22 drektige kviger hoppar ut av bilen og inn på Utvikfjellet.
– Dette er viktig for dyrevelferda.
– Du ser at dyra vil ut, seier Anders Felde, som følger kyrne sine til beitet.
Det er første feriedag og sommaren er ung. Det er ennå lenge til han ligg utmatta og litt lei av seg sjølv på engene.
Slik elevane spring ut av skolegarden siste dag før ferien, spring kyrne ut i ei uendeleg rekke med ferieveker.
Eller? For akkurat kor mange ferieveker skal dei ha?
Det er det full strid om, og sterke interessegrupper trekker i kvar si retning: Bondelaget, Tine, regjeringa, Mattilsynet og Dyrevernalliansen.
Det grunnleggande spørsmålet er kva som gir best dyrevelferd:
- Strenge reguleringar og rigide krav om at kyrne skal ha 16 veker på beitet – uansett vêr, føre og landsdel.
- Eller har kyrne det best om bonden sjølv bestemmer.
– Viss dyr må gå i gjørme, er det ikkje god dyrevelferd
– Det burde vere eit absolutt krav å sleppe kyrne ut i 16 veker om sommaren dersom dei står på bås resten av året, seier Live Kleveland i Dyrevernalliansen.
Ho legg til:
– Om bonden ikkje får det til, bør han rett og slett ikkje drive med mjølkeproduksjon.
Nestleiar i Noregs bondelag, Bodhild Fjelltveit, svarer at det norske klimaet set naturlege avgrensingar og «ikkje tillèt 16 veker i alle delar av landet».
– Alle dyr skal mosjonere og det er bra at fôropptaket skjer gjennom beite. Men viss dyr må gå i gjørme, er det ikkje god dyrevelferd, seier ho
I dag seier forskrift for hald av storfe at alle kyr skal få beite ute i det fri minst åtte veker i året.
Kravet gjeld for kyr i lausdriftsfjøs. For kyr i båsfjøs er kravet strengare:
- Desse har krav på 16 veker i delane av landet med «vanlege» nedbørsmengder.
- Og 12 veker i områda der det regnar mykje (Vestlandet), og beitet blir løyst og gjørmete.
– Noreg er eit svært mangfaldig land. Det er store forskjellar i kor lang vekstsesongen er, og kor godt jordsmonnet toler dyretråkk, seier Johnny Ødegård, direktør i Tine.
– Uklart korleis regelverket skal tolkast
På toppen av hovudregelen kjem eit «mylder» av dispensasjonsmoglegheiter og lokale tilpassingar.
Etter tilbakemeldingar om at reglane er forvirrande, har Landbruks- og matminister Geir Pollestad gitt Mattilsynet i oppdrag å presisere kor mange ferieveker norske kyr har krav på.
– Det har vore uklart korleis regelverket skal tolkast, forklarer Pollestad til NRK.
Mattilsynet har ikkje nøyaktige tal, men får av og til tips om kyr som står på bås året rundt.
Statsråden presiserer at det er kvar enkelt bonde som har ansvaret for at kyrne får sin lovfesta mosjon.
– Husdyrbøndene har å forhalde seg til at reglane for beitekrav blir følgt, seier han.
Høyringfrista for dei nye reglane er sett til 26. juli.
– Ei opprydding og klargjering synest å vere fornuftig. Vi er glade for at vi kan få eit regelverk som er enklare å praktisere, seier Nortura-direktør Kjell S. Rakkenes.
– Mai er for tidleg, og september for seint
I mellomtida går debatten høgt om kva som er «rett» mengde ferieveker, og kva bøndene skal få for meirarbeidet.
Å mjølke ein «stasjonær» ku er ein raskare operasjon ein å mjølke ein «frittgåande» ku, som dessutan produserer mindre mjølk.
– Ei av dei største utfordringane er å få kyrne til å forlate eit attraktivt beiteområde for å gå inn til mjølking, seier Grete Jørgensen ved Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio).
Ho har forska på driftsutfordringane med beite i lausdriftsfjøs (sjå under).
Nibio-kollega Lars Johan Rustad gjer eit poeng av at den norske sommaren set rammer for kor mange ferieveker kyrne kan ha.
– Nokre stader er det berre juni-august som er eigna til beiting for storfe. Mai er for tidleg, og september for seint.
– Da er sommaren berre 12 veker lang.
