– Eg veit framleis kor eg er frå. Det endrar ikkje kor eg er fødd. Eg representerer familienamnet og namnet mitt, seier Diana Shnaider til NRK.
Ho er blant dei 15 russiske utøvarane som får delta i OL. I ei heilt nøytral kvit drakt har ho nettopp spelt opningskampen sin i tennisturneringa.
Vi har snakka med fire av dei 15 russiske utøvarane i OL.
Fekk åtvaring etter «politisk spørsmål om flagg»
Reglane for utøvarane er omfattande. Dei kan ikkje ha støtta krigen, ikkje ha koplingar til militæret eller militære idrettsklubbar. Da IOC først bestemte at russiske utøvarar skulle få delta i OL, rekna dei med at 36 utøvarar skulle få delta. Det var også talet som til slutt blei invitert til leikane, men berre 15 av dei har takka ja.
Ingen russiske flagg er tillatne i OL, verken på banen eller tribunen. Men då to russiske AIN-utøvarar spelte søndag morgon, hadde ein tilskodar likevel tatt med seg eit russisk flagg. Han ropte og heia på dei russiske utøvarane, men flagget blei aldri tatt frå han.
– Kva kan vi gjere? Vi kan ikkje hoppe opp på tribunen å ta bort flagga. Eg veit ikkje kven den fyren er. Nokon veit kanskje ikkje reglane og kva dei må forhalde seg til. Men dette er ikkje noko vi og trenarane kan gjere noko med, seier Shnaider.
I ettertid fekk NRK tilsnakk for «å stille politiske spørsmål om flagg» av dei ansvarlege i pressesona.
Får spørsmål i OL-landsbyen
For tennisutøvarane er ikkje forskjellen så stor frå korleis det er til vanleg. Dei representerer sjeldan landet sitt i konkurransekvardagen.
– På tennistouren representerer ein jo alltid seg sjølv. Eg speler for meg sjølv. Vi har spelt sånn i to og eit halvt år. For oss er det ikkje så mykje nytt, vi er vande til det. Eg har eigentleg ikkje tenkt på det. Kvar gong eg går på banen, representerer eg meg sjølv, seier Jekaterina Aleksandrova, som rauk ut av singelturneringa med tap i første runde, til NRK.
Men i OL-landsbyen er ting annleis, meiner landskvinna Shnaider.
– Eg kjenner det er mykje det same på banen. Men alle ser på oss i OL-landsbyen fordi vi ikkje har noko namn på tøyet vårt. Så alle spør kor eg er frå. Men det er greitt, alle er veldig vennlege. Eg har ikkje noko problem med det, fortel ho.
I svømmehallen er det berre éin russisk nøytral utøvar med: Evgenii Somov.
Han har budd i USA sidan 2017. I svømming representerer ein klubblaget med unntak av EM, VM og OL. Men dei meisterskapane er det til gjengjeld mange av.
– Eg skulle gjerne hatt lagkameratane mine her. Det er heilt sikkert. Men i denne situasjonen, kva kan eg gjere? spør Somov retorisk til NRK.
Han har både den amerikanske trenaren og nokon venner frå universitetet med seg til Paris.
– Eg tenker ikkje så mykje om det (å vere nøytral utøvar). Viss det var det som skulle til for å komme seg til OL, så var det det eg måtte gjere, seier Somov.
Syklisten Tamara Dronova berre trekker på skuldrene av NRKs spørsmål.
– Det er ikkje noko spesielt med å vere individuell utøvar. Eg held meg mest for meg sjølv. Det går heilt fint, vi syklar mest for dei profesjonelle laga våre.
Blir ikkje vist på russisk TV
I forkant av OL var det store diskusjonar i Russland om det å delta som nøytrale utøvarar. I både bryting og judo takka alle utøvarane nei til å delta, rett og slett fordi dei meinte regelverket var for strengt.
Inna Sangadzhieva i Den Norske Helsingforskomité fortel at russiske medium knapt følger med på dei russiske utøvarane i OL, men at opningsseremonien har blitt heftig kritisert.
– Det var for mykje «skitten underhaldning» for russiske myndigheiter. Det kom også kritikk mot Frankrike i og for seg. Det var tradisjonell svartmåling av heile arrangementet, seier Sangadzhieva.
Ifølge uavhengige Novaja Gazeta skal tidlegare president, Dmitrij Medvedev, ha omtalt opningsseremonien som «eit ekkelt syn» og ha bede russarane om å slutte å sjå på.
Ifølge Sangadzhieva er det første gong på 40 år at ikkje russiske medium sender OL på TV.
– Russiske medium omtalte jo leikane som eit forræderi om ein deltok. Det var før OL, seier ho og legg til:
– Det dei har prioritert er å svartmåle vesten. Spesielt i samband med opninga av OL. Russisk TV viser ikkje OL i Russland, men folk ser på det via VPN og YouTube. Russiske myndigheiter reduserte i dag farten på YouTube, blant anna på grunn av OL. Men også for å avgrense uavhengige medium, seier Sangadzhieva.
Publisert 08.08.2024, kl. 05.29