Krisesentersekretariatet om Høiby-saka: Håpar på auka engasjement

3 months ago 42


I dag uttala Marius Borg Høiby seg for første gang om valdshendinga utført i kokainrus førre veke.

Han ber om unnskyldning til den fornærma kvinna i ei utsegn til NRK.

– Førre helg skjedde noko som aldri skulle ha skjedd. Eg utøvde kroppskrenkingar og øydela gjenstandar i ein leilegheit i alkohol- og kokainrus etter ein krangel, skriv han.

Vald i nære relasjonar rammar alle samfunnslag, seier dagleg leiar i Krisesentersekretariatet, Ane Fossum.

Ane Fossum

– Vald mot kvinner angår alle, også kongehuset, seier dagleg leiar i Krisesentersekretariatet Ane Fossum.

Foto: William Jobling / n10019

At saka er offentleg gjer det meir belastande for den fornærma, som allereie er i ein vanskeleg situasjon, trur Fossum.

– Ho har ikkje valt denne situasjonen på noko som helst vis, seier ho til NRK.

Kronprinsessa opna krisesenter

Kronprinsesse Mette-Marit har tidlegare vore engasjert i kampen mot vald mot kvinner, og vore med å opna krisesenter.

I mars i år deltok ho på eit møte om førebygging av vald mot kvinner.

Mette-Marit åpner et krisesenter for kvinner i 2015

Mette-Marit opnar Kongsberg krisesenter for kvinner i 2015.

Foto: Liv Anette Luane / Det kongelige hoff

Ane Fossum i Krisesentersekretariatet håpar denne saka styrkar engasjementet til Mette-Marit og kongehuset i kampen mot vald i nære relasjonar og vald mot kvinner.

– Eg håpar kronprinsesse Mette Marit kan stå i det ubehaget som det kan vera, og fortsetta den kampen. Dette er noko som angår oss alle, også kongehuset, seier ho.

– Vald mot kvinner er eit samfunnsproblem

Sonen til kronprinsessa blei arrestert måndag, og er sikta for kroppskrenking og skadeverk mot ekskjærasten.

Fossum seier det kan vera vanskeleg for valdsutsette å koma til avgjerda om å melda til politiet. Det er i seg sjølv ein vanskeleg prosess, seier ho.

– Den uskuldige parten føler mykje skuld og skam for det som har skjedd, fordi ein har ein nær relasjon til den som har utøvd valden, seier Fossum.

Ho understrekar at vald i nære relasjonar og vald mot kvinner er mykje meir utbreitt enn ein trur.

– Det er eit samfunnsproblem og me som samfunn må ta tak i det. Og då må me også tora å snakka om det.

Forskjell på å tilstå i pressa og hos politiet

Advokat for den fornærma kvinna, Mette Yvonne Larsen, seier klienten er glad for at historia hennar blir trudd.

– Det som er bra er at han legg seg flat, men om han burde tatt det hos politiet først, kan jo tenkast, seier Larsen til NRK.

Mette Yvonne Larsen

Mette Yvonne Larsen er forsvarar for den fornærma i valdshendinga.

Foto: Magnus Skatvedt Iversen / NRK

Ho legg til at klienten hennar har eit ønske om at Høiby forklarar seg til politiet, sidan det er ei straffesak.

Heidi Reisvang i Elden advokatfirma seier det er stor forskjell på å seia noko til pressa, og å tilstå i eit avhøyr.

– Ei vedgåing i pressa har ikkje så stor betydning, og heller ikkje betydning i ei straffesak. Skal ein få ein tilståingsrabatt, er det viktig at ein forklarar det hos politiet, seier ho.

– Om ein har eit rusproblem, kan det få betydning for straffa du får, legg ho til.

Publisert 14.08.2024, kl. 22.52 Oppdatert 14.08.2024, kl. 22.54

Read Entire Article