Kreml blokkerer 81 europeiske medium: SVT og Berlingske på lista

4 months ago 85


– Diverre betyr det russiske vedtaket at det blir endå vanskelegare å drive fri og uavhengig journalistikk om utviklinga i Russland.

Det skriv sjefen for Sveriges Radio, Cilla Benkö i eit utsegn. Men ho er ikkje overraska.

– Sveriges Radio har tidlegare lide under russisk mediesensur ved å få innhaldet vårt blokkert.

SVT sin konsernsjef, Hanna Stjärne, seier utviklinga er «urovekkande», men at dei kjem til å drive med verifiseringsarbeid på same måte som før.

Hanna Stjärne som er sjef for SVT

SVT-sjef Hanna Stjärne er uroa over forbodet.

Foto: SVT

– Fri journalistikk og informasjon er ein grunnleggande funksjon i eit ope og velfungerande samfunn. Vi håpar folk frå Russland vil kunne få tilgang på SVT i framtida.

Også på lista som russisk UD har publisert, er tyske Der Spiegel, spanske El Mundo, franske Le Monde, og danske Information og Berlingske.

Sjefredaktøren for Europa i Politico, Jamil Anderlini, seier forbodet er «fullstendig uakseptabelt».

Svarar på europeisk forbod

Den russiske pressemeldinga seier styresmaktene bannlyser medium som «systematisk spreier falske opplysingar» om krigen i Ukraina.

Russisk UD skriv også konkret at vedtaket er eit svar på EU-rådet sitt forbod, som blei varsla 17. mai i år og tredde i kraft i går.

Dette blokkerer «all kringkastingsaktivitet» frå fire russiske medium: Voice of Europe, Ria Novosti, Izvestija og Rossijskaja Gazeta.

Russia's Foreign Minister Sergei Lavrov meets with Cuba's Foreign Minister Bruno Rodriguez in Moscow

Russisk utanriksminister Sergej Lavrov

Foto: Natalia Kolesnikova / Reuters

Frå før hadde Russia Today og Sputnik allereie sanksjonar mot seg.

Årsaka, seier Brussel, er at dei «spreier og støttar opp om russisk propaganda og aggresjonskrigen mot Ukraina».

– Dersom restriksjonane mot russiske medium blir letta på, vil den russiske sida også revurdere si avgjerd om dei nemnde medieoperatørane, seier Kreml om sitt forbod.

Allereie i 2022 blokkerte russiske styresmakter ei rekke medium i Russland, blant dei britiske BBC.

Russia Ukraine War

Både EU-rådet og Russland viser til dekninga av krigen i Ukraina som årsak til sine forbod.

Foto: Oleg Petrasiuk / AP

Rettssak startar mot amerikansk journalist

Onsdag startar også den rettssaka mot Evan Gershkovich (32), reporteren frå Wall Street Journal som har vore fengsla i over eitt år.

Gershkovich, som hadde rapportert frå Russland i seks år då han blei sikta av den russiske påtalemakta for spionasje, er føydd i USA og har sovjetiske foreldre.

Dette er første gongen ein vestleg journalist i Russland har blitt sikta for spionasje sidan landet var ein del av Sovjetunionen.

U.S. reporter Gershkovich stands trial in Russia

Journalistane fekk så vidt sjå Gershkovich i rettssalen i Jekaterinburg før rettssaka starta, melder Reuters.

Foto: Evgenia Novozhenina / Reuters

Både han, avisa og Det kvite huset seier skuldingane er grunnlause. Dei russiske styresmaktene har ikkje enno presenter bevis på at han er skuldig.

Gershkovich har fram til no blitt halden i Lefortovo-fengselet i Moskva, som er kjent for å isolere fangane sine.

Rettsmøtet vil skje for lukka dører i byen Jekaterinburg, der han blei arrestert for snart 15 månader sidan.

Publisert 26.06.2024, kl. 07.42 Oppdatert 26.06.2024, kl. 07.49

Read Entire Article