Hemmeleg «juks» skaper regelendring

2 hours ago 2


Skulle Graabak gløyme eller miste startnummeret før ei øving i ski-VM i Trondheim neste år, vil han likevel kunne konkurrere om gullet.

Det bekreftar renndirektør Lasse Ottesen i FIS til NRK.

– Vi fekk eit forslag frå Jørgen som vi har tatt med oss inn i systemet vårt og diskutert, seier Ottesen.

Jørgen Graabak

NÅDDE FRAM MED FORSLAG: Jørgen Graabak sørgde for ei endring som gjeld for både verdscup og VM i kombinert.

Foto: Roy Kenneth Sydnes Jacobsen

Uheldige får bot

Den nye regelen sørger for at det er reservenummer tilgjengeleg ved start for eventuelle rotekoppar.

– Eg avslørte eit hol i systemet, seier Graabak.

Dersom ein må nytte seg av reservenummer, får ein ei bot på 500 sveitserfranc, men utøvaren unngår altså å bli diska.

– Det vil vere veldig synd om du mistar ein attraksjon på ein sånn filleting. Samtidig som det er ein openberr enkel måte å sabotere for nokon. Viss du berre får tak i startnummeret, så er dei ute, seier Graabak.

Skiforbundet kombinert arrangerer Kick-off

PÅVERKA AV ENDRING: Ingen kombinertløparar står i fare for diskvalifikasjon på grunn av mista startnummer. Her frå landslagets kickoff på Nationaltheatret.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Sendar åtvaring til utøvarane

Under prøve-VM i Trondheim enda Graabak med å få hoppet sitt underkjent fordi han ikkje hadde sitt eige startnummer på brystet.

– Vi ønsker ikkje å diske nokon fordi dei har gløymt nummeret, at det har blitt øydelagt eller ligg i ein bag, seier Ottesen.

At ein må punge ut fleire tusen kroner for eit startnummer i ein naudssituasjon, er eit bevisst grep.

– Prislappen er høgare enn eit sånt nummer kostar. Det er litt for at utøvarane ikkje skal tenke «då kan eg berre bruke eit reservenummer på toppen».

Graabaks forslag blei sendt på høyring til alle nasjonane før det blei godkjent.

Lasse Ottesen

GIR IKKJE STARTNEKT: Regelendringa gjer at renndirektør Lasse Ottesen ikkje diskvalifiserer utøvarar som stiller til start utan startnummer.

Foto: Terje Pedersen / Terje Pedersen

Kreativ «jukseløysing»

Da Graabak i mars innsåg at han ikkje fann startnummeret før hoppkonkurransen i Trondheim, prøvde han å låne trøya til konkurrenten Vinzenz Geiger.

Trønderen prøvde å skjule det «tjuvlånte» nummeret for TV-kameraa i håp om at ingen skulle oppdage manøveren.

– Kanskje eg er litt for løysingsorientert og ikkje burde ha hoppa. Det kan godt hende eg burde vore vaksen nok til det, sa Graabak etter hoppet.

Jørgen Graabak

VRENGDE LÅNT STARTNUMMER: Graabak var rask til å skjule nummeret etter hoppinga.

Frå ris til ros

Renndirektør Ottesen tok stuntet med eit smil, men rennleiaren meinte det var forsøk på manipulasjon og juks, noko Graabak var ueinig i.

– Eg føler at viss det skal vere under definisjonen juks, så må du få ein fordel av det i boka mi. Eg får openbert ikkje nokon fordel av det. Eg veit ikkje kva manipulasjon er ifølge Lasse, men eg manipulerer ingenting heller, svarte Graabak.

No får OL-helten ros for at han nådde gjennom med ei regelendring.

– Det handlar om at han ikkje berre kjem med klagar på at ting ikkje fungerer, men han seier korleis ein kan forbetre reglane. Det er ei veldig viktig og kreativ tilbakemelding som vi set pris på, seier Ottesen.

Ivar Stuan er bekymret for helsen til Jarl Magnus Riiber.

MEINER DISK ER SISTE UTVEG: Ivar Stuan får éin ting mindre å tenke på i vinter.

Foto: NTB

Sportssjefen: – Fantastisk

Sportssjef Ivar Stuan seier det er «heilt meiningslaust» at ein tidlegare blei diskvalifisert dersom startnummeret ikkje var i orden, men synest den nye løysinga er veldig god.

– Det er eit fantastisk eksempel på korleis det skal gjerast. Både frå Jørgen som stod på barrikadane og «fighta» for å få det til, men også FIS som er audmjuke nok til å erkjenne at det var smart å endre på det.

PS! Kombinertutøvarane har nasjonal opning på Beitostølen 23. november. Kvinnene ser du på NRK 1 eller NRK TV frå klokka 14.00, medan herrane er frå klokka 14.30.

Publisert 28.11.2024, kl. 05.32

Read Entire Article