Hausten 2021 stod nordmannen Oliver Horvei og singaporske Wei Qiu i kommunestyresalen i kraftkommunen Vågå.
Selskapet deira heitte Krefter AS og hadde eigarar frå Singapore. Nå ville dei ha næringsareal og straum, veldig mykje straum.
Politikarane vart lova datasenter og anslo opp mot 120 arbeidsplassar. Kommunen sa ja, og så var sirkuset i gang.
– Dei hadde det tullete travelt, seier ordførar Harald Sve Bjørndal.
Straum og statlege heiarop
For var det eigentleg eit datasenter selskapet ville etablere? Eller hadde dei segla inn i bygda under falskt flagg?
Både kommunen og innbyggarane var skeptiske og frykta målet var utvinning av digital valuta.
– Vi hadde tidleg kontakt med både PST, statsforvaltar og departement, for vi var urolege, seier Sve Bjørndal.
Men selskapet Krefter AS forsikra kommunen om at dei skulle drive datasenter, og styresmaktene meinte kraftkommunar som Vågå burde legge til rette for slik aktivitet.
Allereie i 2018 lanserte fire ministrar i Solberg-regjeringa visjonen om Noreg som attraktiv datasenternasjon.
Fornybar og billig energi, solid infrastruktur og god plass, gjer Noreg til eit godt eigna land for etablering av datasenter.
Slik skulle framtidas arbeidsplassar skapast, ikkje minst i distrikta, meinte daverande distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H) i 2021.
Dataselskap banka på døra hos kraftkommunar over heile landet.
I lokala til ein tidlegere tekstilfabrikk i Vaksdal kommune, dura 2000 datamaskiner døgnet rundt for å produsere digital valuta i 2018.
I Alvdal i Nord-Østerdal lova russiske investorar i 2018 ein milliard kroner og 65 arbeidsplassar på å utvinne kryptovalutaen bitcoin.
Fleire aktørar banka også på døra til kraftkommunen Vågå i Innlandet.
Kva skal Noreg bruke krafta til?
Dei som banka på døra i Vågå, banka hardt.
Dei førebudde kommunen på at dei måtte bygge bustader, for Krefter ville trenge mellom 50 og 120 personar i fast jobb.
Drifta skulle starte alt våren 2023.
Men snart fekk kommunen og det lokale kraftselskapet andre ting å henge fingrane i.
Nokså tidleg vart det kjent at selskapet hadde sett i gang arbeid på to adresser utan gyldig løyve.
Vågå kommune såg alvorleg på saka og svara med byggestopp, pålegg om retting og tvangsmulkt på 150.000 kroner.
Oliver Horvei, som den gong var dagleg leiar i selskapet, vedgår at det vart mange feilgrep.
– Det var eit enormt press frå kundar og investorar for å sikre at prosjektet skulle kunne gjennomførast, blanda med dårleg handtering av det presset og kulturskilnader.
Horvei hevdar vidare at intensjonen til Krefter var datalagring, men at ulike forseinkingar og feilgrep førte til ei mellombels satsing på bitcoin.
Du kan lesa meir av hans forklaring nedanfor.
Totalt har nettselskapet Fjellnett greia ut 16 ulike tilkoplingar på næringsareal i Vågå og Sel kommunar på førespurnad frå Krefter.
For Krefter hadde heile tiden ønske om fleire prosjekt samtidig, mellom anna å bygge eit hyperscale datasenter med eit straumforbruk tilsvarande Trondheim by.
– Det har i periodar vore ekstremt mykje spørsmål om nye straumpunkt. Kommunikasjonen har til tider vore utfordrande, seier dagleg leiar i Fjellnett, Vebjørn Haugen.
Han meiner at folk hadde ulik oppfatning av kva som blei diskutert og beslutta, når samtala foregikk på engelsk - eit språk ingen av partane har som morsmål.
Tidlegare dagleg leiar og investor, singaporske Wei Qiu, hevdar på si side at kommunikasjonen vart komplisert fordi tilsette i kraftselskapet skal ha nekta å snakke engelsk med han.
- Fleire er uroa for at landet blir «støvsoge» for kraft. Har Noreg gapt over for mykje?
Frykta for krypto
Samstundes går kryptoalarmen i Vågå kommune. Eit femtitals containerar, bestilt av Krefter, med overmåla tekst har vorte plassert på Lalm og Otta.
– Det var eit tydeleg signal, for vi fekk høyre at dette var containere som var spesiallaga for å vinne ut kryptovaluta på Lalm, seier Sve Bjørndal.
Han legg til at Krefter i fleire møter insisterte at dei ikkje skulle vinne ut kryptovaluta, og at containerane ikkje skulle brukast til dette
Ordføraren seier at det har vore heilt uaktuelt for Vågå kommune å selja næringsareal til Krefter AS om målet var utvinning av digital valuta.
– Vi har sagt nei til fleire aktørar med det formålet tidlegare.
Både kryptoutvinning og datalagring er lovlege aktivitetar i Noreg, men det er stor skilnad på samfunnsnytten, meiner NTNU-ekspert Gaute Bjørklund Wangen.
– Det er stort behov for datalagringssenter i Noreg. Særleg i urolege tider som nå.
Derimot er det vanskeleg å sjå den store samfunnsnytten i å bruke mykje kraft på å vinne ut ein digital valuta.
– Problemet ligg i at den utvunne kryptovalutaen lett kan flyttast ut av landet via internett utan noko særleg sporbarheit på kvar det flyt, seier Bjørklund Wangen, som sjølv er frå Vågå.
