Kongo har starta vaksinering mot m-koppar

2 hours ago 5


I august erklærte Verdas helseorganisasjon (WHO) m-koppar for ei global helsekrise.

Laurdag starta ein stor vaksineringskampanje mot viruset i millionbyen Goma i Den demokratiske republikken Kongo.

265.000 vaksinedosar donert av EU og USA skal settast.

Helsepersonell først i køen

Ein ny variant av virussjukdommen har spreidd seg raskt i delar av Sentral-Afrika siste tida, og Kongo er hardast ramma.

Til no er det registrert kring 30.000 mistenkte tilfelle av viruset i landet. 859 har mista livet.

Ein helsearbeidar får vaksine mot m-koppar

Helsearbeidarar er først i vaksinekøen i Kongo.

Foto: AUBIN MUKONI / AFP

Ein månad etter at dei første dosane mot m-koppar kom til hovudstaden Kinshasa, er vaksineringa i gang i Goma, heilt vest i landet.

Det var helsepersonell som fekk dei første vaksinedosane laurdag. Vaksineprogrammet opnar for resten av befolkninga måndag, melder nyheitsbyrået AFP.

– Ikkje nok

Generalsekretær Lindis Hurum i Leger utan grenser har nyleg vore i Goma og jobba i fleire flyktningleirar der. Ho seier det er gode nyheiter at vaksineringa er i gang, men understrekar at talet på dosar er langt frå tilstrekkeleg.

– Me veit jo at talet som er tilgjengeleg overhovudet ikkje er nok, seier Hurum til NRK.

Ein helsearbeidar sjekkar temperaturen til generalsekretær i Leger uten grenser Lindis Hurum

Lindis Hurum får ho sjekka temperaturen av ein helsearbeidar i Goma. Ho kom nyleg heim frå Kongo.

Foto: Leger uten grenser

I tillegg er situasjonen i Goma særleg vanskeleg, legg ho til. Kring ein million menneske bur i flyktningleirar og mange manglar reint vatn og trygge sanitære forhold.

– Å stoppa ein epidemi er alltid komplekst, i Goma vil eg seia det er meir komplekst enn det meste andre eg har sett, seier Hurum.

Den første leveringa av m-kopp vaksiner i Kongo

Den første leveringa av m-kopp-vaksinar landa i Kinshasa 5. september.

Foto: Justin Makangara / Reuters

– Endeleg i gang

Regjeringa helsa vaksinekampanjen velkomen i ei pressemelding laurdag.

«Endeleg er ein i gang med vaksineringa mot mpox i Den demokratiske republikken Kongo. Det er bra for alle som bur i området kor utbrota er størst, men også for å få kontroll», skriv utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim (Sp) i pressemeldinga.

Ein person vaskar hendene i ei blå bøtte utendørs

Ein helsearbeidar vaskar hendene sine ved sjukehuset i Goma.

Foto: AUBIN MUKONI / AFP

I meldinga heiter det at Noreg vil halda fram med å investera i helsesystem, pandemiberedskap og respons, for å respondera på nye utbrot og andre helsekriser.

Ifølge Tvinnereim har Noreg bidrege til å kjempa mot m-koppar på fleire sett, mellom anna ved å bidra til vaksinealliansen Gavi sitt nye naudhjelpsfond, til WHO sitt krisefond og til Verdsbankens pandemifond.

Interessert i utanriks? Høyr siste Urix-podkast her:

Publisert 05.10.2024, kl. 22.13

Read Entire Article