Minst 110 menneske trampa i hel på religiøst møte i India

4 months ago 25


Tragedien utfalda seg kort tid etter ein hinduistisk religiøs seremoni i landsbyen Hathras, skriv lokale medium.

Panikk skal ha spreidd seg då deltakarar freista å forlate arrangementet, noko som førte til at fleire blei trampa i hel.

Ifølge lokalt politi var opp mot 15.000 deltakarar til stades, sjølv om arrangørane berre hadde løyve til å huse 5000. Styresmaktene i distriktet meiner varmen bidrog til uroa.

– Då tenesta var ferdig, starta alle å springe ut, seier ei kvinne namngitt som Shakuntala til nyheitsbyrået Press Trust of India.

India Stampede

Sørgande samlar seg rundt ein av dei døde utanfor Sikandrarao-sjukehuset i Hathras-distriktet.

Foto: Manoj Aligadi / AP

– Folk datt ned i ein rennestein ved vegen. Dei byrja å dette oppå kvarandre og hamna i klem til dei døydde.

Ein lokal toppleiar seier til nyheitskanalen India Today at dei har funne 116 døde personar.

Samtidig er fleire enn 150 sende til sjukehus med skadar, skriv New York Times.

Krev at hendinga blir etterforska

Ein annan leiar i landsbyen Hathras, Ashish Kumar, seier det dreier seg om mange kvinner og nokre barn.

– Mot slutten av samlinga, då deltakarane skulle ut, hende dette grunna svært høg luftfukt, seier han ifølge avisa.

Sjefministeren i delstaten har gitt ordre om at hendinga skal etterforskast.

India Stampede

BBC melder at slektningar har byrja å frakte offera til sjukehus med lastebilar, tuk-tukar og til og med motorsyklar. Biletet viser ein ambulanse ved Sikandrarao-sjukehuset.

Foto: Manoj Aligadi / AP

Umesh Kumar Tripathi, ein sjukehusleiar i nabodistriktet Etah, seier til lokale medium at medisinsk personell har identifisert tre døde barn.

Han fortel vidare at ein komité har blitt forma der for å etterforske hendinga. Styresmaktene der seier at undersøkingar av dei avdøde er i gang.

– Hovudfokuset til administrasjonen er å stille med all mogleg hjelp til dei skadde og slektningane til dei som er døde, seier Tripathi.

– Dødstalet kan kome til å stige.

Publisert 02.07.2024, kl. 17.40 Oppdatert 02.07.2024, kl. 17.45

Read Entire Article