Den siste veka har vore rimeleg grå i store delar av landet.
Etter fleire dagar med grått, vått og relativt kaldt vêr, vender godvêret tilbake i nord.
Laurdag har det tunge skylaget brote opp, og fleire stadar har solstrålane begynt å bryte igjennom.
– Skyene kjem til å forsvinne i løpet av dagen, det seier vakthavande meteorolog ved Vervarslinga i Nord-Noreg, Maiken Vassel.
I Finnmark er sommarvarmen allereie på plass.
– Mange stader har det fint, men også der kjem skydekket til å lette heilt. Det kjem eit høgtrykk som gjer at det blir roleg vind dei neste dagane i heile landsdelen.
- Også førre helg var vêrkontrastane store. Då var det solfylt og varm i nord, mens det kom snø i fjella i sør.
– Vêrvinnaren er i nord
Temperaturen stig også gradvis utover ettermiddagen.
I løpet av søndagen kan det bli opp til 25 gradar på innlandet i både Troms og Finnmark. Temperaturane er like i Nordland.
– Søndagen ser veldig lovande ut. Lite eller ingen skyer, og sol og varme temperaturar. Det kan bli over 20 i Tromsø, 24 på Bardufoss og 24–25 i Lakselv og på Finnmarksvidda. Sommaren er tilbake, seier Vassel.
Ho seier at det kan bli enda varmare på måndag.
Kordan synast du sommaren har vore?
Er du på leiting etter sommar, sol og varme, er oppfordringa å ta turen til Nord-Noreg.
– Vi i nord er utan tvil vêrvinnaren i helga, og utover veka. Sommarvarmen fortsett i alle fall i starten av veka i Nord-Noreg.
For det er ikkje heile landet som er like heldige denne helga.
Det grå og våte vêret forsett fleire stader, og sol er noko dei berre kan sjå langt etter.
I Oslo melder Yr at det er venta 22 millimeter med nedbør.
Med andre ord, det skal pøse nedpå med regn.
– Dei får absolutt nedbør. Temperaturane ser heller ikkje så lovande ut.
- Allereie i april fekk nordlendingane solsjokk. I Tromsø var det solrekord.
- Mai var også fin. Det blei sat fleire nye varmerekordar i Nord-Noreg.
Slik blir vêret dei neste dagane
Agder
Søndag: Skiftande bris, frå om ettermiddagen sørleg bris. Skya. Regn eller regnbyer. Frå om ettermiddagen opphaldsvêr og periodar med sol nær kysten, først i sørvestlege område. Om kvelden stort sett opphaldsvêr også i indre strøk.
Måndag: Nordaustleg eller skiftande bris, frå om ettermiddagen sørvestleg. Skya eller delvis skyte. Somme regnbyer.
Austlandet
Søndag: Skiftande bris, frå om ettermiddagen sørleg opp i frisk bris på kysten. Skya. Opphaldsvêr nord i Innlandet fylke først på dagen, elles regn eller regnbyer. Om kvelden stort sett opphaldsvêr sør for cirka Oslo.
Måndag: Austleg bris, opp i frisk bris på kysten, om kvelden skiftande bris. Skya eller delvis skyte. Regnbyer. Utrygt for tore i indre strøk om ettermiddagen. I Telemark er det venta austleg eller skiftande bris, om ettermiddagen dreiande sørleg. For det meste skyte. Regnbyer.
Langfjella
Søndag: Skiftande bris. Skya. Stort sett opphaldsvêr i nordlege del først på dagen, elles regn eller regnbyer. Om kvelden stort sett opphaldsvêr sør for cirka Haukeli.
Måndag: Bris av skiftande retning. For det meste skyte. Regnbyer. Utrygt for tore i nordlege del om ettermiddagen.
Fjellet i Sør-Noreg unntatt Langfjella
Søndag: Nordaustleg bris, frisk bris utsette stader. Tilskyande. Frå seint om formiddagen regn og regnbyer frå sør. Lite nedbør lengst vest.
Måndag: Sørleg bris, frisk bris utsette stader. Skya eller delvis skyte. Regnbyer. Utrygt for tore, særleg om ettermiddagen.
Rogaland
Søndag: Skiftande bris, om kvelden sørleg. Regn og regnbyer. Kan hende med tore.
Måndag: Skiftande bris, utover dagen sørvestleg bris. Stort sett skyte. Regnbyer. Lite nedbør i ytre strøk i sør.
Vestland fylke
Søndag: Austleg bris eller skiftande bris. På kysten i nord nordaust opp i liten kuling, stiv kuling omkring Stad, minkande om kvelden. Regn og regnbyer frå sør.
Måndag: Skiftande bris, på kysten sørleg bris, om morgonen aukande til frisk bris utover dagen vestleg bris. Stort sett skyte. Regnbyer. Lite nedbør nær kysten i nord.
Møre og Romsdal og Trøndelag
Søndag: Austleg bris, nordaust opp i liten kuling på kysten. Tilskyande. Frå om ettermiddagen litt spreidd regn, først i sør.
Måndag: Skiftande bris, kortvarig sørvestleg frisk bris på kysten i dagtimane. Skya eller delvis skyte. Somme regnbyer. I indre strøk aukande byeaktivitet og lokal tore, særleg om ettermiddagen. I Trøndelag: Austleg eller nordaustleg bris, frisk bris utsette stader. Periodar med sol, men også spreidde regnbyer. Utrygt for tore om ettermiddagen og kvelden.
Nordland
Søndag: Skiftande bris, nordleg bris på kysten, opp i frisk bris utover ettermiddagen. Stort sett fint vêr. Utrygt for tåke langs kysten nord for Bodø.
Måndag: Austleg eller nordaustleg bris, frisk bris utsette stader, på kysten av Vesterålen aukande til liten kuling om ettermiddagen. For ein stor del fint vêr, men periodevis meir skyte på Helgeland. Kan hende enkelte regnbyer i grensetraktene mot Sverige.
Troms
Søndag: Sørvestleg bris, periodevis frisk bris på kysten. Fint vêr. På kysten tilskyande om kvelden.
Måndag: Nordaustleg bris, på kysten nordaustleg frisk bris, aukande til liten kuling i sørlege del. Stort sett fint vêr.
Finnmark
Søndag: Sørleg bris, frisk bris utsette stader, utover dagen dreiande vestleg. Fint vêr. Søndag kveld litt meir skyte på kysten i Finnmark.
Måndag: Skiftande bris, frå om ettermiddagen austleg eller nordaustleg opp i frisk bris i ytre strøk. I kyst- og fjordstrøka i aust stadvis skyte, elles stort sett fint vêr.
Spitsbergen
Søndag: Vestleg frisk bris utsette stader. Skya. Periodar med regn.
Måndag: Sørvestleg bris, frisk bris utsette stader og på kysten. Skya. Periodar med litt regn eller yr, vesentleg i vest.
Publisert 13.07.2024, kl. 14.43 Oppdatert 13.07.2024, kl. 15.19