Mangel på populær norsk ull: – Det hastar å snu utviklinga

1 month ago 11


Norsk ull «klør» mindre enn før. Fleire strikkarar omfamnar i alle fall den kortreiste ulla.

– Dei siste par åra har eg verkeleg fått auga opp for norsk ull, seier Stine Meidell Meling, som har eigen strikkeprofil på Instagram.

25-åringen frå Bømlo jobbar i garnbutikk i Bergen ved sida av studia.

– Det er viktig å tenka på kva garnet inneheld. Og norsk ull er den mest berekraftige ulla me kan få tak i her i landet.

Strikkedesignarar bruker også meir norsk ull i oppskriftene sine. Dei bruker ord som kvalitet, tradisjon og berekraft.

  • Strikkedesign av Stine Erikstad

    Silje Mari Karlsen

    Stine Erikstad, stineerikstadknitwear

    Det første jeg tenker på når jeg tenker norsk ull er ekthet, kvalitet og tradisjon. Jeg vet at når jeg designer plagg med norsk ull er det plagg som varer i generasjoner, og som gjerne blir penere desto mer man bruker de.

    Jeg tror at mange av dagens strikkere er opptatt av både miljø og bærekraft, dyrevelferd og at plaggene som skapes skal vare.

  • Ingvild Grane, strikkedesignar som heiter Skaperrom

    Skaperrom

    Ingvild Grane, Skaperrom

    Eg designar i all hovudsak vottar, og bruker alltid rein norsk ull til vottane. Vottar i norsk ull er slitesterke og blir tova naturleg i bruk, og blir berre varmare og mjukare jo meir dei blir brukte. At ulla held seg varm sjølv om vottane blir våte, er ein stor bonus i vårt norske vinterklima. Dessutan er norsk ull kortreist, og dermed eit langt meir miljøvenleg val enn ull frå andre land.

  • Design av Enya Ødegaard i Aftenstrikk

    Aftenstrikk

    Enya Ødegaard, Aftenstrikk

    Jeg er utrolig glad i den norske ulla, og bruker stort sett det i alt jeg lager. Norsk ull er tradisjon, og det har nok alltid vært populært. Men jeg tror kanskje en litt yngre generasjon også har fått øynene opp for Norges (g)ull de siste årene.

    Jeg håper nedgangen vil snu og at det blir bedre og mer lønnsomt for bonden som ønsker å drive med saueraser som er egnet til råstoff til garn.

  • Strikk av strikkedesignar Siri Nilsen, som kallar seg Krauseri

    Siri Nilsen

    Siri Nilsen, Krauseri

    Det er mange grunner til at jeg elsker å bruke norsk ull når jeg strikker og designer. Den viktigste grunnen er vel at det føles logisk å bruke et materiale som eksisterer helt naturlig i kort avstand fra både meg som lager oppskriftene og kundene mine som skal strikke plaggene.

    Siri Nilsen har i mange år designa oppskrifter på eigne bein, men er no tilsett som designar for Rauma Ullvarefabrikk.

Færre norske sauer med god ull

Samtidig som etterspurnaden er stigande, går tilgangen ned.

I fjor blei det produsert 898 tonn av den aller beste kvaliteten av norsk kvit sau (NKS), viser tal frå Animalia. Det er ein nedgang på rundt 28 prosent sidan 2016.

Fleire sauebønder går også over til meir lettstelte sauerasar med dårlegare ullkvalitet som ikkje kan brukast, ifølgje Norsk sau og geit (NSG).

– Ulla er eit biprodukt, som bøndene tener lite på. Dei klipper sauene på grunn av dyrevelferda, og fordi det er eit produkt industrien vil ha og som dei er stolte av, seier Eirik Kolbjørnshus, som er leiar i ull- og klipperådet i NSG.

Sauer som skal klippast

Det er slike sauer industrien spør etter. Dette er norsk kvit sau som ventar på haustklippen under NM i saueklipping i Etne i år.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Støvsugar marknaden for ull

Ein halvtimes køyretur nord for Bergen, ligg Hillesvåg ullvarefabrikk, som har produsert garn av norsk ull sidan 1898.

