Marius Borg Høiby også sikta for skadeverk

3 months ago 22


Politiadvokat Nora Beck ved Enhet Sentrum i Oslo politidistrikt opplyser til NRK at siktinga i helga gjelder både kroppskrenkelse og skadeverk.

Samstundes opplyser at ho må komme tilbake til oss med ytterlegare uttale.

Sikta for kroppskrenking.

Det var i helga at Marius Borg Høiby (27) blei pågripen og sikta for kroppskrenking.

Det stadfesta Høibys forsvarar Øyvind Bratlien til NRK tysdag.

– Han er sikta for kroppskrenking som etter lova er den minst alvorlege forma for vald, sa advokat Øyvind Bratlien til NRK då.

NRK har vore i kontakt med Bratlien igjen onsdag, som ikkje ønsker å kommentere saka.

Heller ikkje kongehuset ville seie noko som saka, og viste til Bratlien.

Kronprinsesse Mette-Marit skulle etter planen vore i Paris under OL tysdag. Den turen blei utsett, men kongehuset seier at kronprinsessa ønsker å vere på plass seinare.

Oslo Politidistrikt stadfester at dei arresterte og sikta ein person for kroppskrenking søndag føremiddag, men vil ikkje stadfeste at dette er Høiby. PST blei også varsla om ei hending.

Publisert 07.08.2024, kl. 12.22 Oppdatert 07.08.2024, kl. 12.25

Read Entire Article