Omfattande leite­aksjon etter nordmann på tur i Bolivia

1 week ago 10


Mannskap frå redningstenesta i Bolivia deltek i leitinga etter mannen som har vore sakna i fleire dagar.

Mannen er på tur aleine i nasjonalparken Sajama som ligg i dei sentrale delane av Andesfjella.

Leitar til fots

Ifølgje ein talsperson frå den nasjonale redningstenesta skal nordmannen ha blitt observert då han la ut på tur mellom 6. og 9. september.

Nokre dagar seinare sette lokale folk i gang ein leiteaksjon, utan resultat. Først 19. september blei den nasjonale redningstenesta varsla og kalla ut.

Leiteaksjonen går føre seg til fots og det har blitt leita både dag og natt.

– Det er svært kaldt i terrenget. Det er stormar, kulde og vind.

Det fortel redningsleiaren i ein video frå ein pressekonferanse som blei halden fredag kveld norsk tid.

Redningsmannskap i Bolivia

Det har vore svært krevjande forhold under leiteaksjonen.

Foto: Socorro Andino Boliviano

Omfattande leiteaksjon

Der kjem det også fram at dei ikkje har hatt helikopter tilgjengeleg i leitinga.

– Vi har kome så langt som vi kan. Vi skal heller ikkje ta sjansar, seier redningsleiaren i videoen som er delt.

Leitemannskap har funne deler av bagasjen og kleda til nordmannen på staden der han skal ha overnatta før turen.

Etter det har dei ikkje eit einaste spor etter mannen.

– Leitemannskapa er svært slitne. Dei har leita frå sola stod opp, fortalde redningsleiaren.

Sajama nasjonalpark var den første som blei oppretta i Bolivia i 1939.

Har kontakt med pårørande

NRK har vore i kontakt med Utanriksdepartementet.

– Den norske ambassaden i Buenos Aires er i kontakt med pårørande via Noregs honorære konsulat i La Paz, skriv UD i ein e-post til NRK.

Ambassaden er også i kontakt med boliviansk redningsteneste.

– Dei er ansvarlege for søket, skriv UD.

Sajama nasjonalpark er eit høgfjellsområde. Der ligg også vulkanen Sajama som er det høgste fjellet i Bolivia (6542 moh.).

Publisert 28.09.2024, kl. 13.15

Read Entire Article