NRK-funn bekymrar: – Jentene blir samanlikna med Haaland

3 days ago 8


Norske medium har i mange år gjeve mykje plass til dekning av Noregs nasjonalsport. Men dei seks siste åra har interessa gått kraftig ned, viser tal frå analyseselskapet Retriever Noreg.

Langrenn er framleis den vintersporten som får mest omtale i norske medium, men mykje mindre enn i Marit Bjørgen og Petter Northugs gullår.

Mellom 2010 og 2018 låg talet på oppslag om langrenn i norske medium på mellom 30.000 og 35.000 i året.

I fjor var talet nede på 23.614. Så langt i år er det publisert 14.248 saker om langrennssporten.

Landslagstrenar for langrennskvinnene Pål Gunnar Mikkelsplass meiner det er ei samansett forklaring på utviklinga.

– Kanskje har media dårlegare råd, dei reiser mindre rundt. Det er mange andre idrettar. Jentene våre blir samanlikna med Haaland, for eksempel, ramsar Mikkelsplass opp.

NRK treffer han under pressetreffet til kvinnelandslaget på Mosetertoppen stadion onsdag.

– At interessa går ned er aldri positivt. Men eg trur ikkje at det berre har skjedd med langrenn, seier Mikkelsplass.

Mindre konkurranse og færre profilar

Analysesjef Benedicte Andersen i Retriever Noreg peikar på fleire årsaker til nedgangen:

Analysesjef Benedicte Andersen i Retriever Norge.

PROFIL-MANGEL: Analysesjef Benedicte Andersen i Retriever Noreg trur Petter Northugs langrenn-exit er ein av grunnane til at medieomtalen av langrennssporten har dalt.

Foto: Sara Johanna Ringhagen / NRK

– Vi liker å vinne i langrenn. Men vi ønsker meir konkurranse. Vi ser jo at i dei seinare åra så er nordmenn klart best og byter på å vere på pallen, seier ho.

– Ein mistar litt den nyheitsverdien ved at det er litt dårleg konkurranse med andre nasjonar, legg ho til.

Andersen trekker også fram mangelen på store profilar som byr på seg sjølve.

– Der var jo Petter Northug i ein særklasse. Han fekk mykje medieomtale, og er den mest omtalte vinteridrettsutøvaren dei siste 15 åra. Det er berre Marit Bjørgen som har nærma seg det nivået når det gjeld å vere synleg i media, seier ho.

Fleire kanalar og plattformer

Ein tredje grunn kan vere at medielandskapet har endra seg mykje dei siste åra og at det ikkje lenger berre er NRK som sender meisterskap og konkurransar, meiner Andersen.

– Det er fleire kanalar, plattformer og mange som konkurrerer om publikum, seier ho, og forklarer at det ikkje berre gjeld vinteridretten, men også meisterskap innan andre idrettar.

– Ein kan ikkje sjå alt lineært lenger. Og det trur eg gjer mykje med sjåartal og merksemd, ved at det er vanskelegare å finne sendingane frå både verdscup og meisterskap, seier ho.

Therese Johaug seier ho sjølv slit med å finne ut kor ho kan sjå skirenn.

– Det varierer jo både frå NRK til TV 2 til Viaplay. Eg synest sjølv det er vanskeleg. Kven sender skirenn, kva kanal skal eg trykke meg inn på? Det gjer kanskje at folk ikkje bryr seg så mykje, for det er litt meir tungvint, seier ho i møte med pressa onsdag.

Johaug trur utøvarane sjølv må ta ansvar for å halde oppe interessa for langrenn.

– Vi må by meir på oss sjølve. Vi må ta dykk meir inn i liva våre, vere fluge på veggen og skape kule bilde, seier ho.

Skiforbundet har andre tal

Skiforbundet har fått presentert tala i analysen. Pressesjef Espen Graff i forbundet har sendt følgande kommentar på e-post:

Espen GRaff

UEINIG: Leiar kommunikasjon og samfunn Espen Graff i Skiforbundet.

Foto: Håkon Mosvold Larsen

Langrenn er saman med fotball den mest omtalte idretten i landet, og har ein unik posisjon i Noreg.

Fleire av dei største mediehusa i Noreg melder tilbake at saker som omhandlar langrenn framleis er blant dei mest lesne, og tala frå mediebyrået vårt viser at mediedekninga er høgare og meir stabil enn tala til NRK, skriv Graff.

Samtidig er det viktig å understreke at det er heilt nødvendig å tilpasse seg nye krav og ei ny verkelegheit. Det er stort fokus på dette, fortset han.

Graff skriv også at langrenn, som alle andre, må «forhalde seg til eit medielandskap i kontinuerleg endring og eit publikum med ei anna tilnærming og andre behov».

Derfor er det positivt med ein diskusjon og eit fokus der blant anna sponsorar og utøvarar diskuterer kva som er viktige framover for å halde oppe den store interessa. Engasjementet er stort, skriv Graff.

Andersen i Retriever Noreg understrekar at det framleis blir laga mange saker om langrenn. Sidan 2018 blir langrenn omtalt i 180.300 oppslag, mens skiskyting til samanlikning blir omtalt i ca. 60.000 oppslag i same periode, og hopp i 55.500 oppslag, viser Retrievers undersøkingar.

Equinor: – Ein attraktiv idrett

Førre veke blei det kjent at Equinor er ferdig som hovudsponsor av langrenn etter kommande vintersesong.

Heller ikkje Sparebank 1 blir med vidare etter sesongen.

Dermed er to av langrenns tre hovudsponsorar ute.

Førre månad sa sponsorsjef Stein Bugge i Sparebank 1 til VG at han har registrert at synlegheita til langrennsløparane har blitt mindre.

Sponsorsjef Thea Moen i Equinor skriv i ein e-post til NRK at mediedekning ikkje er noko som har vege inn i deira vurdering av sponsoravtalen.

For vår del har vi sett på norsk langrenn som ein attraktiv idrett for spons, skriv Moen.

Equinor gjer nå ei dreiing i kven og kva dei skal sponse framover, forklarer ho.

Som selskap har vi ein ambisjon om å vere leiande i energiomstillinga – og det ønsker vi også at sponsoravtalane våre heilt tydeleg skal vise, skriv Moen.

Publisert 02.10.2024, kl. 18.59

Read Entire Article