– Det er litt trist, eg mister alle venane mine, som skal på ein annan skule enn meg, seier Ola Larsen i 4. klasse.
Fredag var siste dagen med barneskule på Litlabø i Stord kommune i Vestland.
– No er det ei lita bygd som mister hjartet sitt. Det er litt tungt.
Lærar og verneombod Sissel Fossøy har tårer i augekroken.
Skulen i det gamle gruvesamfunnet har eksistert i 99 år, og skulle feira 100 år i 2025.
Men slik vart det ikkje.
I slutten av mai vedtok eit fleirtal i kommunestyret å leggja ned skulen, etter få vekers prosess og stor motdemonstrasjon.
Dårleg kommuneøkonomi er hovudårsaka.
– Vi har vore både sinte, leie oss og alt på ein gong. Prosessen har vore alt for kort. Det skulle ikkje vere så lett å legge ned ein skule, synest vi, seier læraren.
– Behov for færre skuleplassar
Landet rundt blir det stadig færre og stadig større skular.
- Ein bygdeskule på Kornsjø i Halden i Østfold er lagt ned til store protestar. Elevar får to timars busstur til ny skule.
- Tre barneskular er føreslått nedlagt i Haugesund i Rogaland, ifølgje Haugesunds Avis.
- Molde i Møre og Romsdal greier ut å legge ned fem skular.
- Målselv i Troms vurderer å legge ned to grendeskular.
- Harstad i Troms skal omstrukturere skulane.
Særleg er det dei små skulane i dei små kommunane som blir lagt ned, men det skjer også i større kommunar.
Trenden ser ikkje ut til å snu med det første.
For det er inga grunn til å tenke at det vil bli færre nedleggingar dei neste ti åra, ifølgje kommuneekspert Håvard Moe.
Han er seniorrådgjevar i KS Konsulent, som blir eigd av KS, kommunesektorens organisasjon.
– Talet på barn går kraftig ned i Noreg. Det er rett og slett behov for færre skuleplassar, og det blir meir ledig skulekapasitet. Det har ikkje kommunane råd til, seier kommuneeksperten.
63.000 færre barn neste ti år
Moe viser til framskrivingar frå Statistisk sentralbyrå. Dei viser at talet på barn i alderen 6-15 år vil søkke med 63.671 frå 2024 til 2035.
Tabellen over viser at det kan skje ein oppsving i talet på barn rundt år 2039. Men auken vil neppe skje ute i distriktskommunar, då barnefamiliar truleg vil busetje seg i sentrale strøk, ifølgje SSB.
Dermed må fleire skular bli lagt ned dei neste ti åra, meiner Moe.
Ikkje minst på grunn av at kommunane treng pengar til eldrebølga som er på veg.
Det er særleg på bygda at behovet for skuleplassar går ned.
– Sentraliseringa fører til at mange flyttar inn mot dei store byane, eller frå bygdene til kommunesentera. Vi har framleis alt for mange grendeskular i forhold til behovet vi har, seier Moe.
Fryktar å bli enno større avkrok
Elevane på Litlabø vart før ferien førebudde på at dei no skal fordelast på to andre skular.
Elevane Igor Tysa og Amalia Mättäla Larsson synest det er både trist og rart.
– Det blir fint å få nye vener på ny skule, seier Igor.
– Men skulen rakk ikkje å bli 100 år, seier Amalia.
Rektor Anne Hege Rogne er trist og matt etter nedleggingsvedtaket.
– Vi håpa i det lengste at vi i alle fall skulle få eitt år til. Skulevegen blir for enkelte lang, og deler av vegen mot E39 er farleg. Det er stor trafikk og ikkje gangfelt, seier ho.
Lærar Sissel Fossøy meiner Litlabø på Stord no vil bli ein større avkrok enn det har vore før.
– Trur du mange barnefamiliar kjem til å flytte vekk frå Litlabø?
– Eg trur i alle fall at ein heil del ikkje kjem til å busette seg her. Mange har busett seg her fordi det er barneskule i nærleiken, og det er jo veldig trist for dei som ikkje kan få sende ungane sine på skulen her, seier Fossøy.
– Ein evig runddans
Sjølv om foreldre måtte true med å flytte om skulen forsvinn, skjer det sjeldan i praksis, ifølgje Håvard Moe i KS.
– Folk flyttar ikkje berre fordi ein legg ned barneskulen og elevane må begynne å køyre skulebuss, hevdar han.
Han skjønar godt at folk slåst for ikkje å miste skulane sine.
– Men samstundes vil ein jo heller ikkje betale meir i skatt. Med færre barn, blir rammeoverføringa til kommunane lågare. Kor skal ein ta det då?
– Fordi barnetalet går så kraftig ned, er det mindre behov for skular framover. Dette er ein evig runddans, seier Moe.
Publisert 26.06.2024, kl. 15.25