Meiner veganisme er eit livssyn – saksøker staten

5 hours ago 5


I utgangen av 2024 fekk Norsk vegansamfunn (NVS) eit endeleg nei til å bli offentleg registrert som eit livssynssamfunn og få statsstøtte.

I dag møtte dei staten i Oslo tingrett.

Staten meiner at samfunnet berre omfattar eit avgrensa område av eit menneske sitt liv. Dermed vil ikkje staten gi NVS status som eit livssynssamfunn.

NVS reagerte på staten sitt avslag, og valde å saksøke staten.

– Vi meiner at vi blir diskriminert overfor andre livssynssamfunn i Noreg, seier NVS-styremedlem Jon Vegard Venås til NRK.

Kjernen i konflikten

Norsk vegansamfunn (NVS) blei stifta i 2020, og har sidan 2021 søkt om å bli anerkjent som eit livssynssamfunn.

Ifølge NVS er veganisme eit livssyn.

Livssynet deira inneber grunnverdiar som ikkjevald og omsyn for alle levande skapningar.

Ein viktig del av NVS sitt verdigrunnlag er å stå opp for utnytting og urett mot dyr, meiner dei.

Jon Vegard Venås

NVS-styremedlem Jon Vegard Venås i retten.

Foto: NRK

Å ha ein plantebasert diett er ofte forbunde med veganisme, men NVS meiner at veganisme er meir enn berre ein diett.

– Det er ein urett å støtte måten vi utnyttar dyr i dag, meiner Venås.

Det å ikkje ete eller bruke animalske produkt er berre ein konsekvens av dette.

NVS i Oslo tingrett

Rettssaka går føre seg i Oslo tingrett.

Foto: NRK

Meiner vedtaket er gyldig

Staten er ueinig med NVS, og meiner at veganismen er for snever for å kunne bli godteken som eit livssyn.

Ifølge staten dekker ikkje veganismen nok område i eit menneske sitt liv for å kunne bli godkjend etter gjeldande lovverk.

– Veganisme utgjer ikkje eit livssyn etter staten sitt syn i trussamfunnslova, seier advokat Kaja Bjelland.

Bjelland legg vekt på at samfunn ikkje må ha ei statleg godkjenning for å kunne praktisere sitt livssyn.

OSLO

Advokat Kaja Bjelland representerer staten.

Foto: NRK

Men for å kunne motta statstilskot må staten anerkjenne dei.

– Norsk vegansamfunn er ikkje vurdert til å oppfylle lova sine kriterium for kva som utgjer eit livssynssamfunn. Detaljane i det, skal Oslo tingrett ta stilling til i saka.

Staten meiner at vedtaket om at NVS ikkje er eit livssynssamfunn er gyldig.

1,066 milliardar i tilskot

Registrerte trus- og livssynssamfunn får i dag tilskot frå staten.

Kravet for å kunne motta slike tilskot er at dei har minst 50 registrerte medlemmar.

Dersom NVS hadde fått status som livssynssamfunn, kunne dei søke om statstilskot på kring 1500 kroner per medlem.

I 2024 fekk 708 trus- og livssynssamfunn slike tilskot frå staten. Det samla statstilskotet for fjoråret var på 1,066 milliardar kroner, opplyser Barne- og familiedepartementet i ein e-post til NRK.

Seremoni for «det uskuldige blodet»

Dersom NVS blir anerkjent som livssynssamfunn, får dei statstilskot og rett til å vie par.

NVS seier at dei har utvikla borgarlege seremoniar, som vegansk namnefest, konfirmasjon, vigsel og gravferd.

– Det er veldig viktig for oss, nettopp for å kunne utøve livssynet vårt på lik linje som andre livssyn, meiner Venås.

Raude roser på eit gjerde

Roseseremoni er viktig for medlemmane i NVS.

Foto: Sidney Haugen / Norsk vegansamfunn

Organisasjonen har også utvikla ein roseseremoni.

Medlemmane samlast i nærleiken av eit slakteri, og har med seg ei rose som symboliserer «sorg og det uskuldige blodet som blir spilt».

– Han er unik og verdifull for oss.

Publisert 12.05.2025, kl. 14.38 Oppdatert 12.05.2025, kl. 14.42

Read Entire Article