Nye diskusjonar held på om Trond Giske i Trondheim Ap

5 hours ago 5


– Eg trur dette blir eit godt møte. Det blir godt å samle partivenner til debatt og diskusjon og me kjem til å kome fram til eit resultat.

Det seier leiar Pål Sture Nilsen i forkant av kveldens møte i representantskapet i Trondheim Ap.

I kveld skal kommunepartiet kome med innspel på forslaget der Giske blei vraka frå stortingslista.

Sjølv valde Trondheim Ap Giske til toppkandidat på lista. Dette møtet blei i ettertid kritisert for å vere rotete og uoversiktleg. Fleire lokallag ønska at møtet skulle granskast.

– Nokon beskreiv det som kaos, andre seier det var eit godt leda møte, svarar Nilsen.

– I dag skal me få landa kva Trondheim Ap ønsker fram til nominasjonen, legg han til.

Giske først til topps, så vraka

Giske blei vald som toppkandidaten på nominasjonslista då Trondheim Ap vedtok sitt forslag 15. august.

Då fekk han totalt 104 stemmer mot 68 stemmer til Tung i kampen om førsteplassen til Trondheim Ap.

Men då nominasjonskomiteen kom med sitt forslag etter innspel frå alle kommunelaga blei Giske vraka frå forslaget. Berre ein av ni medlemar i komiteen som ville ha Trond Giske på Stortinget.

– Eg er fornøgd med lista. Det var ein grundig diskusjon og eit godt stykke arbeid. Me frir til ungdommen og ønsker nokon som kan samle partiet.

Det seier leiar for nominasjonskomiteen Roar Aas til NRK.

Giske er optimistisk når det kjem til å sikre seg listeplass.

– Til sjuande og sist er det medlemmane i Trøndelag Arbeidarparti som bestemmer, sa Giske etter at han blei vraka av nominasjonskomiteen.

Eit splitta Trondheim Ap

Heilt sidan Giske blei vald til nestleiar i Trondheim Ap i februar i år har personstrid og intern konflikt prega kommunepartiet.

Og i nominasjonsprosessen er Trondheim Ap framleis splitta.

Me har store utfordringar. Korleis me samlar laget blir opp til styret i Trondheim Ap, men me i nominasjonskomiteen skal no gjere vårt.

Det seier Aas som meiner nominasjonskomiteen har kome fram til ei samlande liste for partiet.

Me har gjort intervju, tatt innspel frå partilaga og kome opp med ei spennande liste med fornying, men samstundes kompetanse og erfaring. Etter vår meining ei samlande liste, legg han til.

Aas presiserer at det var om lag 40 % av Trondheim Ap som ikkje gjekk for Giske sist.

Men kven som ender opp med å stå øvst på stortingslista til Arbeidarpartiet i Sør-Trøndelag valkrins skal endeleg vedtakast 30. november.

Då skal ei endeleg liste frå Arbeidarpartiet i Nord- og i Sør-Trøndelag valkrins veljast.

Men før den tid skal altså kommunepartia kome med sine innspel og så skal nominasjonskomiteen legge fram eit endeleg forslag til stortingsliste.

Fleire takkar nei til Stortinget

Undervegs i nominasjonsprosessen har fleire av dei trønderske Ap-politikarane trekt seg.

Dagen før nominasjonskomiteen la fram sitt forslag varsla Kirsti Leirtrø at ho ikkje tar attval til Stortinget.

Heller ikkje digitaliseringsminister Karianne Tung ønsker fire år på Stortinget.

Men i Arbeidarpartiet i Nord-Trøndelag vil Ingvild Kjerkol fortsette på Stortinget, men blir vraka av fleire lokallag.

Publisert 19.09.2024, kl. 18.03 Oppdatert 19.09.2024, kl. 18.29

Read Entire Article