Dagane blir stadig mørkare og desember er berre nokre veker unna.
Nyleg bestemte Amarjit Singh seg for at det var på tide å få opp julelysa utanfor bustaden på Nøtterøy. Det blei meir dramatisk enn han hadde sett for seg.
Tenkjer du på branntryggleik når du pyntar til jul?🎄
Kort tid etter at lysa var kopla til ein stikkontakt under terrassen, merka Singh ei mistenkeleg lukt. Så oppdaga han ein liten flamme.
– Eg henta eit pulverapparat og fekk sløkt det.
Blei redd
Lysa blei kjøpte i fjor. Singh reknar med at dei hadde vore på i rundt 20 minutt da han oppdaga brannen.
– Både elektrikaren og brannvesenet har sagt at adapteren kan ha vore fuktig.
Han er glad for at han oppdaga brannen tidleg.
– Først blei eg redd, men det gjekk over. Det var litt skummelt.
Alle naudetatane rykte ut til brannen på Nøtterøy. Heldigvis blei ingen skadde.
– Hadde han skjedd på eit anna tidspunkt og fått ordentleg tak i bjelkelaget kunne han fått eit heilt anna utfall, seier brannmeister Rune Loraas i Vestfold interkommunale brannvesen.
Anbefaler årleg sjekk
Brannar som startar i julebelysning er ikkje eit ukjent fenomen, seier Christian Heyerdahl. Han er avdelingsleiar i Det lokale eltilsynet i nettselskapet Lede.
– Hovudsakleg fordi det blir brukt gammalt utstyr som ikkje er i god nok stand.
Han anbefaler pynt med CE-merking og seier det er viktig at alle lys som blir brukte utandørs er godkjent for slik bruk.
Utstyret bør sjekkast for skadar kvar gong det blir pakka opp og ned, seier Heyerdahl. Følgande teikn kan tyde på at det er på tide å byte ut lyspynten:
- Tørre og sprø leidningar
- Skadar på isolasjonen
- Svimerke og andre teikn på varmgang
Skal sjå heilt og fint ut
Leidningar til lyspynt bør aldri ligge i klem i dør- og vindaugskarmar, seier Heyerdahl.
I tillegg meiner han det er viktig at pynten blir oppbevart på rett måte når han ikkje er i bruk.
– Den bør plukkast ned og lagrast inne. Gjerne i originalforpakning i eit tørt miljø.
Han seier ein i utgangspunktet kjem langt med sunn fornuft.
– Sjekk at utstyret er i orden, og at det ser fint og heilt ut.
Anbefaler ledlys
Meir enn 20 prosent av bygningsbrannane Vestfold interkommunale brannvesen har rykt ut til sidan 2016, har starta i elektrisk utstyr.
Brannsjef Jan Helge Kaiser trur dei fleste merkar at straumforbruket aukar på denne tida av året. Han forstår godt at mange liker å pynte med lys.
– Det gir stemning, er fint å sjå på og gir trivsel i mørketida.
Brannsjefen seier dei anbefaler folk å redusere bruk av skøyteleidningar, og til å nytte ledlys i størst mogleg grad.
– Dei gir lite varme og trekker lite straum.
Publisert 20.11.2024, kl. 05.27