Opptøyane i England held fram

3 months ago 20


Laurdag melder lokalt politi om nye opptøyar og samanstøytar i fleire byar i Storbritannia.

Politiet melder at det er høgreekstreme og antirasistar som har gått mot kvarandre.

Etter barnedrapa i Southport tidlegare denne veka, har det vore stor uro over heile landet.

Det har vore stor uro over heile Storbritannia etter at tre barn vart drepne og fleire skadde etter eit knivåtak.

Fleire tenestemenn er skadde medan dei handterte samanstøytane.

Høgreekstreme mot antirasistar

Politiet i Liverpool meldte om tenestefolk som vart skadd under laurdagens opptøyar og motdemonstrasjonar. Ein tenestemann vart treft i hovudet av ein stol som vart kasta av demonstrantane.

Ungdommar som hadde dekka til ansiktet, kasta murstein på bilar og tenestemenn. Frontruta på ein politibil vart øydelagt som eit resultat av dette.

Protest i Manchester

Politiet arresterer ein mann som deltok på anti-immigrasjonsdemonstrasjon i Manchester.

Foto: Manon Cruz / Reuters

I Nottingham braut det ut slagsmål mellom ulike grupper.

I byen Hull, samla demonstrantar seg framfor på eit hotell som tidlegare vart brukt til å huse asylsøkjarar. Dei kasta gjenstandar medan dei rope «få dei ut». Eit vindauge vart øydelagt.

Motdemonstrantane i Manchester.

Foto: Reuters

Opptøyane ber preg av slagord som maner til eit Storbritannia fritt for asylsøkjarar og migrantar.

Det er meldt om liknande hendingar i dei andre byane. Politiet seier dei har arrestert fleire personar.

Fordømmer valden

Statsministeren i Storbritannia Keir Starmer, seier at det finst inga unnskyldning for gatevald under protestane i landet den siste tida.

– Regjeringa støttar politiet i at dei kan bruke alle naudsynte verkemiddel for å halde gatene våre trygge, sa Starmer.

Mann med briller og grått hår. Har på seg dress.

Starmer fordømmer valden

Foto: Reuters

Hilary Benn, minister for Nord-Irland skriv på X at «hat har ingen plass i vårt samfunn. Eg prisar tenestemennene i PSNI for alt dei har gjort for å halde folk trygge».

Fleire politikarar har fordømt valden som har utspelt seg i Storbritannia.

Det er venta opptøyar òg på sundag, melder fleire britiske medium.

Ekstra politi vil framleis vere utplassert i beredskap ut helga, seier ein politikjelde The Guardian har snakka med.

Publisert 03.08.2024, kl. 21.26 Oppdatert 03.08.2024, kl. 23.08

Read Entire Article