Forskarar frå NTNU og andre europeiske universitet har nyleg funne ut at endringar i søvnmønsteret kan påverke om ein får eit migreneanfall eller ikkje.
Det seier forskar og lege i spesialisering ved Nevroklinikken, ved Olavs Hospital Martin Syvertsen Mykland.
Dette har dei funne ut:
- Migrenepasientar som søv dårleg og får lite søvn reagerer langsamare og er mindre merksame, fordi anfallet gjev dei ein dårlegare kognitiv funksjon
- Migrenepasientar som får migreneanfall på natta opplever at kroppen fungerer like dårleg dagen etter, som ein person utan migrene som ikkje har sove ei heil natt.
- Søvnendringar ser ut til å påverke evna til å dempe hjerneaktivitet annleis hos personar med migrene.
- Det er forskjell på migrenepasientar som får anfall om natta og dei som ikkje får det.
Desse funna blei nyleg presentert på European Academy of Neurology (EAN) 2024.
Slegge i hovudet
Ylva Axelsen, jobbar som jurist og har hatt migrene i tre år. Ho er ein av dei som kan vakne om natta av at migreneanfallet er i full gong.
– Det er absolutt det verste type migreneanfallet, vil eg seie. Fordi då har du ikkje høve til å oppdage det på førehand.
Ho seier ho kan vakne av kjensla av at nokon slår henne med slegge i hovudet. Eit anfall om dagen kan hindrast fordi ho kjenner forvarsel.
– Men når ein ligg og søv, så merkar ein dessverre ikkje det. Og då vaknar du berre av enorme smerter.
– Og da er anfallet så godt i gong at det er vanskeleg å gjere noko med det.
Fleire svar
I dag finst det ingen metodar som kan påvise at ein person har migrene. Dette håpar lege og forskar Syvertsen Mykland dei kan gjere noko med.
– Vi veit mykje om kva mekanismar som ligg til grunn for at folk får eit migreneanfall. Og vi håpar at det kan bidra til at vi utviklar nye og meir målretta behandling mot migrene.
I Noreg er det over 800.000 nordmenn som har migrene, det viser berekningar frå NTNU.
Syvertsen Mykland seier det tek lang tid før migrenepasientar får ein diagnose og når dei har fått det, er behandlinga lik for alle.
– Vi håpar at vi kan både stille raskare og meir rett diagnose. Og kanskje i framtida også skilje på ulike undertypar av migrene som kanskje har ulike årsaker også må handterast på ulike måtar.
Fleire typar migrenepasientar
For migrenepasientar kan ifølge den nye forskinga ikkje blir sett på som ei gruppe pasientar som får same type behandling.
– Ja, det verkar som om vi har samla fleire typar migrene i dei same studiane. Det er viktig å finne ut kva som eventuelt skil dei ulike migrene pasientane frå kvarandre.
Mykland seier dei har funne ut at ein truleg kan skilje dei migrenepasientane som vanlegvis får anfall om natta frå dei som ikkje gjer det.
Stor påkjenning for kroppen
Litt redusert søvn under migreneanfall påverkar hjernen på same måte som når ein person som ikkje har migrene ikkje har sove i det heile.
– Det skjer ei brå endring i korleis hjernen fungerer akkurat når hovudverkanfallet startar. Men akkurat kor denne brå endringa kjem frå og kvifor ho skjer, er noko av det vi endå ikkje har klart å vise, og som vi skal sjå på no i dei næraste månadene og åra framover.
– Det er viktig å forstå kvifor anfalla kjem for å kunne hjelpe dei.
Ylva Axelsen seier eit anfall slår henne kraftig ut dagen etter.
– Eg kjenner meg som ein vrengd klut. Eg er så sliten at det er vanskeleg å komme opp og ete middag. Dette er ordentleg påkjenning for kroppen.
Har du helsetips?
Hei!
Er det noe du tenker jeg burde vite og se nærmere på? Ta kontakt med meg.
Jeg skriver om gravide , mammakropper , abort og mye annet.
Vil gjerne lytte til deg.
Hilsen Marianne
Publisert 15.07.2024, kl. 05.21