Ivar Aasen-museum er «erotisk», ifølgje Snapchat

5 months ago 43


HEITT: På Snapchat-kartet står det at Aasentunet på Sunnmøre er eit «erotisk museum». Foto: Nynorsk kultursentrum / Espen Moe Breivik

Nynorsk er tydelegvis ikkje usexy ...

  • Bilde av Espen Moe Breivik
På Snapchat mandag 24. juni kl. 10:07

Mellom bakkar og berg ut mot havet, nærmare bestemt Hovdebygda i Ørsta, der ligg Aasentunet. Eit opplevingssenter for nynorsk skiftkultur, på fødestaden til Aasen.

Og ifølgje Snapchat-kartet er staden eit «erotisk museum».

– Vi har dessverre litt lite fokus på erotikk. Men det er jo relevant i både språk, poesi og litteratur, så kanskje vi skulle hatt meir, seier direktør Olav Øyehaug Opsvik.

Men er museet meir erotiske enn dei sjølv vil innrømme? Dette har vi undersøkt vidare.

TETT PÅ: Underbuksa til venstre var Ivar Aasen si. Som Nynorsk kultursentrum har teke vare på i samlinga si. Dei sel moderne boksarar og sports-bh. Foto: Ragnar H. Albertsen / Skjermdump frå nynorsk.no

BH, underbukse og kondomar

Lokalavisa Møre-Nytt har alt starta spekulasjonane.

Noko av det som sel godt i museumsbutikken er nemleg ein sports-bh og Aasen-boksar.

– Denne er inspirert av ei inventarliste, der Aasen berre hadde pakka éi underbukse på ei av dei lange turane han la ut på, forklarar Opsvik.

Det er ikkje dei einaste intime objekta vi finn på Aasentunet.

Her er det også kondomar frå Norsk målungdom, med sitat frå ordtaka Aasen samla inn.

«Når fantestaven er vorten varm i handi, so er han ikkje god å sleppa», er eit av dei.

GRESK: Erotisk kjem frå greske «erotikos» ‘som gjeld kjærleikslivet’. For eksempel erotiske kjensler, litteratur eller erotisk tolking av dikt.

– Kan få blodet til å bruse

Men kor erotisk er historia til Ivar Aasen eigentleg? Overraskande lite.

– Ein seier at kvinnene i livet til Aasen var få og stort sett på avstand, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

Han har fått med seg komedien «Spynorsk - the musical» på Det norske teater, som spekulerer i om Aasen hadde ein «alveflørt» i Innlandet eller kanskje kunne vere homofil.

– Vi veit jo ikkje heilt kva han heldt på med då han var rundt.

HOMO? Den tilsynelatande manglande erotikken i Ivar Aasen sitt liv er ein del av humoren i «Spynorsk - the musical» på Det Norske Teater, med Frank Kjosås som Aasen. Are Kalvø og Ingrid Bjørnov står bak komedien. Foto: Ole Herman Andersen

Trass i manglande erotiske skildringar i historiebøkene:

– Ivar Aasen får blodet til å bruse hos mange, seier Hauge.

Brukarstyrt Snapchat

Sjølve årsaka til at Aasentunet var registrert som erotisk har ikkje VG kome til botns i, men direktøren har ein idé.

– Eg kan berre spekulere, men slikt er gjerne brukarstyrt. Vi har mange skuleklasser innom, og det kan hende nokon av elevane har hatt det litt gøy.

Etter at saka fekk merksemd i pressa har kategorien blitt endra til «museum». Opsvik er likevel nøgd med merksemda.

– Nynorsk er eit framifrå språk for erotikk. Alt blir meir sexy med nynorsk, seier han.

Og med det får han siste ord.

Read Entire Article