I pandemien auka omsetnaden med 50 prosent på to år, og har halde seg høg sidan, ifølgje dagleg leiar Øyvind Myhr. Men det er blitt vanskeleg å få tak i nok råvare.

– Eg tenker ein god del på dette. At det går nedover med norsk ullproduksjon, er jo eigentleg ein katastrofe for norsk tekstilindustri og distrikta.

Hillesvåg ullvarefabrikk

Mesteparten av produksjonen ved Hillesvåg Ullvarefabrikk er framstilt av norsk ull frå ulike sauerasar.

Foto: Ingvild Eknes/Hillesvåg Ullvarefabrikk

Også Rauma Ullvarefabrikk i Romsdalen spesialiserer seg på garn. Frå 2019 til 2023 auka produksjonen deira av norsk ull frå rundt 135 tonn til rundt 250 tonn.

– Me bruker alt me kan få, og hadde kjøpt meir viss det hadde vore tilgjengeleg, seier dagleg leiar Erling Digernes.

Utviklinga er urovekkande, og det hastar å snu trenden.

Tekstilindustrien slit også med å få tak i nok norsk kvalitetsull.

Vil ha meir for ulla

Det er statlege tilskot som utgjer nærast all betaling for ull til sauebøndene.

Gjennomsnittssatsen for all klassifisert ull ligg på 45 kroner kiloen. For den aller beste kvaliteten får bøndene no 68 kroner i tilskot. Tilskota auka i snitt med 3 kroner i år, og 6 kroner for den finaste ulla.

– Men i realiteten har prisen stått stille sidan 1990-talet. Hadde han vore prisjustert, så skulle betalinga vore det dobbelte, opp mot 120 kroner per kilo.

Det meiner Egil Sundet, som er bransjesjef for designindustri i Norsk Industri.

Han seier importen av ull frå andre land er aukande for å dekka behovet, og har løfta saka til Stortinget og regjeringa i håp om å auka tilskota.

Det er ein dramatisk situasjon ikkje berre for industrien, men for norske tradisjonar og beitekultur. Det må bli lønsamt igjen å vera sauebonde.

– Har industrien sjølv eit ansvar for å sikra god nok betaling til bøndene?

– Norsk ull kostar om lag det same som utanlandsk ull for produsentane. Dette er prisar som blir sette av ullbørsen i England. Produsentane blir utkonkurrerte viss dei må betala særleg mykje meir for norsk ull.

Hillesvåg ullvarefabrikk

Norsk ull ved Hillesvåg Ullvarefabrikk.

Foto: Ingvild Eknes/Hillesvåg Ullvarefabrikk

Landbruks- og matdepartementet stiller nemleg spørsmål om ikkje industrien kan betala meir for ulla, når ho er så attraktiv.

Dei viser til at norsk ull både er viktig som råvare for industrien og for mange norske kulturtradisjonar.

– Regjeringa prioriterer norsk ull gjennom høge tilskotssatsar, som for neste år inneber ei venta samla utbetaling på nær 118 millionar kroner, skriv fagavdelinga i departementet i eit svar til NRK.

Inspirert av mormor

Stine Meidell Meling har strikka i rundt ti år, sidan ho gjekk på ungdomsskulen.

– Det var mormor som byrja å læra meg. Men no har det kome så mange andre og nye teknikkar, at det er eg som må læra mormor, ler ho.

Ho har fleire enn 3000 følgarar på Instagram, og er del av eit veksande miljø med strikkande påverkarar. Og der fleire strikkar med norskprodusert garn.

– Det er avslappande å strikka. Det er veldig deilig å ha noko å gjera på når eg er sliten etter ein lang dag. Og så synest eg det er veldig fint med strikkeplagg.

Stine Meidell Meling

Stine Meidell Meling strikkar på jobb berre fordi NRK er på besøk. Ho har på seg ein sjølvstrikka genser i ein tråd med norsk ullgarn og følgetråd i alpakka og silke.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Publisert 24.10.2024, kl. 06.05

Read Entire Article