Oppgraderte tunnel for 235 millionar – no er han for låg

2 hours ago 4


På fylkesveg 55 i Vestland, langs nordsida av Sognefjorden, ligg Høyangertunnelen.

Heile 7,6 kilometer lang og 4,4 meter høg, ifølgje skiltet på utsida.

Men tunnelen er ikkje 4,4 meter høg overalt. Det har fleire trailersjåførar dyrkjøpt fått erfara.

No, åtte år etter at tunnelen vart oppgradert for 235 millionar, ser Vestland fylke seg nøydde til å gjere noko.

Skadar i titusen kroner-klassen

– Tunnelen er blitt veldig bra, men det står igjen eitt punkt på Høyanger-sida som ikkje er høgt nok, seier Per Andreas Øren.

Som dagleg leiar i transportfirmaet Per A. Øren AS, med hovudbase like ved Høyangertunnelen, har han god kjennskap til problemet. Fleire av vogntoga hans har tatt borti punktet.

– Det har me opplevd nokre gonger opp gjennom åra. Det er lett for at det kan bli store skadar, som ligg i fleire titusenkronersklassen å fikse opp igjen.

Nøyaktig kor lågt punktet er veit han ikkje.

Men han er sikker på at det er lågare enn 4,2 meter. Det er nemleg høgda på vogntoga deira.

Punktet ligg litt til sida, slik at ein tar borti om ein følger vegmerkinga.

Det er dårleg nytt for trafikktryggleiken i ein smal tunnel som Høyangertunnelen, meiner Øren.

– Me som er kjende med problemet er jo forsiktige når me kjem ut av tunnelen, men viss det kjem ukjente her i 80 kilometer i timen og treff på ein annan stor ein, då er det ikkje plass til dei begge.

Ei stripe med kvitt og grønt på tunnellveggen viser kvar ein trailer har kome borti.

Stripene langs tunnelveggen i Høyangertunnelen fortel sitt klare språk om nærkontakt med vogntog. I denne svingen stikk den skrånande tunnelveggen for mykje ut i vegbanen.

Foto: Lars Jonas Pedersen

Skilta med 4,4 meter – 4,2 er det nye målet

Øren seier dei har vente lenge på at noko skal gjerast med tunnelhøgda.

– Det har vore gitt beskjed om i ulike samanhengar i fleire år. Tunnelen vart rehabilitert i 2016, så det er gale at ein skal måtte gå på igjen. Men det er ikkje så store område, og betyr såpass mykje, seier han.

Høyangertunnelen, fv 55. Høgdeskilt på 4,4 meter ved innløpet på Høyangers-ida.

Framleis heng skiltet som varslar lastebilsjåførar at her kan ein vere 4,4 meter høg. Men kjem ein med så høg bil og held sida si, går det gale. Skiltet skal endrast til 4,2 meter,

Foto: Lars Jonas Pedersen

Kanskje er ventetida over snart. Vestland fylke har høyrd dei.

– Dette er veldig alvorleg. Det er ikkje slik det skal vere. Her er me nøydde til å gjere tiltak, seier direktør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune, Dina Lefdal.

– Me har fått spørsmål frå lastebilbransjen om å sjekke høgda i Høyangertunnelen. Me har gjennomført kontrollmålingar i eit par omgangar, og det viser seg at han er lågare enn det han skal vere.

Kor mykje lågare?

– Den er skilta med 4,4 meters høgde, og me prøver å gjere tiltak for å få han opp på 4,2, seier ho.

– Når eg seier at me må gjere tiltak for å få den til 4,2 i staden for 4,4, så skjønner ein at her er det vesentleg lågare enn det han skal vere.

Kong Olav opnar Høyangertunnelen

Kong Olav fekk æra av å opne Høyangertunnelen, som då va Noregs lengste tunnel, i 1982. Korleis tunnelen plutseleg er blitt for låg er det ingen som veit.

Foto: Gerhard Haugland / Sogn Avis

Veit ikkje korleis tunnelen vart for låg

Tunnelen vart oppgradert for 235 millionar i 2016, og skulle då vere 4,4 meter høg.

Kvifor han no er for låg, veit dei ikkje.

– Me leitar etter årsak, men er like opptatt av kva tiltak me skal gjere for å få gjort noko med det, seier Lefdal.

Nøyaktig kva tiltak det blir har dei ikkje landa på.

– Me ser for oss at me kanskje må sage litt i fjellet, og kanskje flytte kvitstripa noko, utan at me dermed gjer vegen for smal.

Arve Helle (Ap) som leiar hovudutval for samferdsle i Vestland seier dei no jobbar med å nøste opp kvifor meldingane om at tunnelen var farleg ikkje har nådd fram til vegadministrasjonen og blitt tatt tak i. Han seier dei no vil sjå på tiltak.

– Det må skje raskt. Dette er uheldig, fastslår Helle.

Publisert 19.10.2024, kl. 20.57

Read Entire Article