Nytt flaumsikring­tiltak allereie for lite: – Elva burde vore sikra for ein 1000-årsflaum

1 month ago 10


Opo vart sikra for takle ein 200-årsflaum. Vi ser no at den burde bli sikra for ein 1000-årsflaum.

Det seier Roald Aga Haug. Ordføraren i Ullensvang kommune fortel at dei allereie under bygginga av nytt elveløp var redde for at elva ville bli underdimensjonert.

Og utviklinga på verfronten har gått raskare enn nokon kunne sjå for seg.

På brua over Opo har Haug fått med seg Knut Granheim. I storflaumen i 2014 opplevde Granheim at huset hans vart skyldt forbi her på veg ut i fjorden.

– Det er jo ikkje eit spørsmål om det vil skje igjen. Spørsmålet er når det vil skje igjen, seier Granheim. Han har flytta opp i åsen over Odda.

Ordførar Roald Aga Haug og Knut Granheim på ei bru over Opo.

Knut Granheim og Roald Aga Haug opplevde begge øydeleggingane frå flaumen i 2014 på nært hald.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Klimaforskaren trur det blir dyrt

På Universitetet i Bergen studerer Jostein Bakke dei siste klimadataene. Han er sjølv frå Ullensvang og kjenner godt til arbeidet som er gjort med Opo.

– Sikringsarbeidet har allereie blitt for lite. Med ekstremvêr, snøsmelting og smelting frå Folgefonna er det sannsynleg at det vil komme meir vatn enn elva kan takle, seier professoren i geologi.

Jostein Bakke

Klimaforskar Jostein Bakke ved UiB/Bjerknessenteret er sjølv frå Ullensvang.

Foto: Tale Hauso / NRK

Bakke meiner eksempelet frå heimkommunen ikkje er unikt.

– Klimaet har utvikla seg på ein måte ingen kunne sjå for seg for få år sidan. Og det gjer at mange av flaumsikringstiltaka fort vert utdaterte.

Bakke meiner NVE har sikra etter regelverket, som er for ein historisk 200-årsflaum. Men han viser til at ein no har heilt andre prognosar.

– Det vert veldig dyrt for samfunnet å flaumsikre. Men det er nok billigare enn å reparere skadane, seier professoren.

Opo nabolag husras

Flaumen i oktober 2014 vaska fem hus på fjorden og gjorde store skader i Odda.

Foto: Terje Laegreid

Flaumuro og i Flåm

Samstundes som vannmassene vaska hus og heimar på fjorden i Odda, skjedde det same lenger nord i Vestland.

Storflaumen i Flåmselvi i Aurland tok 13 hus. Og det vassdraget var gjennom omfattande flaumsikring i åra etter.

Men ikkje god nok, meiner dei lokale.

– Me har heile vegen vore tydelege på at flaumsikringa ikkje er nok. I tre omgangar har me sendt søknader om å gjere fleire grep.

Ordførar Kjell Bøe Bjørgum seier NVE alltid seier nei. Det gjer at dei alltid er uroa når det er meldt mykje nedbør.

Flåmselvi er for dårleg sikra mot flaumer.

Det vart gjort store flaumsikringstiltak etter storflaumen Flåmselvi i 2014.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

NVE: – Vil alltid vere ein risiko

NVE kan ikkje garantere at flaumsikringa i Opo held.

Modellering er utfordrande i bratte, masseførande vassdrag, so konservative resultat er lagt til grunn for dimensjonering av tiltaket. Det vil alltid vere ein restrisiko for at her vil kome større flaumhendingar enn det tiltaket er dimensjonert for.

Det seier Siss-May Edvardsen, seksjonsleiar for sikring i NVE.

Ho opplyser at vassdraget er sikra for å tole ei hending som statistisk sett kjem kvart 200 år. Så er det lagt på 40 prosent i buffer.

Ho seier at NVE heile tida jobbar med korleis nye sikringstiltak skal dimensjonerast.

Ny og oppdatert kunnskap må alltid leggjast til grunn når ein skal prosjektere sikringsprosjekt. Nye data blir tilgjengeleg og metodane for å berekne flaumhøgder utviklar seg og blir betre.

Edvardsen seier at sikringstiltak og må vurderast opp mot pris.

Siss-May Edvardsen i NVE

Siss-May Edvardsen er seksjonssjef i NVE.

Foto: Catchlight/NVE

Vil ha flaumtunnel

På ein app sjekkar ordførar Roald Aga Haug kor mykje vatn som renn gjennom Opo denne dagen. Han kan konstatere at elva toler fleire hundre gongar større vassføring.

Helst ville han ha ein flaumtunnel for å tappe unna vatnet i ein ny flaumsituasjon. Men dette er omstridt.

Utfordringa i Odda er at tettstaden er bygd på massar som kan vaskast vekk om det er store vannmasser over tid.

Men han trur uansett at det er mogeleg å løyse utfordringa i Odda. Han trur det vert verre og dyrare mange andre stadar i landet.

I sin periode som lokalpolitikar har han sett at klimaet har endra seg meir enn nokon hadde trudd.

– Ingen hadde sett for seg det som skjedde i 2014. No er vi no i alle fall budd på at vi kan bli overraska over omfanget og konsekvensane av ekstremvêr.

To personer går langs et voldsomt vassdrag, Opo i Odda

I oktober 2018 gjorde ein ny flaum skade på den nybygde elvebredda i Opo.

Foto: Tale Hauso

Publisert 17.10.2024, kl. 06.04

Read Entire Article