Kripos: Sannsynleg med fleire valdshendingar frå pedo-jegerar

4 months ago 45


Den siste tida har det vore fleire valdsepisodar der privatpersonar har angripe folk dei meiner er pedofile. Videoar av åtaka er delte i sosiale medium.

Ole Jørgen Arvesen, leiar for avdeling for fellesoperative tenester i Kripos seier det er sannsynleg at vi vil sjå slike hendingar også i tida framover.

Det er sannsynleg fordi vi ikkje har sett teikn til at dei vil stoppe, samstundes som det er ei auka merksemd rundt fenomenet.

I juni i år vart ein mann i 50 åra angripen med kniv og påført stikkskadar i eit skogholt I Luster i Sogn. Ein 14-åring er sikta for drapsforsøk.

Politisperring av området der ein mann blei knivstukken.

Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

Seks sikta og ein mistenkt etter knivstikking i Luster

Ein 14-åring er sikta for drapsforsøk og fire andre tenåringar er sikta for medverknad til grov kroppsskade, etter at ein mann i 50-åra blei knivstukken i eit skogholt i Luster.

Ein 16-åring sikta for medverknad til grov kroppskrenking i panleggingsfasen og ein ung tenåring er mistenkt for det same.

Også fornærma er sikta for å ha avtalt møte med mindreårig med mål om seksuell omgang.

Video av valdshending

Ukjent

Fem personar sikta for fridomsrøving i Agder

Ein mann i 40-åra skal ha blitt lokka til eit møte av ungdommar i Agder, der dei filma han, anklaga han for å vere pedofil og publiserte video av hendinga på nett.

Fem personar mellom 16 og 19 år er pågripen og blei sikta tidlegare i juni, skulda for fridomsrøving.

Rettslokale i Skien, telemark tingrett, Agder lagmannsrett Skien, Tinghuset i Skien

Nils Fridtjof Skumsvoll

Tre tenåringar sikta for å ha banka opp menn

I Vestfold og Telemark er tre personar i alderen 17–18 år sikta for å ha banka opp fire menn i Oslo, Larvik og Porsgrunn.

Gutane skal ha meint at mennene var pedofile.

Også dette blei filma og delt på nett.

Pedokontoar får stadig fleire følgjarar

I løpet av kort tid har kontoar på sosiale medium knytt til såkalla «pedojegerar» fått mange følgjarar.

Det blir også oppretta nye kontoar som oppmuntrar privatpersonar til å jakte på personar dei meiner er pedofile.

Arvesen seier Kripos følgjer med på utviklinga.

Vi har registrert at desse gruppene har fått fleire følgjarar eller medlemmer etter at dette blei eit fenomen som fekk brei medieomtale.

Ein Instagramkonto knytt til eit av pedonettverka har fått over 3000 følgjarar på ein månad.

Utdrag frå ein av valdsvideoane som blei publisert på sosiale medium.

Samstundes har ein Telegramkanal fått nesten 5000 følgjarar på tre veker, og ein TikTok-konto knytt det til same nettverket har no rundt 8000 følgjarar.

Ifølge Arvesen er det vanskeleg å seie om følgjarane er aktive medlemmar eller folk som er nysgjerrige på fenomenet.

– At gruppene får fleire følgjarar kan føre til ei form for legitimering av valdshandlingane.

I tillegg må politiet må bruke ressursar som kunne gått til anna alvorleg kriminalitet, på å førebygge og etterforske borgarverngrupper som utøver kriminalitet, seier Arvesen.

Tidlegare i sommar sa Guro Skjerve, leiar for etterretningsseksjonen i Kripos, at dei følgjer med på utviklinga av forskjellige kriminalitetstypar, blant anna på internett.

Kripos deler informasjon med Politidirektoratet og politidistrikta, som har ansvaret for førebygging og etterforsking, fekk NRK opplyst tidlegare i sommar.

– Bekymra for oppfordring om vald

Vest politidistrikt har ansvar for etterforskinga av knivstikkinga i Luster. Dei vil gjere fleire avhøyr, og gå i gjennom digitale spor gjennom sommaren.

– Vi ser med bekymring på opplysningar om at privatpersonar oppfordrar til bruk av vald, seier politiadvokat Kristine Knutsen-Berge.

Politiadvokat Kristine Knutsen-Berge i Vest politidistrikt

Politiadvokat Kristine Knutsen-Berge i Vest politidistrikt.

Foto: Jon Bolstad

Ho understrekar å det er straffbart å utsette andre personar for vald og truslar, sjølv om ein meiner at dette er personar som har gjort seg skuldige i straffbare handlingar sjølv.

– Ser de denne saka i samanheng med andre valdssaker?

– Kartlegging av kontakt med andre personar i forkant av hendinga er ein del av etterforskinga i vår sak. Det er naturleg å samarbeide med andre distrikt der saker må sjåast i samanheng, seier Knutsen-Berge.

Publisert 12.07.2024, kl. 19.47

Read Entire Article