Opposisjonspolitikar: Fleire politiske fangar lauslatne i Belarus

4 months ago 22


Tikhanovskaja er opposisjonspolitikar i Belarus, og sterkt kritisk til det sitjande regimet.

– Eg er glad for å sjå desse menneska frie og gjenforeina med sine kjære. Men mange er framleis på listene til humanitære organisasjonar, seier ho vidare.

Tikhanovskaja seier ikkje kven eller kor mange det gjeld, men krev at styresmaktene slepper fri fleire.

Beskjeden kjem ein dag etter at president Alexander Lukasjenko sa han vil gi amnesti til nokre politiske fangar med alvorlege helseproblem.

Belarus Independence Day

Fredag feirar presidenten den belarusiske nasjonaldagen i Minsk.

Foto: AP

– Ikkje bli overraska dersom ekstremt sjuke folk, slik massemedium skildrar dei, blir slopne fri frå fengsela i løpet av dei neste dagane, sa Lukasjenko tysdag ifølge det statlege nyheitsbyrået BeITA.

– Dette er verkeleg folk med alvorlege sjukdommar. For det meste med kreft. Vi behandlar alle på ein menneskeleg måte.

Skjer dagen etter FN-krav

FN sin høgkommisær for menneskerettar bad også på tysdag om at Belarus sleppte fri «alle eldre personar som er fengsla på politisk grunnlag».

FN har fått ei liste på 63 personar som er eldre enn 60 år, som er fengsla for «verkeleg eller mistenkt opposisjon», heiter det i utsegna.

– Fleire av fangane lid med sjukdommar som er kroniske, akutte eller alvorlege, og nokre er personar med funksjonsnedsettingar. Det blir meldt at tre over 60 er haldne i isolasjon.

Ales Bjaljatski

Ein av dei som er fengsla i Belarus er nobelprisvinnaren Aljes Bjaljatski. Han er 61 år gammal.

Foto: VITALY PIVOVARCHIK / AFP

Nokre av desse eldre personane er merkte av belarusiske styresmakter som ekstremistar eller terroristar, skriv høgkommissæren vidare.

– Desse listene er verdskjente for å inkludere medlemmer av den politiske opposisjonen og menneskerettsforkjemparar.

20. juni innførte belarusiske styresmakter ei lovendring som føreslo at fangar i pensjonsalder skulle få amnesti.

Amnestiet gjaldt ikkje dei som er dømde for følgande brot:

  • Alvorleg forstyrring av offentleg orden
  • Handlingar med målet å svekke den nasjonale tryggleiken
  • Forming eller deltaking i ei ekstremistisk forsamling
  • Injuriar mot presidenten
  • Svekking av ryktet til Belarus som nasjon

Publisert 03.07.2024, kl. 14.50

Read Entire Article