Regjeringa foreslår å auke støtta til Ukraina med 5 milliardar kroner ekstra i 2024. Pengane blir gjeve som ein del av Nansen-programmet, som blir foreslått utvida med tre år frå 2027 til 2030.
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) seier at dei foreslår å gi minst 15 milliardar kvart år fram til 2030.
Dei samla rammene for Nansen-programmet blir med det auka til 135 milliardar kroner.