Regjeringa foreslår å gi minst 30 milliardar kroner i støtte til Ukraina neste år.
Det er klart etter eit møte mellom regjeringa og opposisjonen på Stortinget tysdag.
Regjeringa hadde foreslått å sette av 15 milliardar til Ukraina i statsbudsjettet for 2025, men dette meiner opposisjonen er altfor lite.
Etter møtet i Stortinget tysdag foreslår regjeringa å løyve minst 30 milliardar.