Det er typisk norsk å vere god. Så kva skjedde med norske jordbær?
Let me take you down
cause I'm going to
strawberry fields
nothing is real
– John Lennon (1967)
Er det berre idylliserte barndomsminne, eller smakte dei norske jordbæra mykje betre før?
Og kor tid hende syndefallet da det heilage norske jordbæret blei eit bær på linje med dei utanlandske?
Dette er seriøse spørsmål av nasjonal betydning, og derfor har bærforskarar ved Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) fått 15 millionar kroner til å trenge djupare ned i mysteriet.
Som det heiter i prosjektbeskrivinga: «Kvifor smaker ikkje norske jordbær godt lenger?»
Sluttrapporten kjem ikkje før 2026, men fleire hypotesar er allereie lanserte.
Dei norske jordbæra har tapt seg fordi:
- Fleire produsentar sikrar seg ved å dyrke meir hardføre jordbær i plasttunnelar
- Færre produsentar og fruktlager gjer vegen til butikken lengre
- Meir ustabilt vêr, med tørke og regn om kvarandre
- Svekka kronekurs og utfordringar med arbeidskraft
- Sesongen er utvida i begge endar (endene har mindre sollys)
- Fleire jordbær blir planta på bord («table top») og ikkje i «moder jord»
– Dei må rett i butikk og rett i magen din
Vi skal ta forklaringane i tur og orden, men først ein tur til vesle Toppe gard utanfor Bergen.
– Dei norske bæra smaker framleis fantastisk bra når dei er modne, men vi har eit system der bæra helst skal tole frakt før dei når butikkane, seier gardbrukar Jørn Erik Toppe.
Hans eigen «plukke-policy» er mykje strengare: Hans bær (av typen favori) skal ikkje plukkast for å tole to dagars transport, men først når dei er heilt modne.
Her er han heilt kompromisslaus sidan aromaen blir seint utvikla i modningsprosessen.
– Dei må rett i butikk og rett i magen din. Det er nok derfor mange føretrekker å køyre ut på garden, for å få heilt ferske bær.
Cathrine Røsseland i Økologisk Noreg har observert det same: Kresne jordbærelskarar går direkte til kjelda for å finne tilbake til smaken dei ein gong forelska seg i.
– Medlemmene våre melder om fulle lister for sjølvplukk. Fleire og fleire drar ut til produsentane for å plukke sjølv, seier ho.
Generalsekretær i Norsk Gartnerforbund, Morgan Andersson, seier at «krava til haldbarheit har endra den norske jordbærmarknaden»
– Før skjedde salet i stor grad langs vegane og på lokale marknader. Senga Sengana er eit godt eksempel på dette. Den må etast same dag som han blir plukka, og er ikkje eigna for tidkrevjande distribusjon.
(...)
Heile væla er bere jordbær,
finn eit strå, og træ dom på.
Eit er for gammalt, det skal få stå
Eit er for grønt, det går vi ifrå
men æille andre skal vi ta med hematt
og leve lykkelig med sukker på
– Alf Prøysen (1960)
«Mor, gi mig solen»
Jordbær med fløyte og sukker er ein umisteleg del av sommarritualet til nordmenn flest.
Om det framleis er «typisk norsk å vere god», er derfor ikkje berre eit spørsmål om nasjonal stoltheit; det er også eit spørsmål med eksistensiell klangbotn.
For visst er jordbærsmaken er ein kompleks interaksjon mellom sukker, syre og aromastoff, men han er også noko meir:
Vi mistar noko av oss sjølve om han blir borte.
Det er difor mykje som står på spel når Aftenposten-kommentator Kjetil Alstadheim spør «kvifor er ikkje norske jordbær så gode og søte som før?»
Han presiserer at han «er ingen jordbærekspert», men ironiserer i eit nyheitsbrev over «tunnel-revolusjonen» som tok jordbæra vekk frå sola og nattehimmelen – og gav dei husarrest under tak.
– Revolusjon kallar nokon det, sukkar han.
Arne Brimi meiner at norske jordbær har fått ein «flatare smak» etter at dei blei «designa for lang frakt og lagring».
– Norske jordbær har blitt dårlegare, sa han til Dagbladet heilt tilbake i 2015.
– Ekspertane vil sjølvsagt seie at eg tar feil, men eg hugsar godt at bæra var betre før.
– Dei unge føretrekker ein litt anna smak
Dei siste tretti åra har talet på norske jordbærprodusentar gått ned med ti-gonga, frå 2666 i 1993 til dagens 269 produsentar.
