Britisk politi har pågrepe ein 26 år gammal mann, mistenkt for drapet på tre kvinner i Storbritannia.
Ifølgje politiet vart dei tre kvinnene, som var i slekt, funne alvorleg skadde i eit hus i Bushey i Hertfordshire, nordvest for London, tysdag kveld. Politi og ambulansearbeidarar prøvde å redde dei, men alle tre vart erklærte døde på staden. Dei tre kvinnene skal vera døtrene og kona til BBCs sportkommentator John Hunt.
I ettertid har politiet leita etter den mistenkte, som dei mistenkte gjekk rundt med ei armbrøst. Dei ba folk halda seg vekke frå området. No er mannen pågrepen.