Fem dagar før valet reiser både Kamala Harris og Donald Trump vestover for å vinne veljarar i vippestatane Nevada og Arizona.
Innvandring og grensekontroll vert sentrale tema når presidentkandidatane prøver å nå ut til latinamerikanske veljarar.
Ein veljargruppe som utgjer 25 prosent av veljarane i Arizona og 20 prosent i Nevada, ifølgje amerikanske Pew Research Center.
Latinamerikanarar har tradisjonelt vore meir på linje med Demokratane, men den siste tida har målinga vist ei tydeleg dreiing i republikansk retning.
Lokka med Jennifer Lopez
Harris heldt valkampkonsertar i Phoenix i Arizona og Las Vegas i Nevada. I tillegg tala ho i byen Reno i Nevada.
Med popstjerne og skodespelar Jennifer Lopez lokka ho veljarar med latinamerikansk bakgrunn over til Demokratane på scena i Las Vegas.
Lopez støtta Harris offentleg etter komikaren Tony Hinchcliffe kalla Puerto Rico ein «flytande søppeløy» under Trumps valmøte i Madison Square Garden i New York City søndag.
I tillegg spelte banda Los Tigres del Norte og Maná, begge har røter frå Mexico.
Trump heldt valmøte i Demokratisk stat
I tillegg til valmøte i Nevada og velgjerdsarrangement i Arizona besøkte Trump byen Albuquerque i New Mexico – ein stat som ikkje har hatt republikansk fleirtal sidan 2004.
Det er første gong han besøker staten sidan valkampanjen i 2020.
I valkampmøte i Albuquerque spurde han dei frammøte om dei føretrekkjer å bli kalla for «Latinos» eller «Hispanics».
Målingar i New Mexico tyder på at Harris har fleirtal, men Trump forsøkte å vinne støtte frå latinamerikanske veljarar der.
– Eg elskar hispanics. Dei er hardtarbeidande, sa Trump, som tidlegare denne veka møtte motreaksjonar frå puertoricanarar etter ein rasistisk kommentar frå ein oppvarmingstala på eit valmøte som hadde kalla «flytande øy av søppel».
– Dei er varme – nokre gonger er dei for varme, om du vil vite sanninga, sa han.
I Nevada satsar Trump på at frustrasjonar over Biden- og Harris-administrasjonen sin innvandringspolitikk vil svinge grensestaten Arizona tilbake i hans favør etter at Biden slo Trump der i 2020.
Publisert 01.11.2024, kl. 06.29 Oppdatert 01.11.2024, kl. 06.33