Den nye kyrkja vart for trong: Må gå sidelengs med kista

2 hours ago 1


I april i år opna Dombås kyrkje, fire år etter at den vart skadd i ein brann.

Kyrkja vart omtala som funksjonell og fleksibel då ho vart opna, men ved dei første gravferdene dukka det opp eit problem.

Midtgangen var for trong.

– Det er ei lita utfordring når ein skal bere ut kister ved gravlegging, seier Elin Marit Andgard.

Ho er prosjektleiar for restaureringa av Dombås kyrkje på vegner av Dovre kyrkjelege råd.

Dombås kyrkje

Dombås kyrkje vart tent på og skadd i brannen i februar 2020. I april i år opna kyrkja etter å ha blitt reparert.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Må gå sidelengs

No er det så trongt mellom benkane at når ein skal bere ut kister ved gravlegging, må ein gå sidelengs.

Årsaka?

– Dei benkane som sto her vart øydelagde i brannen, så det vart bygd nye benkar som tar igjen noko av det gamle, men det viser seg at dei vart litt lange.

Dombås kirke

Sokneprest i Dovre, Bente Sverdrup og prosjektleiar for restaureringa av Dombås kyrkje på vegner av Dovre kyrkjelege råd, Elin Marit Angard, synest Dombås kyrkje vart fin etter restaureringa, men innrømmer at midtgangen vart for trong.

Foto: Knut Storvik / NRK

Avstanden mellom benkane er no 1,37 meter. Det er 30 centimeter kortare enn før brannen.

Ei vanleg kiste er 70 centimeter brei, utan handtak. Då er det att 67 centimeter å bevege seg på for dei som skal bera ut kista frå kyrkja.

– Eg har ingen forklaring på korleis det kunne skje. Litt uheldige omstende, trur eg, seier prosjektleiaren.

Kjem ei løysing

Sokneprest i Dovre, Bente Sverdrup, fortel at dei er i gang med å løyse problemet.

– Vi fekk nokre forsiktige tilbakemeldingar frå familiar etter dei første gravferdene. Då forstod vi at her er det noko vi må sjekke nærare.

Dombås kirke - sogneprest Bente Sverdrup

Sokneprest Bente Sverdrup merka ikkje sjølv at kyrkjegongen var for trong, men ho fekk raskt forsiktige tilbakemeldingar frå pårørande. – Dette skal vi gjere noko med raskt. For dette er viktig for oss. Her skal pårørande oppleve at det er fint å ha gravferd, seier ho.

Foto: Knut Storvik / NRK

Dei samanlikna og sjekka korleis kyrkja såg ut før, mot slik ho ser ut no.

– Då såg vi at her er det ein liten forskjell, seier ho.

Heller ikkje ho har eit godt svar på kva som har skjedd.

– Det er sånne ting som kan skje. Her har alle gjort ein formidabel innsats. At det skjer ein slik menneskeleg feil trur eg ikkje ein kan unngå omtrent, seier soknepresten.

Dovre kyrkjelege fellesråd

Kyrkjerådet ser no på ulike løysingar for å løyse problemet. Eit av alternativa er å kutte benkane.

Foto: Dovre kyrkjelege fellesråd

Kyrkjerådet har vedteke at dei skal gjere noko med ein gong. Dei har vore i kontakt med Riksantikvaren og fått beskjed om å sende ein formell søknad til biskopen.

Dei ser på ulike alternativ for å løyse problemet. Eit av dei kan vere å kutte benkane så dei blir kortare.

Om dei skal gjere det, vil det koste dei 62.000 kroner, ifølge GD.

– Gravferder er noko vi tek på stort alvor, særleg kva pårørande seier. Så her er det ein rask prosess for få løyst saka.

– Dette er viktig for oss. Her skal dei pårørande oppleve at det er fint å ha gravferd. Det er det allereie, og det skal det også bli no når den siste delen skal på plass, seier soknepresten.

Fornøgde med sluttresultatet

Det var i februar 2020 at kyrkja på Dombås vart påtent. Ein mann vart dømt til tvungent psykisk helsevern for brannstiftinga.

Kyrkja fekk store skadar i brannen.

Kostnadane for gjenoppbygginga var 35 millionar kroner.

Alt i alt er både soknepresten og Andgard nøgde med korleis kyrkja ser ut i dag.

– Vi har fått eit meir fleksibelt og funksjonelt kyrkjerom. Vi har bygd ei kyrkje for framtida, seier Andgard.

  • Her kan du sjå og lese meir om korleis kyrkja ser ut etter å ha blitt reparert:

Publisert 26.11.2024, kl. 11.01

Read Entire Article