– Eg synst det er litt løye for det verka som det er litt tabu. For når du tek ein naseoperasjon så er jo det første folk lure på er; har du vore i Tyrkia?, ler Bayern München-proff Tuva Hansen.
Men det er langt frå skjønnheita som er bakgrunnen for at Tysklands-proffen frå Bryne har brukt 14 dagar av sommarferien på å legge seg under kniven.
– Eg har alltid slite med mykje biholeinfeksjon. Eg må alltid gå på antibiotika om eg blir litt forkjølt, fordi eg får alltid biholeinfeksjon etterpå.
26-åringen gjorde eit mindre inngrep mot problemet alt då ho var 18 år. Men det hjelpte lite. Under covid, då fotballproffen til liks med alle andre måtte teste seg, oppdaga legen at ikkje alt var som det skulle.
– Eg hadde ikkje plass til at lufta skulle kome gjennom, så vi tok eit par testar og så vart eg sendt vidare til øre-nase-hals-lege.
Pusta normalt for første gong
Og når fotballferien i år kom, bar det rett til operasjonsbordet på ein lenge planlagt operasjon av nasen. Rhinoplastikk er ofte brukt for å rette opp skeive nase eller for dei som vil endre på utsende sitt. For Hansen handla det om å opne opp luftvegane.
– Operasjonen var grei og eg hadde ikkje smerte dei to første dagane. Men på dag tre og fire så var biholene heilt, ja. Det var så sprengt inni der og eg hadde mykje hovudverk.
Ho måtte difor ta ut dei to store splintane som var inni nasen to dagar før tida. Då losna biholene for fult og tårene trilla.
– Og det var heilt ekstremt, for då fekk eg puste heilt normalt for første gong i livet mitt. Det er nesten så du blir høg på det. Det var ei heilt rar kjensle.
Den norske forsvarsspelaren har framleis eit plaster over nasen, men skal vere speleklar når landslaget samlast på søndag. I og med at nasebeinet ikkje er operert skal ho kunne spele utan maske.
Sjølv om ho har brukt store delar av ferien på denne operasjonen meiner ho det har vore verdt det.
– Går på lykkerus
Tidlegare har flyturar vore eit mareritt for Hansen. Dei tette biholene har nemleg gitt store smerter på grunn av trykket i kabinen.
– På flyturen heim, så tek eg meg sjølv i å sitte og smile heilt ut av det blå. Folk som ser meg må jo tru at eg heilt sånn.... Ja, kva er det du held på med? Det var ei skikkeleg merkeleg kjensle. Eg føler jo at eg går på lykkerus, altså. Eg er så overlykkeleg at det halve kunne vore nok.
Til no har Hansen kompensert med å puste med munnen. Ho er likevel spent på korleis det blir å spele fotball att med frie luftvegar gjennom nasen.
– Eg veit ikkje om det berre er placebo, men eg kjenner berre når eg jogga at eg føler meg lett i kroppen. Eg blir ikkje så kokt i hovudet når det er varmt ute, så eg er spent om det har noko å sei. Eg har jo hatt fri i to veker no, så eg er i overraskande bra form.
Høgare risiko for skadar
Operasjonen vart gjennomført på eit sjukehus i Tyskland i regi av klubben hennar Bayern München. I Noreg hadde ho fått beskjed om at ein andre operasjon ikkje var lurt, men i Tyskland gjekk det heilt fint.
I tillegg passe det bra med at det ikkje er meisterskap denne sommaren.
– Så då hadde eg faktisk tid å bruke. Det var vel to veker av ferien min eg brukte på dette. Men det var det verdt.
Håvard Løseth er spesialist på klinikken Bogstadveien øre-nase-hals
– Så lenge ho har ein god indikasjon for å gjere nasekirurgi på funksjonelt grunnlag så kan det vere fornuftig, og ikkje noko problem.
Han understrekar at det kan vere dumt å gjennomføre ein slik operasjon, medan ein framleis er aktiv utøvar.
– Om det oppstår nye skader, toler nasen mindre og det er høgare risiko for nye skader, fortel Løseth til NRK.
Og for dei som lurte – sjølv om dette var ein naseoperasjon – nytta ikkje 26-åringen operasjonen til å endre på sjølve nasen si.
– Nei, for det første hadde det kosta for mykje pengar og for det andre så var eg veldig nøgd med nasen mi i utgangspunktet. Så det var ein av dei første tinga eg spurte om – om dette ville endre fjeset mitt. Det er jo greitt å vite før du skal under operasjon.
Publisert 26.06.2024, kl. 07.10