Mann skal ha blitt dytta ned frå container i Pakistan

2 hours ago 1


Pakistanske tryggingsstyrkar blir skulda for å ha dytta ein demonstrant utfor ein barrikade av fleire containerar under dei store demonstrasjonane som har vore i hovudstaden Islamabad.

Der hadde tusenvis samla seg for å krevje lauslatinga av tidlegare statsminister Imran Khan, som sonar ein 14 år lang fengselsdom.

I forkant av demonstrasjonen hadde tryggingsstyrkar sett opp store containerar for å blokkere vegane inn til hovudstaden.

Fleire demonstrantar har delt videoar av hendinga på sosiale medium.

Videoen viser det som skal vere ein demonstrant som sit og ber på ein stabel av containerar bli dytta ned av tryggingsstyrkar.

Tilstanden til mannen som blei dytta ned er ukjend, men fleire kontoar skriv på X at han døydde av fallet.

Både BBC og The Independent har teke kontakt med styresmaktene om hendinga utan å få svar.

«Brutale og dødelege nedslag»

Demonstrasjonane for å få Khan lauslaten starta søndag. Då marsjerte tusenvis mot hovudstaden.

Dei samla seg ved D-Chowk, eit stort bytorg i sentrum. Det hadde politiet allereie avklart som ein «raud sone». Dei åtvara demonstrantane mot å opphalde seg der.

Bushra Bibi, Khans kone som nett slapp ut av fengsel sjølv, bad demonstrantane om å bli verande på torget heilt til Khan blei lauslaten.

Natt til onsdag gjekk tryggingsstyrkar inn og braut opp protestane.

PTI melder om at fleire blei skotne på og drepne, noko styresmaktene nektar for.

– Nok ein gong har demonstrantar i Pakistan blitt møtt med brutale og dødelege nedslag frå styresmaktene, seier Sørasia-direktør i Amnesty, Babu Ram Pant, i ei utsegn frå organisasjonen.

Ein mann sit og ber på ein container. Ein soldat med visir og stokk nærmar seg.

Mannen skal ha sete og bedd då soldatane nærma seg han.

Foto: AAMIR QURESHI / AFP

Aimen Mir, nestleiar i den norske organisasjonen Insaf, som støttar Imran Khan og PTI, seier dette om dei siste hendingane:

– For tre dagar sidan hadde vi ei markering framfor Utanriksdepartementet for å vise støtte til kampen for rettferd og demokrati. Onsdag vaknar vi til fryktelege nyheiter. Desse menneska var ute i gatene på fredfullt vis for å krevje grunnleggande demokratiske rettar som dei har blitt fråtatt dei siste to åra.

knust bilrute

Demonstrasjonen, som blei kalla eit siste opprop for lauslatinga av Khan, enda dramatisk.

Foto: AAMIR QURESHI / AFP

Journalist sikta for terrorisme

Journalisten Matiullah Jan er ein kjend kritikar av det pakistanske militærregimet. Onsdag byrja han arbeidet med å undersøke påstandar om drepne og skadde under demonstrasjonane.

Same kveld blei han plukka opp på gata og sikta for terrorisme, ifølge advokaten hans og ein kollega av han, som har snakka med nyheitsbyrået Reuters.

 Matiullah Jan, a journalist and columnist, gestures during an interview with Reuters at his office in Islamabad

Matiullah Jan, ein regimekritisk journalist, har blitt arrestert og sikta for terror etter at han byrja å undersøke meldingar om drap av demonstrantar.

Foto: Akhtar Soomro / Reuters

Nokre timar i førevegen hadde Jan lagt ut ein video der han las opp frå det han sa var sjukehusjournalar. Det han las, var motstridande med informasjonen som styresmaktene hadde gitt om hendingane, nemleg at militæret ikkje hadde brukt våpen for å bryte opp protestane, og at ingen var blitt drepne.

Jans kollega Saqib Bashir seier til Reuters at dei begge to blei plukka opp av menn i svart uniform utanfor Pakistan Institute of Medical Sciences, der dei samla informasjon om offera.

Bashir skal ha blitt sloppen fri igjen etter tre timar.

Fleire melder om at sjukehusa i Islamabad har fått forbod mot å dele informasjon om pasientane som kom inn etter at demonstrantane barka saman med tryggingsstyrkane.

– Satsa høgt

– Det Khan og partiet hans kan, er nettopp å mobilisere folkemassane. Det har vore hans styrke, seier journalistprofessor Elisabeth Eide.

Ho har budd i Pakistan i fleire periodar, og har sjølv intervjua Khan då han var ein yngre og lovande politikar.

Khan er som ei stjerne å rekne, fortel Eide.

– Han er cricket-meister, og cricket er enormt i Pakistan. Han er veltalande og har hatt ord på seg for å vere gjennomført ikkje-korrupt. Men han har blitt skulda for korrupsjon av politiske rivalar. I tillegg vann han mange tilhengarar då han opna eit sjukehus for gratis kreftbehandling etter at hans eiga mor døydde av kreft.

Elisabeth Eide

Elisabeth Eide har budd i Pakistan i fleire periodar og intervjua Imran Khan.

Foto: Fouad Acharki / NRK

Men Khan blei nok litt for populært for militæret, som har ein finger med i alt politisk spel i Pakistan. I fjor sommar blei han arrestert for skuldingar om korrupsjon, skuldingar som fleire advokatar og journalistar meiner er politisk motiverte.

Sidan har partiet hans, Pakistan Tehreek-e-Insaf (PTI), arrangert fleire demonstrasjonar for å få han lauslaten.

Supporters jailed former Pakistani PM Khan's PTI party attend rally in Islamabad

Bushra Bibi og fleire PTI-medlemmar under demonstrasjonane.

Foto: Waseem Khan / Reuters

Demonstrasjonen denne veka, som starta søndag og varte til onsdag, blei kalla eit «siste opprop».

– Dei stilte nærmast eit ultimatum om at han no skal bli sloppen fri. Det meiner mange vil slå tilbake på dei, seier Eide.

– Ein kollega i Pakistan seier at dei som blei ramma av ordensmakta, var uskuldige sivile som blei mobiliserte til protestane. Åtte skal vere drepne, hevdar PTI. Dei satsa veldig høgt med denne demonstrasjonen, og no risikerer dei at det heile blir stempla som mislukka, utdjupar ho.

Publisert 28.11.2024, kl. 15.27

Read Entire Article