Odd Borlaug (107) er veteranen over alle veteranar i sportsfiskarmiljøet. Eigentleg likar han like godt å snakke med ungdomen som å få napp.
mandag 15. juli kl. 18:50Kortversjonen
- 107-år gamle Odd Borlaug er Noregs eldste mann og sportsfiskar.
- Seinast måndag ettermiddag prøvde han fiskelukka i Osen i elva Vikja i Vik i Sogn.
- Odd fekk gratis fiske og æresmedlemskap i jakt og fiskelaget som 86-åring.
- Han starta med sportsfiske i 1990, og har blitt ein lokal helt i sportsfiskarmiljøet.
- Til tross for å ikkje ha fått napp i sommar, er det sosiale like viktig for Odd.
Både søndag og måndag ettermiddag var han i gang att med kastestonga. På den faste plassen ved elveosen i elva «Vikja» i Vik i Sogn er det lett å legge merke til Odd med den elektriske rullestolen.
Der røyser Noregs eldste mann seg opp. Før han røynd kastar ut sluken i elva. Draumen er å dra opp noko liknande som for seks år sidan.
– Da e’ no greitt
Den 31. juli i 2018 - midt på blanke føremiddagen landa Borlaug (då 101) ein rugg av ein laks på 15,8 kilo.
Men korkje søndag, måndag eller tidlegare i sommar - har det vore teikn på napp for Odd.
– Det viktigaste er det sosiale. Da e’ no greitt, seier Borlaug på si breie sognedialekt.
107-åringen er frå Feios i Sogn. Men har dei siste åra budd i aldersbustad i kommunesenteret Vik.
Derifrå køyrer han lett den kilometerlange turen ned til fiskestaden med el-rullestolen sin.
I jakt- og fiskelaget hadde dei nok ikkje rekna med at Odd skulle fiske så lenge.
Han fekk gratis fiske for all framtid - som ein del av æresmedlemskapen som 86-åring.
– I år kostar det totalt 4000 kroner for heilårs fiskekort. Så det er klart at Odd har spart nokre kroner. Men det er heilt greitt. Han er den beste ambassadøren vi kunne ønskje oss, flirer leiar Morten Jacobsen i Vik jakt og fiskelag.
Han minner om at 107-åringen eigentleg starta seint med sportsfiske - som 73-åring. Men Odd har verkeleg vore ein «late bloomer» som fiskar.
– Det er jo heilt rått. Vi har verdas eldste laksefiskar. Han set jo Vik og laksefisket i Vikja på kartet, seier Jacobsen begeistra.
Han har tru på at seint innsig av laks frå fjorden er årsaka til at fangsten har late vente på seg for Odd Borlaug og andre fiskarar i Vikja i sommar.
– Men no er det sett laks her, seier Jacobsen som sto for røykinga av rekordlaksen til Odd Borlaug i 2018.
– Korleis smakte den, Odd?
– Den var heilt prima den, svarar Borlaug - ivrig på å køyre ned til Osen for å kaste litt etter at veret ser ut til å lysne måndag ettermiddag.
Etter storfangsten i 2018 kjøpte Borlaug seg nytt fiskeutstyr for å kunne dyrke hobbyen sin litt oftare. Og han ville investere litt i framtida, sa han - då 101 år gamal.
Borlaug vs. Beckham
Noko lenger inne i Sognefjorden - ikkje så langt frå Vikja - ligg den langt meir vidgjetne lakseelva Lærdalselva.
Der fekk den kjende tidlegare fotballspelaren David Beckham løyve til å fiske tidlegare i sommar - til stort oppstyr i media.
– Kunne ikkje Beckham like godt ha fiska i Vikja?
– Beckham?! Vi har han Odd, vi. Det er større stas, svarar leiaren i jakt og fiskelaget.