlandsk etterretning på messa.

– ONS er midt i målområdet for enkelte land sine etterretningstenester. Det er større trussel nå enn før.

Ledaal nemner spesielt Russland, Kina og Iran som dei største etterretningstruslane.

Stig Ledaal, leder av PST i Sør-Vest

Leiar av Politiets tryggingsteneste (PST) Sør-Vest, Stig Ledaal. Han seier PST vil vere tilgjengeleg for publikum under messa.

Foto: Erik Waage / ¨NRK

PST ber utstillarar og andre til stades på ONS om å ha ein låg terskel for å rapportere dersom det oppstår mistenkelege hendingar.

– Gitt den sikkerheitspolitiske situasjonen og Noreg sin rolle som energileverandør til Europa, så er fokuset frå framandland enda større nå enn før.

Ledaal seier at russisk og anna etterretning kan bruke kven som helst på oppdrag i andre land.

Russiske selskap er ikkje til stades på ONS på grunn av krigføringa med Ukraina. Men Kina er under ONS i år den nest største utstillaren som nasjon.

– Vi har alltid hatt mange kinesiske utstillarar. Vi ser ikkje i utgangspunktet noko alvorleg på det, men vi har eit årvake auge, seier leiar for ONS, Leif Johan Sevland.

ONS etterretning

Sjef for ONS, Leif Johan Sevland.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Godt kjent med trusselen

Sevland seier dei er godt kjente med trusselen frå utanlandsk etterretning.

– Vi har bevisstgjort alle som skal vere her om korleis vi deler informasjon og korleis vi kommuniserer med andre. seier han.

Sevland påpeikar at offshoreindustrien er avansert og derfor eit mål for spionasje.

– Det er ting som ein drivar med offshore som er interessant militært. Denne gongen er det andre truslar enn det var for to år sidan.

En god time før åpningen av ONS mandag, var det store politistyrker på plass ved messeområdet.

En god time før åpningen av ONS mandag, var det store politistyrker på plass ved messeområdet.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK.

Luftfartstilsynet har også gitt droneforbod i området rundt messa under ONS.

Publisert 26.08.2024, kl. 13.38

Read Entire Article