Ei kjelde i FNs fredsbevarande styrke i Libanon (UNIFIL) stadfester overfor NRK at basen deira sør i Libanon har blitt skoten mot av israelske styrkar.
Det var Reuters som først siterte ei ikkje namngitt kjelde om at israelske styrkar har opna eld mot tre ulike UNIFIL-posisjonar.
Ifølge kjelden NRK har snakka med, skal det mellom anna dreie seg om eit vakttårn på basen.
Det skal ha skjedd rett nord for grensa til Israel, ved UNIFILs hovudkvarter sør i Libanon, i Naqoura.
Reuters kjelde har ikkje oppgitt kva slags type eld det dreier seg om, eller når det skjedde.
To skal vere lettare skadde, ifølge ei kjelde i UNIFIL til Al Jazeera.
Førre veke sa UNIFIL i ei fråsegn at Israel hadde bedt dei om å flytte på styrkane sine. UNIFIL responderte med at dei ikkje ville etterfølge kravet.
Det israelske forsvaret har ikkje svart på NRKs førespurnad om situasjonen.
Den fredsbevarande styrka blei oppretta av Sikkerheitsrådet i 1978, som følge av Israels invasjon av Sør-Libanon same år.
Formålet var å sikre at Israel trekte seg ut av området, og å hjelpe Libanon med å få gjenopprette kontrollen av området.
Israel trekte seg ikkje ut av området før 22 år seinare, i år 2000. På grunn av uro ved grensa bestemte UNIFIL seg for å bli verande for å patruljere grensa mellom dei to landa.
Publisert 10.10.2024, kl. 13.25 Oppdatert 10.10.2024, kl. 13.34