Ny blodprøve kan avsløre Alzheimer: – Hadde blitt lettare for oss

5 hours ago 2


Det finst i dag ingen medisinar som kan gjere ein person frisk frå sjukdommen Alzheimers. Det er også krevjande å sette ein diagnose.

Undersøkingane er ofte langvarige og kompliserte. Men dette kan det bli ei endring på allereie neste år.

Da kjem det truleg ei blodprøve som kan påvise Alzheimers enklare.

Det fortel Geir Selbæk som er professor i geriatri med fokus på hjernesjukdommar og forskingssjef ved Nasjonalt senter for aldring og helse.

Geir Selbæk

Forskingssjef Geir Selbæk seier blodprøva er ein liten medisinsk revolusjon.

Foto: Marianne Ytre-Eide / NRK

Dette er ein revolusjon. Det forandrar måten vi diagnostiserer demens og Alzheimers sjukdom på.

Han seier ein presis diagnose då potensielt vil vere like tilgjengeleg over heile landet.

Blodprøva er i bruk i USA nå. I Sverige kjem ho sannsynlegvis i løpet av året eller tidleg neste år.

Blodprøva måler nivået av eit protein blodet. Resultatet vil gi svar på om pasienten har stoffet betaamyloid i hjernen, eit teikn på Alzheimers sjukdom.

Ja, det er det merkeleg. Kvifor i all verda går det an å måle ei bitte lita mengde av eit protein i blodet, og så seier det om du har eit heilt anna stoff i hjernen. Men sånn er det faktisk.

Han seier dette er undersøkt i mange store studiar, og presisjon er omtrent like høg som om vi måler direkte i hjernen.

Prøva er ifølge Selbæk 90 prosent sikker.

alzheimers sykdom

Fargane på viser korleis ein hjerne blir påverka av demens. Nå kan snart ei blodprøve oppdage dette tidleg.

Foto: National Institute on Aging

Både Alzheimer og demens generelt er knytt til at protein klumpar seg saman i hjernen og dannar såkalla plakk.

For å finne ut av dette direkte i hjernen må ein bruke lite tilgjengelege og dels svært kostbare undersøkingar.

Hadde gitt dei raskare svar

Knut Thomassen og kona Vigdis måtte vente lenge på svar før dei fann at ho hadde frontallappsdemens.

Ei blodprøve ville spart dei for mange unødvendige undersøkingar, fordi Vigdis først blei undersøkt for Alzheimers sjukdom, som ho til slutt viste seg ikkje å ha.

Vigdis og Knut Thomassen

Vigdis og Knut Thomassen syng i demenskor på Kolbotn i Nordre Follo kvar tysdag.

Foto: Marianne Ytre-Eide / NRK

Ja, han ville jo spart oss for ein del. Da kanskje fastlegen kunne ha tatt den blodprøva og sendt den inn og fått den vurdert og kanskje komme tilbake og sagt: «Det er ikkje Alzheimer». Så kunne vi gått og søkte etter noko anna med ein gong.

Rune Mathiesen har ei kone som fekk Alzheimers sjukdom for fem år sidan er derimot usikker på om dei ville tatt blodprøva

Ja, eg veit ikkje om det eigentleg hadde vore noko lettare for oss på noko vis. For det er klart at å få vite at du har ein sjukdom, og samtidig vite at det ikkje er nokon medisin for han, det er tøft å ta imot den beskjeden.

Rune Mathiesen og kona Lill før hu fikk demens

Rune Mathiesen fortel at det i starten var vanskeleg å vere open om sjukdommen.

Foto: Privat / privat

Han seier det også er ein prosess å vere pårørande til ein nokon ein er glad i, men som ein veit forsvinn sakte, men sikkert.

Det er vanskeleg å venne seg til tanken om at ein mistar den ein er glad i på ein sånn måte.

Demenskoret øver

Demenskora på Kolbotn i Nordre Follo øver til julekonsert.

Foto: Marianne Ytre-Eide / NRK

Medisin er godkjent i EU

I dag er det 101.000 personar som har demens i Noreg, fortel Selbæk. Av desse er det mellom 60 og 70.000 som har sjukdommen Alzheimers.

Ja, det her kjem til å auke veldig. Det bør reknast at innan 2050, altså om 25 år, så vil det vere meir enn dobbelt så mange som har demens, ca. 240 000 menneske.

Det europeiske legemiddelverket har nyleg godkjent ein medisin som ekspertane trur kan bremse sjukdommen Alzheimers.

Ein er ennå usikre på effekten, men viss EU parlamentet endeleg godkjenner medisinen skal han testast ut på ei lita gruppe som er i ein tidleg fase av sjukdommen, seier Selbæk.

Det er ein medisin som fjernar det stoffet vi trur er med å forårsake Alzheimers sjukdom frå hjernen. Den fjernar det fullstendig. Men spørsmålet er om det påverkar symptoma.

Overlege Sigurd Hortemo i Direktoratet for medisinske produkt (DMP) seier legemiddelet automatisk blir godkjent i Noreg, dersom det er godkjent av europeiske legemiddelstyresmakter.

Når EU kommisjonen har sagt ja, har vi éin månad på oss til å ferde ut norsk marknadsføringsløyve til firmaet. Det er derimot opp til firmaet om dei ønsker å marknadsføre Leqembi i Noreg.

Store spørsmål

I dag blir Alzheimers og andre demenssjukdommar oppdaga ved at ein har spesielle symptom, fortel Selbæk.

Geir Selbæk

Forskingssjef Geir Selbæk underviser studentar ved Ullevål sjukehus i eldre helse.

Foto: Marianne Ytre-Eide / NRK

Men kva skal ein med svaret på ei blodprøve, når ein ikkje kan gjere noko med det?

Ja, det er jo det store spørsmålet. For det eine er jo at viss ein har demens, så er det bra å kunne vite at det er Alzheimers sjukdom. Så der har det ein verdi.

Han seier vidare at spørsmålet er kva viss du vil vite det fem år, kanskje ti år, før du får demens? Då kan du også påvise om du har dette stoffet i hjernen, og med nokså høg presisjon. Men kva skal ein bruke det til?

Nokon seier at «eg vil vite det, for eg vil bestemme, da vil eg leve annleis», seier Hortemo, og påpeikar at det er fleire måtar å sjå det på.

– Eg vil krysse av på det som blir kalla «bucket list». Da vil eg gjere alle dei tinga eg ikkje unner meg. Eller andre seier: Da skal eg begynne å leve kjempesunt. Ikkje sant.

Men spørsmålet er om det kanskje ikkje like mykje skaper angst, uro, bekymring. Og det er ei vanskeleg vurdering som vi må forhalde oss til. Situasjonen blir ein annan viss vi har medisinar som verkar betre viss ein startar tidleg.

Ei ny blodprøve kan avsløre demens tidleg.

Publisert 22.11.2024, kl. 21.51

Read Entire Article