Kvinne knivstukken i Oslo

3 months ago 26


3. august 2024 kl. 19:58

Ei kvinne er sendt til sjukehus etter ei knivstikking i Oslo sentrum laurdag kveld.

Politiet brukte elektrosjokkvåpen for å få kontroll på det dei meiner er gjerningsmannen.

Innsatsleiar Kristoffer Bang seier til NRK at det er lite som tyder på at dette er ei tilfeldig handling.

– Vi veit ikkje kva relasjonen var mellom offer og gjerningsmann, men avhøyr av vitne tyder på at dei kjende kvarandre, og at det ikkje er tilfeldig det som har skjedd.

Politiet har også funne ein kniv som dei meiner blei brukt som våpen.

Read Entire Article