– Det betyr at det er ein mindre del av befolkninga som har tilgang til dei beste og ferskaste bæra, seier Jørn Haslestad, som har ansvar for frukt og bær i Norsk landbruksrådgiving.
Om det ikkje var ille nok, så viser forsking på smak og haldbarheit at norske jordbærelskarar har fått smaken på dei utanlandske jordbæra.
Særlege morgondagens jordbærelskarar – dei unge.
– Dei oppveksande slektene føretrekker eit litt anna smaksbilde enn det vi eldre gjer, seier Tom Christensen, som sjefprodusent for jordbær i Gartnerhallen.
Undersøkingar viser likevel at ideen om den norske jordbærsmaken står sterkt.
– Norske jordbær er framleis søtare enn importbær
– Eg held fast ved at norske jordbær er dei beste i verda. Jordbær bada i norsk fløyte er det ikkje mogleg å få nok av, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp).
Han er med på at færre jordbærprodusentar kombinert med meir lagring og transport «kan bety noko for smaken», men skriv det meste av den førestilte forverringa på kontoen for svermeri og «nostalgisk drøymeri».
– Før var det alltid mykje snø på vinteren, og var det ikkje også slik at sommarferien var lengre før? spør han.
– Som gutunge var eg med på sjølvplukk av jordbær på Jæren etter vekevis med regnvêr. Eg er ikkje overtydd om at kvaliteten og smaken var på topp då heller.
Verdas beste raude er ikkje så spesielle lenger, melde Statens landbruksforvaltning (SLF) for nokon år sidan.
Rapporten konkluderte med at importerte jordbær Belgia, Nederland, Tyskland og Spania langt på veg hadde utlikna kvalitetsforskjellen.
Men konklusjonen var ikkje utan kontroversar.
– Eg vil hevde at norske jordbær framleis er søtare og meir smakfulle enn importbær, seier Morgan Andersson, som er generalsekretær i Norsk Gartnerforbund.
Sjølv om alt håp var ute, heldt Abraham fast på håpet og trudde. Det same gjer Andersson:
– Den hemmelege ingrediensen vår er fleire soltimar enn resten av Europa, og kjølige netter. Dette bidrar til sakte modning, rikare aroma og søtare bær.
– Den lange modninga bidrar også til at norske bær har meir vitamin og fleire antioksidantar.
NRK
Anita Sønsteby, bærforsker Nibio
Senga Sengana var ikkje spesielt god på smak, men var flott som sylte-bær. Det som har endra seg dei seinare åra, er eit meir ustabilt og uføreseieleg vêr: ekstremt varmt, tørt vêr i periodar (eksempelvis juni 2023, og mai 2024), og store nedbørsmengder/skyte vêr i andre periodar. Dette gir utfordringar for bærprodusentane.
NRK
Cathrine Røsseland, Økologisk Noreg
Alle burde prøve økologiske norske bær og sjå om dei ikkje finn tilbake til kjensla frå barndommen. Økologisk dyrking er ein spydspiss innanfor berekraftig landbruk, nettopp fordi ein ikkje kan støtte seg på kjemiske sprøytegifter eller kunstig gjødsel, og derfor må jobbe saman med naturen. Vi trur at dette blir reflektert i smak.
Erling Fløistad
Anna Birgitte Milford, bærforsker Nibio
Nordmenn har høgare betalingsvilje for norske jordbær. Ikkje berre på grunn av smak, men også fordi dei kjenner seg tryggare på at dei norske bæra ikkje inneheld plantevernmiddelrestar. Norske jordbær får også ein betre smak fordi dei får meir lys og lågare temperatur enn importerte bær.
NRK
Gunnar Wærsted, Grøntprodusentenes samarbeidsråd
Den viktigaste grunnen til at det ikkje berre blir dyrka Korona i Noreg er utfordringar med arbeidskraft. Plukkarane, som er utanlandske, vil jobbe mest mogleg, og jordbær i tunnel er både meir effektiv å hauste, og ikkje like påverkeleg av klima. Det gir betre økonomi for plukkarane. Dette var annleis på 80- og 90-talet, der utanlandsk arbeidskraft var både billigare og lettare tilgjengeleg.
Ukjent
Jørn Erik Toppe, jordbærprodusent
Den einaste grunnen til at vi kan overleve som liten produsent er at vi kan levere dagsferske bær som smaker nydeleg. Sjølv om vi også dyrkar i tunnel, haustar vi dei så modne at dei aldri ville tolt to dagars transport. Dei må rett i butikk og rett i magen din. Eg trur derfor at ein hadde fått betre smak med fleire produsentar i nærleiken av der folk bur.
