– Sjølv om vekslingskursen er bra, er det framleis veldig dyrt her samanlikna med Wien, seier Alexa Coleman frå Austerrike.
Men å nyte sola i Frognerparken er gratis. Og Coleman vart åtvara mot norske prisar av studiekameraten Kaja Guttormsgaard, som ho besøker saman med Pamina Lantos frå Canada.
– Vêret er fantastisk og folka er snille. Det er definitivt ikkje billig her, men betre enn venta, fordi euroen er så sterk mot krona no, seier Lantos som studerer i Paris.
Den norske verten deira har vore i Tokyo på ferie.
– Den japanske yenen er ganske svak no, slik som krona, seier ho.
Kraftig kronefall før helga
Etter kronekursfallet på fredag kostar 1 euro nå nesten 12 kroner, medan 1 dollar nå kostar nesten 11 kroner.
Frå eit tog glidande på tvers over den «italienske støvelen», fortel sjeføkonom i Sparebank 1 Markets, Harald Magnus Andreassen, at han merkar det på lommeboka.
– Då eg betalte restaurantrekninga i går kveld, var euroen dyrare enn den har vore på ganske lenge, seier han.
For euroen har ikkje kosta så mange kroner sidan november i fjor.
Frå eit delvis skya Gran Canaria med 25 grader celsius fortel sjeføkonom i DNB markets, Kjersti Haugland, at ho førehandsbetalte «veldig mykje» av reisa.
– For nordmenn i utlandet, så blir det jo dyrare nå, seier ho.
Kvifor fall krona så kraftig?
Andreassen trekker fram at oljeprisen også fall på fredag. Og at andre valutaer, som den svenske og den canadiske, falt like mykje som den norske denne veka.
– Globalt har det vore sure aksjemarknadar heile veka, seier han.
Valutamarknaden er også prega av at mange investorar er på ferie, fortel Haugland frå «Granca».
– Og det betyr at rørslene, når dei skjer, typisk blir større enn når det er fleire ute og handlar på marknaden, seier ho.
Inflasjonen, som Noregs Bank følgjer nøye med på, fell raskare enn antatt.
Dette vart kjent då inflasjonstala kom for to veker sidan. Og har påverka kronekursen, ifølgje sjeføkonomen i DNB markets.
– Då begynte marknadane å prise inn at kanskje Noregs Bank ikkje ventar til mars neste år for å kutte renta likevel, seier Haugland.
– Den nye normalen
For ti år sidan kosta 1 dollar rundt 6 kroner. 1 euro kosta rundt 8 kroner.
Haugland seier at nesten 12 norske kroner for ein euro, som han kostar i dag, eigentleg ikkje er så uvanleg svakt.
Ifølgje deira prognosar, burde nordmenn venne seg til dette:
– Dette er den nye normalen.
Men sjølv om vi må belage oss på vesentleg dyrare USA- og Europa-turar enn for ti år sidan, trur Haugland krona vil styrke seg litt igjen snart.
– Eg trur kronesvekkinga har gått litt vel langt nå, seier ho.
Andreassen i Sparebank 1 trur også det er lite sannsynleg at nordmenn snart kan godte seg med like billege Mimozas i New York, eller ostar i Paris, som vi kunne i 2014.
Mykje av kronekursfallet dei siste ti åra skyldast at krona var alt for sterk i 2014, meiner han.
– Det gjekk bra i norsk økonomi. Oljeprisen var høg og oljeinvesteringane var høge. Det gav eit pris og lønsnivå, som var altfor høgt, seier han.
Andreassen meiner vi har gått frå den eine grøfta til den andre.
– Eg trur kronekursen er for svak nå. Når utanlandske turistar går i norske butikkar for å kjøpe klede, så er det noko gale. Vi skal vere eit høgkostland. I dag har vi nok blitt litt for billege.
– Så eg trur at kronekursen kjem til å styrke seg dei neste åra, seier Andreassen.
Ikkje eit særnorsk fenomen
Fleire nordmenn ferierer no rett utfor Eurosona, for eksempel i Albania, eller mykje lenger unna, for eksempel i Japan.
Du treng ikkje å reise lenger enn over grensa til Sverige. Der finn du eit ferieland der kronekursfallet ikkje merkast like mykje på restaurantrekninga, som for Andreassen i Italia fredag kveld.
For som tidlegare, var det ikkje berre krona som fall i verdi mot dollar og euro denne veka.
– Vi såg at valutakursar som normalt svingar på same måte som kronekursen gjer, svenskekrona, australsk og canadisk dollar, dei falt også i går. Og dei har falt like mykje som den norske krona den siste veka, seier Andreassen.
Sjeføkonomen i DNB markets la også ferien til Sør-Europa i år, trass i dyrare euro.
Frå delvis skya og 25 grader på «Granca» tipsar Haugland om at feriar til Euroland med lågare prisnivå enn Noreg, som Spania, framleis kan vere billegare enn reiser til for eksempel Japan, sjølv om Yen-en også er svekka.
– Sjølv om kronekursen har svekka seg mot den aktuelle valutaen, kan det framleis vere gunstig å reise til land med lågt prisnivå ut frå norske forhold, seier ho.
Andreassen oppfordrar også meir kalkulerte reiselystne til å tenke seg om, så vinninga ikkje går opp i spinninga ... eller flyginga.
– Ein flybillett til Japan kostar mykje meir enn ein billigbillett på sal til Middelhavet. Og då skal du passe deg for å ikkje betale ein dyr flybillett til Japan for å spare nokon kroner på kursen, seier han.
Publisert 20.07.2024, kl. 18.26