Milepæl for milliardprosjektet: Første skip for norsk transport av CO₂ er ferdig i Kina

2 hours ago 1


Drifts- og logistikkdirektør Bjørn Jordal i Northern Lights går om bord i verdas første transportskip for å frakte flytande CO₂ til lagring.

– Ein veldig spesiell og stolt augneblink!

Skipet er laga på kinesisk jord, men skipet skal hente si last i Europa. Så skal karbondioksiden sendast til eit nyopna mottak i Øygarden utanfor Bergen.

Deretter skal CO₂-en sendast gjennom røyr og lagrast under havbotnen.

Bjørn Jordal

Bjørn Jordal er drifts- og logistikkdirektør i Northern Lights.

Foto: Fang Yongbin / NRK

Karbonfangst, -transport og -lagring, heiter det som for første gang skal bli ei kommersiell teneste, ved selskapet Northern Lights.

Det er transport-delen av prosjektet som no har nådd ein milepæl.

– Formålet vårt er å bidra til å redusere industrielle utslepp og å nå klimamåla våre, seier Jordal.

Overtaking i Kina

Kinesiske trommer og løvedans markerer overleveringa av det ferdige skipet frå Dalian Shipbuilding Industry.

Foto: Philip Lote / NRK

Skal 110 kilometer ut i havet

Akkompagnert av tradisjonelt trommespel og løvedans entrar Jordal «Northern Pioneer» ved eit verft i den kinesiske kyst- og industribyen Dalian.

Mens han passerer, legg verftsarbeidarar siste strøk med måling på dekk.

– Eg er veldig fornøgd og kry. Det kjenst godt å sjå resultatet av noko du har jobba hardt med så lenge, seier verftsarbeidar Wang Zheng ved Dalian Shipbuilding Industry.

Northern Pioneer verftsarbeidarar

Verftsarbeidarar ved Dalian Shipbuilding Industry Co (DSIC) legg siste hand på verket.

Foto: Philip Lote / NRK

Dette er det første av fire skip som skal transportere CO₂ frå mellomstore industrianlegg i europeiske hamner til Øygarden i Vestland.

Mottaksterminalen opna i september. Heilt utan CO₂, og før det var ferdig.

Når skipa omsider kjem i gang med å frakte CO₂ dit, skal lasten bli mellomlagra i Øygarden, før den blir pumpa gjennom 110 kilometer med røyrleidningar ut i havet.

Der blir den lagra 2600 meter under havbotnen.

– Trygg, sikker og permanent lagring i vårt reservoar, seier Jordal.

– Skipa er ein veldig viktig del av verdikjeda. Det gir ein fleksibilitet til å gå dit kundane er, og kunne skalere i forhold til marknaden, seier Jordal.

Overtaking i Kina

Bjørn Jordal i Northern Lights om bord skipet saman med Kaja Glomm, ambassaderåd ved Noregs ambassade i Kina.

Foto: Philip Lote / NRK

Kinesisk verft vann anbod

«Northern Pioneer» er 130 meter langt, 21 meter breitt og kan romme 7500 kubikkmeter med last. Det blir drive av naturgassen LNG, og har vindassistert rotorsegl og luftsmøring.

Verftet i Kina fekk oppdraget i 2021 og blei valt etter ein global anbodsprosess.

– Verftet oppfylte kriteria på kvalitet, teknologi, HMS og mange ulike parameterar, seier Jordal.

Han fortel at eit norsk team har følgd konstruksjonen dag for dag, mellom anna for å verne om teknologi og sikkerheit.

Northern Pioneer Stavanger

Foto: Philip Lote / NRK

Snart står også søsterskipet «Northern Pathfinder» klart. Det skal segle til Noreg i desember. Dei siste to skipa blir levert av verftet seinare.

Northern Pathfinder

Søsterskipet Northern Pathfinder seglar mot Noreg i desember.

Foto: Philip Lote / NRK

– Vi er svært stolte over å ha designa og konstruert verdas første skip for kommersiell CO2-transport, seier Lin Jiming, visepresident ved DSIC, det kinesiske verftet i Dalian.

Skipet skal registrerast i Noreg og driftast av det japanske transportselskapet K Line (Kawasaki Kisen Kaisha Ltd.).

– Vi er glade for å ha nådd ein stor milepæl. Vi vil bidra til avkarboniseringa av Europa gjennom trygg og påliteleg transport av flytande CO₂, uttalar Yukikazu Myochin, president og administrerande direktør i K Line.

Har tru på kommersielt potensial

Prislappen for fornybar-prosjektet vil komme på totalt 10 milliardar kroner.

Det inkluderer anlegget i Øygarden, røyrleidningar og boring av brønnar ned i havbotnen utanfor norskekysten.

Eigarane er Equinor, Shell og Total. Men den norske staten skal subsidiere 80 prosent av prosjektet i ti år.

No har dei to kommersielle kundar: Yara i Nederland og Ørset i Danmark.

I neste fase av prosjektet skal anlegget i Øygarden byggast ut, og då skal alle kundar vere kommersielle, understrekar Jordal.

Northern Light skip Kina_

Bjørn Jordal er drifts- og logistikkdirektør i Northern Lights.

Foto: Fang Yongbin / NRK

– Når tenker de at prosjektet vil gå med forteneste?

– Kalkylar gir oss ei lønsemd ganske raskt. Men marknaden er under utvikling heile vegen. Vi ønsker sjølvsagt å tene pengar så raskt som mogleg, men det viktigaste for oss er at vi får ein marknad som fungerer, seier Jordal.

– Hovudhensikta og mandatet vårt er å bygge ei verdikjede og bevise at karbonfangst- og lagring er ei berekraftig utvikling, legg han til.

Deler gjerne om teknologien

Allereie før overlevering har det vore interesse frå kinesiske selskap for teknologien, stadfestar verftet.

– Eg trur at om to-tre år vil det vere kinesiske selskap som ønsker å starte innan same forretningsområde, seier marknadsdirektør Peng Guisheng i Dalian Shipbuilding Industry.

Northern Pioneer

Siste ferdigstilling før skipet kan segle mot Europa-

Foto: Philip Lote / NRK

Northern Lights meiner det er meir enn nok CO₂ til alle, og at fleire aktørar vil gi ein større marknad.

– Vi treng alle gode krefter for å nå våre globale klimamål. Det vi ikkje deler, er det kommersielle aspektet av det vi driv med, seier Jordal.

For å dele kunnskap og erfaring frå nybrottsarbeidet, har selskapet oppretta eit besøkssenter i Øygarden.

– Vi har hatt 10.000 besøkande på to år frå over 50 ulike land i verda.

Korleis skal de tene pengar framover, viss andre får tak i den same teknologien?

– Vi ønsker auka konkurranse veldig velkommen. Det vil også gi ein modenskapen på karbonfangst- og lagring som vi treng for å nå klimamåla, seier Jordal.

Bildet viser mottaksanlegget Northern Lights i Øygarden.

Mottaksanlegget til Northern Lights i Øygarden utanfor Bergen.

Foto: Ronald Hole Fossåskaret / NRK

Publisert 25.11.2024, kl. 21.25

Read Entire Article