Oddgeir Øystese
Bodhild Fjelltveit, Noregs bondelag
Reglane har vore uklare, og det er godt at det nå ser ut til å komme ei avklaring. Dette er noko medlemmene våre har vore opptatte av og det betyr også at vi blir lytta til. Vi meiner at det kan vere problematisk med 16 vekers beiting av kyr enkelte stader i landet. Klimaet i alle delar av landet tillèt ikkje dette.
Martin Roalsø
Live Kleveland, Dyrevernalliansen
Alle kyr bør gå i lausdrift og få lengst mogeleg beitetid kvar sommar. 8 veker er altfor knapt for kyr i lausdrift, og 12 veker er altfor knapt for båskyr. Båskyr har knapt plass til å røre seg heile vinterhalvåret, og beite er derfor særleg viktig for dei. Kyr er sosiale dyr, og beite er særs viktig for at dei skal få vere i lag.
Privat / NRK
Grete H.M. Jørgensen, Nibio-forskar
Det er uklart kva Mattilsynet meiner. Det blir brukt fleire omgrep om kvarandre i regelverket. Er det lufting og mosjon som er viktigast eller er det beite? Om kua skal kunne hente store delar av dietten sin frå grønt gras som han haustar sjølv på eit produksjonsbeite, blir dette krevjande å oppfylle når besetningstørrelsene aukar. Mange får det likevel til, og bøndene kan vere stolte av det!
Even Lusæter
Johnny Ødegård, direktør i Tine
Vi er svært opptatte av at beitekravet blir overhalde og er glade for at regelverket nå har blitt tydelegare. Vi påskjønner leverandørane våre ekstra for å dokumentere bruken sin av beite. Tilleggskravet vil nok framleis vere utfordrande for enkelte produsentar, spesielt i nedbørsrike område, men vi er trygge på at leverandørane våre vil gjere sitt ytste for å oppfylle kravet.
Nortura
Kjell S. Rakkenes, konserndirektør Nortura SA
Generelt er det slik at vi ønsker at beiteressursane blir brukte fullt ut i heile Noreg slik at mjølka vi drikk og kjøttet vi et kjem frå dyr utnyttar naturlege ressursgrunnlaget i norsk natur på best mogleg måte. Store forskjellar i klimatiske føresetnader og geografi gjer det likevel krevjande å ha like reglar for heile landet.
NRK
Sindre Årsvoll, styreleiar i Norsk Jersey
Eg synest ikkje vi skal kalle beiteperioden for ferie – for kyrne jobbar på høggir når dei går ute. Beiteperioden er eit betre omgrep. Alle norske kyr bør ut på beite med alle positive effektar det har. Likevel meiner eg 16 veker godt kan reduserast til 14. Det er viktigare at beiteperioden fungerer optimalt enn eit absolutt veketal.
NRK
Bjørn Lende, bonde på Jæren
Hos meg har kyrne uansett hatt mykje lenger beite tid enn det som eit kravet. Eg har derfor ikkje vore så opptatt av regelverket. Det er klart at det fort blir problematisk dersom regelverket er for mykje basert på skjønn. Men det er ikkje nødvendigvis slik at lengst mogleg beiteperiode, gir best dyrevelferd.
Privat
Bjørnar Stavenes, fungerande seksjonssjef for dyrevelferd i Mattilsynet
Reglene om 12 til 16 vekers beite for storfe på bås, er uklare og bør forenklast. Reglane blei gjeldande 1. januar 2024. Vi er altså midt i den første beitesesongen med utvida beitetid for storfe på bås og har ikkje grunnlag for å seie om reglane blir følgde. Men det vil bli langt lettare å gi dyra rett beitetid med den forenklinga vi har ute på høyring.
NRK
Emilie Aleksandra Karindatter, Nasjonalt kompetansesenter for produksjonsdyr
Det er god dyrevelferd at storfe får gå på beite i sommarhalvåret. Det er stor forskjell på beiteforhold og beitesesong i Finnmark og i Rogaland. Når målet med beitekrava er at storfe skal ha høve til å gå på beite, så er det naturleg at beitekravet blir tilpassa lengda på beitesesongen. Det er husdyrbøndene som skal følge reglane og det er dei som må vurdere om reglane er vanskelege å forstå.
Publisert 13.07.2024, kl. 20.53