Måndag er sjefen for FN-organisasjonen for palestinske flyktningar (UNRWA), Philippe Lazzarini, på besøk i Oslo.
Der har han hatt samtalar med den norske regjeringa.
På ein pressekonferanse måndag føremiddag annonserte utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim ein ny støttepakke frå Noreg.
– Noreg, som de veit, er ein standhaftig støttespelar av UNRWA. Så langt i år har vi bidrege med 275 millionar norske kroner til dykkar arbeid, seier Tvinnereim.
– På grunn av den økonomiske krisa og dei endelause behova på bakken aukar vi no vårt bidrag med ytterlegare 100 millionar kroner.
Utanriksminister Espen Barth Eide takkar Lazzarini for UNRWA og deira tilsette sitt arbeid i dei palestinske områda, og
– Noreg stod med UNRWA då fleire land trekte si støtte. UNRWA blei for ei massiv mengd kritikk og angrep på sitt truverd.
Statsleiarar samla om UNRWA
Før det amerikanske pengebidraget til UNRWA blei trekt, etter at Israel kom med terrorskuldingar mot fleire av dei tilsette, var det USA som bidrog med mest pengestøtte.
I 2022 var dette bidraget på 343.9 millionar amerikanske dollar, nesten tre gongar meir enn EU sitt bidrag. Tyskland bidrog med 202.1 millionar dollar.
USA har framleis ikkje teke opp att si støtte.
Likevel sa dei amerikanske styresmaktene, i eit samla utsegn med dei andre G7-landa sist veke, at UNRWA må få arbeide utan hindringar i Gaza.
– Vi er einige om at det er kritisk at UNRWA og andre FN-organisasjonar og byrå sine leveransenettverk er fullstendig i stand til å få naudhjelp til dei som treng det mest.
Vidare heitte det i utsegna at det er av «ytste prioritet» at tilgang på naudhjelp blir sikra til Gaza, også via Rafah og Ashdod-hamna.
Publisert 17.06.2024, kl. 11.04 Oppdatert 17.06.2024, kl. 11.14