Kritisk til arbeidsplassen etter arbeidsulykke: – Me har åtvara

4 months ago 67


– Me har jo varsla om at dette kom til å skje.

Måndag blei ein mann alvorleg skadd då han fekk ein pall over seg under arbeid på eit lager hos Asko i Trondheim.

Medarbeidaren vår som blei alvorleg skadd er no operert i ryggen og på betringas veg.

Det seier direktør for Asko Midt-Norge, Jørn Arvid Endresen. Like etter at ulukka skjedde, sa han til NRK at det var ein trist dag i bedrifta. I tillegg fortalde han at dei har fokus på å at det ikkje skal vere skadar i bedrifta.

Men det meiner ein kollega av den skadde mannen at ikkje stemmer.

– Eg blir litt provosert når det er snakk om nullvisjon på skadar og at det står høgst for dei. Det synest eg ikkje stemmer.

Det seier ein kollega vil den skadde mannen til NRK. Han vil vere anonym i frykt for å bli hengt ut på arbeidsplassen.

Seier det er stor fare for å få pall i hovudet

For om lag to år sidan bytta bedrifta delar av hyllesystemet og la inn rister i alle reolane. Det gjorde dei for å unngå at pallar med varer datt inn mot midten av reolen.

– Då var det så mykje styr for å få ut varene, seier arbeidstakaren.

Men så oppstod det eit nytt problem då ristene blei sett inn i reolane.

I staden for pallane velta innover oppstod det ein risiko for at pallane blei dytta så langt inn på hyllene at dei så dytta pallane på andre sida ut slik at dei datt ned.

– Faren for at nokon kunne få ein pall i hovudet er kjempestor. Og det har me åtvara om frå dei starta med å legge ristene for to år sidan.

Arbeidarane skal ha kome med forslag til endringar.

En person står med ryggen til og det vi ser på bildet er en hånd og deler av ryggen. Personen har på hettegenser og bukse.

Kollegaen til den skadde mannen ønsker å vere anonym fordi han opplev at dei som snakkar om ting på jobben blir straffa for det.

Foto: Kirsti Kringstad / NRK

Han fortel at fleire pallar har falle ned i løpet dei siste to åra, men det har aldri stått nokon på andre sida – før no.

– Opplever du at dette var ei varsla ulukke?

– Ja, dette var ei varsla ulukke. Me synest dette er ubehageleg. Men me har ikkje blitt høyrde fordi dei seier at det kostar så mykje, seier arbeidstakaren.

Hovudverneombod Kristian Liaklev bekreftar at pallar har falle ned frå reolar tidlegare.

– Tiltak for at pallar ikkje skal dette ned har blitt gjort etter vernerundar. Men det kan få ein konsekvens når pallane blir skyvd på ein annan måte og det er ikkje optimalt, seier han.

Fryktkultur

Arbeidstakaren beskriv ein fryktkultur i bedrifta som påverkar arbeidstakarane. Ting skal ikkje takast opp eller snakkast om.

Viss du går og er redd for å ta opp ting som skjer, men føler på frykt for konsekvensar, då sluttar du å ta opp ting.

Konsekvensane kan til dømes vere personangrep frå leiinga, forklarar arbeidstakaren.

I periodar har det vore veldig mykje av det i bedrifta. Men heldigvis har det blitt betre, legg han til.

Men dette kjenner ikkje direktør Endresen seg igjen i.

Me vil alltid ha forbetringspotensial, men me kjenner oss ikkje igjen i ein ukultur, der sikkerheita ikkje blir tatt vare på ein tilstrekkeleg måte. Sikkerheit tar me på alvor, seier Endresen.

Liaklev legg til at bedrifta heile tida jobbar for openheit og at folk kan seie ifrå.

– Det skal jo vere tryggleik og openheit. Men når det ikkje følast sånn for alle er det veldig uheldig, påpeikar han.

Direktøren seier dei jobbar med å tydeleggjere forbetringsområda i bedrifta og sette ytterlegare fokus på god kommunikasjon mellom arbeidstakarar og leiinga.

Det er likevel trist å høyre at nokon opplev at me har negativ kultur på arbeidsplassen, legg Endresen til.

– Meir fokus på budsjett enn helse

Arbeidstakaren fortel at han opplev at Asko har hovudfokuset sitt på økonomi og på å oppnå gode resultat. Men at det går utover dei tilsette.

– Me har det ein kallar for akkordløn. Og det går ut på at du til dømes får meir betalt jo fleire kolli eller pallar du køyrer i løpet av ein dag.

Arbeidstakaren meiner eit slikt lønnssystem ikkje høyrer heime på eit lager.

– Det blir jo ofte tatt snarvegar og raske løysingar. Derfor meiner eg at prestasjonssystemet ikkje er bra – det er med på å gjere det meir utrygt.

Hovudverneombodet seier at lønssystemet er det same i heile Asko.

– Det er sagt at sikkerheit er viktigare, og at akkordløna ikkje skal gå utover sikkerheita. Og det blir heile tida tatt vurderingar om kva som er trygt og ikkje trygt, svarar Liaklev.

I etterkant av ulukka opplev han at det er god oppfølging av alle tilsette, men arbeidstakaren saknar at bedrifta gjer meir for å unngå at sånne ting kan skje.

– Me vil som følgje av denne ulukka intensivere dei førebyggande tiltaka våre, for å forhindre liknande hendingar i framtida, forsikrar direktøren.

Arbeidstilsynet bekreftar at det er oppretta tilsynssak hos bedrifta etter ulukka. Seksjonsleiar i Arbeidstilsynet, Frid Mikkola, seier det ikkje finst eit detaljregelverk for sikring av reolar.

– Men me har regelverk som regulerer arbeid i høgda og sikring mot at tilsette kan bli treft av fallande gjenstandar.

Publisert 19.07.2024, kl. 14.27

Read Entire Article