Slik sett får ikkje vertskommunane noko att for billig investert kraft, berre betalte straumrekningar.
Vågåordføraren seier at kommunen har kjent seg einsleg i prosessen. Han meiner at staten må inn og styre kva krafta skal brukast til i Noreg.
– Det var veldig lite hjelp å få. Vi fekk berre skryt for at vi tok det på alvor.
- Kor mange arbeidsplassar gir eigentleg ein datasenter? Databransjens regnelek – og kva dei ikkje fortel deg
– Har stor sympati
I digitaliseringsdepartementet kjenner dei godt til situasjonen til kommunar som Vågå.
– Eg har sjølv vore i Vågå og treft ordføraren. Eg har stor sympati med situasjonen han og kommunen har hamna i, og frustrasjonen han kjenner på, seier statssekretær Gunn Karin Gjul i ein e-post til NRK.
Ho held fram at datasenter definitivt er ein viktig del av den digitale infrastrukturen i Noreg.
– Kryptoutvinning er likevel døme på ein type verksemd som krev mykje datakraft utan at samfunnsnytta kan seiast å vere like stor tilbake. Derfor jobbar vi no med å sjå på korleis vi kan avgrense denne næringsaktiviteten.
Nyleg lanserte regjeringa eit forslag til krav om registreringsplikt for aktørar som vil drive med datasenter i Noreg, i den nye ekomlova.
– Korleis skal registreringsplikt hjelpe kommunar som Vågå?
– Den nye datasenterreguleringa i ekomlova vil vere eit nødvendig første steg på vegen mot å lukke døra for kryptoutvinning, sjølv om dette ikkje er ei regulering som aleine hindrar slike etableringar, seier Gjul.
Tomt bygg utan straum
Kva skjedde i Vågå? Segla dei to karane i Krefter under falskt flagg?
I dag står eit einsleg bygg på Lalm i Vågå, spesialdesigna for utvinning av kryptovaluta.
Bygget er omkransa av kvite containerar og mørkegrå trafostasjonar.
Framleis står bygget på ei planert tomt utan straum, og utan nokon tilsette.
Oliver Horvei meiner at Krefter har brukt mellom 200–300 millionar i etableringsfasen.
Det er i dag selskapet Ugna som eig Krefter. Horvei er dagleg leiar og styreleiar av begge selskap, men vil ikkje ut med kjøpesummen eller kvar pengane kjem frå.
Wei Qiu og dei singaporske eigarane er etter sigande ute av bilde.
– Det er generelt lite forståing for kvar viktig rolle datasenter spelar i vårt moderne samfunn. Vi er alle tent med at datasenter ikkje berre drivast på gass, olje og kull. Klimaendringane påverkar også Gudbrandsdalen, seier Horvei.
Ordførar Harald Sve Bjørndal har ikkje gitt opp håpet om seriøs datasentervirksomhet i Vågå.
– Eg håpar at den strukturen som er etablert på Lalm kan bli brukt til noko meiningsfylt. Eg meiner framleis at det ligg til rette for denne typen næringsverksemd i Gudbrandsdalen.
Les meir om kva Oliver Horvei og Wei Qiu meiner i dag:
Wei Qiu: Var ikkje tett på i Krefter-prosjektet
NRK har vore i kontakt med Wei Qiu frå Grandtechnik.
Han seier til NRK at han på grunn av språkbarrierar overlèt det meste av det praktiske rundt Krefter AS til dei norske tilsette, og hovudsakleg Oliver Horvei.
Qiu seier han difor ikkje hadde inngåande kjennskap til alt som skjedde i Vågå.
Han nektar likevel for at Krefter AS skulle drive med kryptomining, og meiner det er falske påstandar. Han ønskjer ikkje å gå ut med kor mykje Krefter AS blei selt for.
I ettertid har Grandtechniks juridiske rettleiarar informert NRK at dei ikkje vil bidra med meir informasjon, eller svare på våre spørsmål.
Oliver Horvei: Andre boller med norske eigarar
Oliver Horvei meiner det er fleire grunnar til at det ikkje gjekk som det skulle.
– Hovudsakleg forseinkingar med straumreservasjon og regulering av tomt. Etter kvart miste dei kontraktar med aktørane dei skulle byggje for fordi sette tidsfristar gjekk ut. Det blei òg gjort nokre dumme val, til dømes at dei etter kvart vurderte å satse på mellombels kryptomining, noko dei hadde lova offentleg at ikkje skulle skje.
Han seier òg at han personleg ikkje er ein tilhengar av utvinning av kryptovaluta, og at ein dessutan tener svært lite på kryptomining.
Oliver Horvei: Skal fullføre arbeidet
Oliver Horvei seier han framleis har tru på datasenter med fleire hundre tilsete, og at noverande selskap vil fullføre oppgraderingane over tid.
– Med Ugna er planane tilbake der dei var, men vi må berre vente på reguleringsprosessar, straum og konsesjon, seier han, og legg til at dei ikkje har hastverk.
– Me står klare med kapital og kompetanse når offentlege løyve er på plass. I mellomtida smører vi oss med tolmod.
Han vil ikkje ut med kor mykje Krefter AS kosta, eller kvar pengane til å kjøpe ut dei singaporske eigarane kjem frå.
Innspel? Ta kontakt!
Kva meiner du om det vi har skrive? Vi vil gjerne ha innspel og tips. Ser fram til å høyre frå deg.
Beste helsing
Publisert 20.06.2024, kl. 15.23