Magnus Molstad Olsen / NRK
Jørn Haslestad, rådgivar frukt og bær Norsk landbruksrådgiving
Ein veksande del av produksjonen blir omsett direkte til forbrukar frå produsent. Enten rett frå garden eller eigne utsal i nærområdet. I tillegg har enkelte produsentar avtale gjennom daglegvarekjedene om levering rett frå åker til butikk. Slike kortreiste bær er ofte av sortar med noko kortare haldbarheit, men med betre smak.
NTB
Tor Jacob Solberg, styreleiar i Norsk Bonde og Småbrukarlag
Vi ser ein trend der fleire av jordbærprodusentane reduserer areala og satsane sine meir på å selje meir på eiga hand. Eg vil tru at når vi stadig utvidar sesong og det er jordbær å få kjøpt nesten heile året så minster vi litt gleda av å vente på noko godt. Senga Sengana var kjent som ein sort som hadde mykje god smak, men var veldig utsett for sjukdom.
NRK
Tom Christensen, sjefprodusent for jordbær i Gartnerhallen
Klimaet endrar seg slik at produksjon på dei sortane som i tidlegare tider var dominerande ikkje lengre blir rekningssvarande. Senga Sengana forsvann som hovudsort i førre tusenår, og Korona, som var dominerande i mange år, svinn hen. Forbrukaren kjøper med auget, men ønsker framleis å behalde det gode smaksbildet.
NRK
Sonata
Sonata er ein av dei store nyare sortane som har komme på marknaden og som ser ut til å slå godt an. Den er stor og fin, nydeleg raudfarge og god søt smak. Sonata har bra haldbarheit.
Kjelde: Bioforsk, Norgro og Graminor.
NRK
Korona
Korona er utvikla i Holland og modnar middels tidleg. Dei er store med svært fin og aromatisk smak. Bæra er lite faste og har svak overflate. Dei må derfor behandlast varsamt. Fargen er litt lys, og eignar seg derfor ikkje så godt for konservesindustrien.
NRK
Senga Sengana
Senga Sengana modnar nokre dagar seinare enn Korona. Bæra er middels faste, litt syrlege, men har god kvalitet både som spisebær og særleg for konservesindustrien.
NRK
Frida
Frida modnar nokre dagar seinare enn Korona, og gir svært store bær. Bæra har ein flott raudfarge, syrlege, faste og gjennomfargede bær som smaker svært godt. Sorten passar først og fremst som spisebær, men er også fin til konserves.
NRK
Saga
Store raude, litt breie bær med god gjennomfarging. Kjernen er litt lysare raud. Smaken er svært god. Bæret er fastare og har betre skalstyrke enn Korona, og har av den grunn betre haldbarheit etter hausting enn denne. Saga har vist seg å ha gode eigenskapar for industrien.
NRK
Honeoye
Honeoye er ein eldre sort som gir store, mørke bær. Bæra er nokså syrlege, men godt modne bær smaker bra. Den mørke bærfargen gjer sorten brukbar også for konserveringsindustrien.
NRK
Rumba
Ein ny sort som modnar omtrent på same tid som Honeoye. Store og faste skinande raude bær med god haldbarheit. Smaken er relativt nøytral, men blir han ikkje hausta for tidleg, gir den eit godt smaksinntrykk. I tillegg til tidlegproduksjon på friland, er Rumba også ein aktuell sort til produksjon i tunnel.
NRK
Florence
Florence er ein sort som har blitt tatt i bruk dei siste åra. Bæra modnar seint, og kan utvide sesongen ein til to veker. Bæra er faste og litt lyse på fargen. Smaken er bra, og sorten har derfor blitt godt mottatt av forbrukarane.
NRK
Polka
Polka er ein sort som også modnar litt seinare enn Korona. Bæra er middels store, faste og søtsyrlege og gode som spisebær. Mørk raudfarge også innvendig.
NRK
Zefyr
Zefyr er ein sort som modnar tidleg og som har blitt dyrka i Noreg sidan midten av 1960-talet. Ei svakheit med sorten er at han har svak resistens mot mjøldogg. Sorten gir store bær. Har god kvalitet som spisebær, men dei eignar seg ikkje til konservering.
NRK
Malwina
Malwina modnar seint og eignar seg derfor til å forlenge sesongen. Mørkerøde bær med god smak og relativt god haldbarheit.
NRK
Nobel
Nobel er ein av dei nyare sortane som mange har tru på. Veldig fine kjegleforma bær med jamn farge og fin glans. Faste bær med god smak.
Publisert 12.07.2024, kl. 12.21